Saroniabukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satellittbilete som viser Saroniabukta.

Saroniabukta (gresk Σαρωνικός κόλπος, Saronikós kólpos) eller Éjinabukta er ei bukt i Egearhavet i Hellas, som utgjer den austlege sida av Korinteidet. Den austlege enden av Korintkanalen, som går gjennom eidet, munnar ut i bukta. Dei saroniske øyane, som ligg i bukta, er mellom anna Salamína, Agístri, Éjina og Póros, i tillegg til mindre øyar som Pátroklos og Psyttália. Hamna Pireus, som òg er Aten si hamn, ligg i den nordaustlege enden av bukta. Strender utgjer mykje av kysten frå Póros til Epídavros, frå Galatáki til Kinéta, frå Mégara til Elevsína og frå Pireus ned til Anávyssos. Athen sitt storbyområde ligg rundt den nordlege og austlege kysten av bukta.

Av viker i bukta finn ein Fálirobukta nær Fáliro sørvest for Athen, Elevsínabukta i nord og Kekhriésbukta i nordvest.

I sørvest ligg fjellområdet Krommyonía ved Korinteidet, øyane Éjina og Póros og den vulkanske halvøya Méthana . Méthana er det yngste, aktive vulkansenteret og den nordvestlege enden av den kykladiske bogen av aktive vulkanar som øyane Mílos, Santoríni og Nísyros. Det siste utbrotet fann stad i ein undersjøisk vulkan nord for Méthana på 1600-talet. Forkastingar dominerer særleg i den nordvestlege delen av bukta.

Nord i bukta ligg det fleire raffineri, hovudsakleg i den nordlege delen, mellom anna aust for Korint og vest for Áji Theódori, ved Elevsína, Asprópyrgos, Skaramagás og Keratsíni. Den totale produksjonen til desse er den høgaste i Hellas. Desse raffineria er dei største bidragsytarane til oljeproduksjon for Athen og resten av Hellas. Det meste av olja vert eksportert, og oljetankarane kryssar sundet mellom Salamína og Pérama.

Namnet kjem frå den mytologiske kongen Saron, som drukna i innsjøen Psifaei (i dag kalla Psífta). Saroniabukta var ein av seks inngangar til dødsriket. Kvar av desse vart vokta av ktoniske fiendar i form av røvarar og bandittar.

Slaget ved Salamis endra utviklinga av Europa fram til i dag.

Tilløp[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 37°40′57″N 23°36′00″E