Dei saroniske øyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dei saroniske øyane er ei øygruppe i Saroniabukta, like utanfor det greske fastlandet. Dei største av dei busette øyane i gruppa er Salamína (der den gamle greske marinen slo persarane i slaget ved Salamis), Éjina, Agístri og Póros. Øyane Ýdra og Dokós, som ligg utanfor den nordaustlege enden av Peloponnes (teknisk sett mellom Saroniabukta og Argolikósbukta) og Spétses, som ligg i Argolikósbukta, vert òg ofte rekna til Dei saroniske øyane. Stundom blir den noko meir presise neminga Dei argosaroniske øyane brukt når desse øyane blir rekna med.

Administrativt høyrer dei til periferieininga Øyane i periferien Attikí. Denne periferieininga omfattar òg den austlege spissen av Peloponnes og øya Kýthira, som tradisjonelt blir rekna til Dei joniske øyane.

Mange grekarar frå fastlandet har feriehus på Dei saroniske øyane. Det går mange ferjesamband frå Pireus og Peloponnes.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]



Dei saroniske øyane

Salamína • Psyttália • Éjina • Agístri • Póros • Ýdra • Dokós • Spétses • Spetsopoúla