Aristarkh Lentulov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vasilijkatedralen, 1913

Aristarkh Vasiljevitsj Lentulov (russisk; Лентулов, Аристарх Васильевич), (4. januar 188215. april 1943) var ein framståande russisk avantgarde-målar inpsirert av kubismen, som også laga kulissar til teateroppsetjingar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Aristarkh Lentulov vart fødd i byen Nizjnij Lomov nær Penza. Faren var landsbyprest. Aristarkh studerte kunst ved kunstskular i Penza og i Kiev frå 1897 til 1905, og deretter fekk han i 1906 privatundervisning hos Dmitrij Kardovskij i St. Petersburg.

Han budde i Moskva frå 1909, og var der ein av grunnleggjarane av ei gruppe kunstnarar og utstillarar av avantgarde-kunst. Gruppa var aktiv fram til ho vart oppløyst i 1916.

Åra 1910 og 1911 studerte Lentulov ved ateliera Le Fauconnier og La Palette-akademiet i Paris. Under opphaldet vart han kjend med fleire franske samtidskunstnarar som Albert Gleizes, Jean Metzinger, Fernand Léger og Robert Delaunay. Etter å ha lært seg målings-prinsippa til fauvistane og kubistane, utvikla han sin eigen unike og fargerike målestil. Seinare, etter tilbakekomsten til Russland i 1912, øvde han stor innverknad på det som skulle verte russiske futurisme og i særleg grad kubofuturisme. Vasilij Kandinskij og Kasimir Malevitsj vart begge påverka av Lentulov.

Frå tida før oktoberrevolusjonen var Lentulov involvert i ulike teaterprosjekt, han var scenograf til oppsetjingar ved Kamernij-teatret (Dei lystige konene i Windsor, 1916) og til Aleksandr Skrjabins PrometheusBolsjoj-teatret i 1919.

I 1928 kom Lentulov med i Kunstnarforbundet for Moskva, der han møtte att kunstnarar som han hadde samarbeidd med i åra 1912-16. Han vart leiar for forbundet og starta undervise på den sovjetiske statens kunst og tekniske skule (VKhUTEMAS).

Lentulov døydde i Moskva og er gravlagd på gravlunden Vagankovo.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aristarkh Lentulov