Arlington County

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arlington County
County i USA
Land  USA
Stat Virginia
Del av Arlington–Alexandria–Reston metropolitan division, Washington metropolitan area
Areal 67 km²
Folketal 238 643 (1. april 2020)[1]
Kart
Arlington County
38°52′49″N 77°06′30″W / 38.880277777778°N 77.108333333333°W / 38.880277777778; -77.108333333333
Wikimedia Commons: Arlington County, Virginia

Arlington er eit fylke (county) i delstaten Virginia i USA, men vert ofte referert til som by.[2] Arlington ligg ved elva Potomac, tvers overfor Washington, D.C., og har i kring 239 000 ibuarar (2020).[3] Området fekk namnet Arlington County i 1920.[2]

Den nasjonale Æresgravlunden i Arlington (Arlington National Cemetery), med nær 400 000 graver, ligg mindre enn ein kilometer nord om The Pentagon. Der er fleire minnesmerke, mellom dei Den ukjende soldats grav og Minnesmerket over dei falne i andre verdskrigen.[2]

Forsvarsdepartementet i USA vert styrt frå bygningen The Pentagon, få hundre meter vest om Potomac. Staden huser også hovudkvartera til Defense Advanced Research Projects Agency (DARPA) og føretaka Boeing, Raytheon Technologies og den amerikanske greina til BAE Systems.[4]

Ronald Reagan Washington National Airport ligg i Arlington County.

Høgare utdanningsintitusjonar i Arlington er Marymount University, fleire campusar og forskingsprogram frå George Mason UniversityAntonin Scalia Law School, Schar School of Policy and Government og Jimmy and Rosalynn Carter School for Peace and Conflict Resolution, i tillegg til utdanningssenter for University of Virginia og Virginia Tech.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kolonitida[endre | endre wikiteksten]

Området som no utgjer Arlington County var del av Fairfax County i den britiske kolonien Virginia. Den britiske monarken gav landeigedommar i bytta mot politisk støtte og forsøk på utvikling av kolonien. Ein av dei han løyvde land til var Thomas Fairfax, som både Fairfax County og byen Fairfax har namn etter. Fylkesnamnet «Arlington» stammar frå Henry Bennet, earlen av Arlington, ein plantasje langs Potomacelva og Arlington House, familiehuset på denne eigedommen. George Washington Parke Custis, barnebarnet til fyrstedama Martha Washington, arva denne eigedommen i 1802.[5] Seinare tilfall han Mary Anna Custis Lee, kona til general Robert E. Lee.[6]

Hovudstadsområde[endre | endre wikiteksten]

Kart over det kvadratiske District of Columbia frå 1835.

Området høyrde fyrst til det føderale området som blei oppretta for å husa den nye hovudstaden i USA, District of Columbia (D.C.). Dette kvadratiske distriktet med sider på 10 mile (16 km) blei i perioden 1791–92 merka med grensesteinar kvar mile av Andrew Ellicott og fleire assistentar. Fjorten av desse steinane var i Virginia, og mange av dei står framleis.[7]

Arlington-området blei gjeve tilbake til Virginia i 1847, som del av Alexandria County. I 1870 blei Alexandria City skild ut frå resten av fylket, og i 1920 blei fylket døypt om til Arlington County.

2000-talet[endre | endre wikiteksten]

11. september 2001 flaug eit kapra fly inn i Pentagon.[2] 189 menneske døydde etter flystyrten, både folk som arbeidde ved Pentagon og alle som var ombord i flyet, medrekna dei fem kaprarane.[8] 11. september 2008 blei det opna eit minnesmerke for dei 184 offera like ved staden der flyet gjekk ned.[9]

Kjende folk[endre | endre wikiteksten]

Nokre kjende personar tilknytte Arlington er generalane Robert E. Lee og George S. Patton, astronauten John Glenn, visepresidenten Al Gore, musikarane Jim Morrison og Roberta Flack og skodespelarane Warren Beatty, Shirley MacLaine og Sandra Bullock.

Rosslyn i Arlington County

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Arlington (by i Virginia, USA)» i Store norske leksikon, snl.no.
  3. «U.S. Census Bureau QuickFacts: Arlington County, Virginia». www.census.gov (på engelsk). Henta 28. januar 2022. 
  4. «Raytheon moving global HQ to Arlington». Virginia Business (på engelsk). 7. juni 2022. Henta 21. juni 2022. 
  5. «Why Is It Named Arlington?». Ghosts of DC (på engelsk). 16. februar 2012. Henta 2. januar 2022. 
  6. «Will of George Washington Parke Custis». Nathanielturner.com. 29. juni 2008. Henta 4. november 2011. 
  7. «Boundary Stones of Washington, D.C.». BoundaryStones.org. Arkivert frå originalen 15. mai 2008. Henta 27. mai 2008. 
  8. «The National 9/11 Pentagon Memorial», U.S. Department of Defense (på engelsk), henta 24. april 2023 
  9. «The National 9/11 Pentagon Memorial: What to Know Before You Visit», U.S. Department of Defense (på engelsk), henta 25. april 2023 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Arlington County