Arne Hamarsland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Arne Hamarsland (fødd 24. juli 1933) er ein norsk, tidlegare friidrettsutøvar frå Fana, som tevla på mellomdistansane og seinare også på langdistansane. Han vart noregsmeister åtte gongar i tida mellom 1955 og 1963, seks gongar på 1500 m og to på 800 m. Hamarsland, som var medlem av IL Gular, hadde 1500 m som sin spesiadistanse og fekk kongepokalen under NM 1963. Han var nummer ni på 1500 m under sommar-OL 1960. Hamarsland representerte Noreg i 50 landskampar i friidrett.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Hamarsland vann si fyrste NM-medalje i 1953, då han med tida 3.57,4 tok bronsen, 2,2 sekundar bakom noregsmeisteren Terje Lilleseth. Året etter tok han sølv på same distansen, men var sjanselaus på å fylgje noregsmeisteren og kongepokalvinnaren Audun Boysen. Under NM 1955 i Oslo vann Hamarsland sitt fyrste NM-gull då han slo Terje Lilleseth på målstreken.

Frå noregmeisterskapen 1956 i Stavanger fekk Hamarsland med seg to medaljar, gull på 1500 m og bronse på 800 m. På 800-meteren fylgde han både NM-vinnaren Audun Boysen og Ulf Bertil Lundh så å seie til målstreken, kom i mål høvesvis to og ein tidels sekund bakom dei to. Boysen vart dobbeltvinnar på mellomdistansane under NM 1957 i Bergen, Hamarsland fekk sølv på 1500 m. Også i 1958 måtte Hamarsland ta til takke med sølvmedalje på 1500, då han vart slått i innspurten av Lundh.

Hamarsland vann 1500 m under NM både i 1959, -60 og -61, siste gongen fekk han kamp til målstreken av spurtsterke Thor Helland. Både i 1960 og -61 vart han dobbelmeister, då han også vann 800 m.

Han deltok på 1500 m under OL 1960 i Roma. Her hadde han ingen vanskar med å kvalifiserte seg til finalen, med tida 3.44,4 vart han nummer tre i heatet med stor margin. I sjølve finalen imponerte Herbert Elliott frå Australia, som med ny verdsrekord på 3.35,6 var i ei klasse for seg. Hamarsland kom i mål på 3.45,0 og vart nummer ni og sist i finalefeltet.

Under NM 1962 i Drammen vann Thor Helland spurten på 1500 m og viste Hamarsland til sølvplass, medan den seinare landskjende Tormod Hermansen fekk bronsen. Hamarsland kom tilbake året etter, då han i Trondheim vart noregsmeister med tida 3.44,9 og vann med over fem sekundars margin til juniorløparen Einar Førde. For dette løpet vart Hamarsland tildelt konmgepokalen.

Hamarsland tok nye sølvmedaljar under NM 1965 og NM 1966. I 1965 tapte han i innspurten både på 10 000 m, mot Thor Helland, og på 3000 m hinder mot Ole Ellefsæter. Året etter vart han på ny slått av Helland i innspurten under eit NM-løp, no på 5000 m.

Hamarsland sette tre norske rekordar på 1500 m, tre på ei engelsk mil og ein på 3000 m. Hans beste resultat på 1500 m, 3.39,8, oppnådd i 1958, stod som norsk rekord i ti år og var også nordisk rekord ei tid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Friidrott 61. Helsingborg 1961
  • Sportsboken, aktuelle årgangar