Moselle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For elva med same namn, sjå Mosel
Moselle
Våpenskjoldet til Moselle
Plassering
Plasseringa til Moselle i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 57
Region: Lorraine
Préfecture: Metz (To arrondissement, Metz-Ville og Metz-Campagne)
Sous-préfectures: Boulay-Moselle
Château-Salins
Forbach
Sarrebourg
Sarreguemines
Thionville (to arrondissement, Thinoville-Est og Thinoville-Ouest)
Arrondissement: 9
Kantonar: 51
Kommunar: 730
Président du conseil général: Philippe Leroy
Statistikk
Folketal Rangering 19.
 -1999 1 023 447
Folketettleik: 165/km²
Landareal¹: 6 216 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Moselle er eit departementet nordaust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Lorraine, og er kalla opp etter elva med same namn (vert vanlegvis kalla Mosel på norsk).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Moselle er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Lorraine.

I 1793 vart dei utanlandske enklavane Manderen, Lixing-lès-Rouhling, Momerstroff og Créhange (Kriechingen), som alle høyrte til Det tysk-romerske riket, annektert av Frankrike og vart ein del av departementet Moselle.

Med Paristraktaten i 1814 etter det første tapet til Napoleon I då han sa frå seg trona, måtte Frankrike sei frå seg nesten alle områda dei hadde erobra sidan 1792. I nordaust av Frankrike vart derimot ikkje grensene ført tilbake til slik dei var i 1792, men det vart teikna opp nye grenser for å gjere ein slutt på dei innvikla grensene i området med alle eksklavane og enklavane. Som følgje av dette vart den franske eksklaven Tholey (i dag i Saarland i Tyskland) og eit par kommunar nær Sierck-les-Bains avstått til Austerrike. Områda som Frankrike hadde annektert i 1793 vart derimot stadfesta og godkjend. Frankrike fekk dermed større område godkjend enn det måtte avstå til Austerrike. Alle desse nye områda vart ein del av Moselle.

Då Napoleon kom tilbake og tapte sitt siste slag i slaget ved Waterloo var Wienkongressen i 1815 mykje strengare med Frankrike, og Frankrike fekk berre Tholey og kommunane rundt Sierck-les-Bains som avtalt i 1814, medan dei sørlege områda av Sarre vart trekt tilbake. I tillegg måtte Frankrike avstå området Rehlingen (i dag i Saarland) og den strategiske festningsbyen Saarlouis med områda rundt. Alle desse områda hadde vore ein del av Frankrike sidan 1600-talet, og ein del av Moselle sidan 1790. Mot slutten av 1815 gav Austerrike alle desse områda til Preussen, og det var frå desse områda Preussen invaderte Frankrike i den fransk-prøyssiske krigen i 1870-1871.

Så mot slutten av 1815 hadde Moselle grensene departementet hadde fram til 1871, noko mindre enn i 1790. Mellom 1815 og 1871 hadde departementet eit areal på 5 387 km². Préfecture (administrasjonsstad) var Metz og det hadde fire arrondissement.

Etter at Frankrike tapte den franske-prøyssiske krigen i 1870-1871, vart nesten heile Moselle i lag med Alsace og delar av departementa Meurthe og Vosges annektert av Tyskland etter Frankfurttraktaten med bakgrunn i at innbyggjarane i desse områda stort sett snakka tyske dialektar. Berre ein femtedel av Moselle vart verande i Frankrike. Bismarck angra seinare på at han ikkje tok heile Moselle då det viste seg at området vart rikt på jernmalm. Moselle eksisterte dermed ikkje lenger frå 1871, og dei tidlegare områda vart ein del av Elsaß-Lothringen. Det gjenverande franske området vart slått saman med departementet Meurthe, som danna det nye departementet Meurthe-et-Moselle med Nancy som préfecture.

Med fransk siger etter den første verdskrigen vart Alsace-Lorraine ført tilbake til Frankrike i 1919 etter Versaillestraktaten. Ein valde derimot å la det nye departementet Meurthe-et-Moselle vere i fred, og den delen av Moselle som vart annektert av Tyskland i 1871 vart slått saman med den tredjedelen av Meurthe som òg den gongen vart annektert av Tyskland, og dei danna det nye departementet Moselle.

Det nye departementet hadde no eit areal på 6 216 km², større enn den gamle utgåva fordi områda rundt Château-Salins og Sarrebourg var langt større enn områda rundt Briey og Longwy, som no låg i Meurthe-et-Moselle.

Under den andre verdskrigen vart Moselle ein del av Gau Westmark etter våpenkvilen 22. juni 1940. Adolf Hitler rekna Moselle og Alsace som ein del av Tyskland.

Moselle vart frigjeve av den amerikanske hæren i 1944 og returnert til Frankrike med dei same grensene som i 1919. Som følgje av desse tyske annekteringane er folkesetnaden i Moselle kjend for å vere svært franskpatrioitiske og hadde negative kjensler mot Tyksland mykje lenger enn resten av Frankrike, trass i at innbyggjarane i Moselle opphavleg snakka tyske dialektar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Departementet er i dag ein del av regionen Lorraine og grensar til departementa Meurthe-et-Moselle og Bas-Rhin, i tillegg til Tyskland (Saarland og Rheinland-Pfalz) og Luxembourg i nord.

Dei viktigaste elvane i departementet er:

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Mosellans.

Innbyggjartalet har halde seg relativt stabilt etter den andre verdskrigen og ligg no i overkant av 1 million. Det meste av folkesetnaden bur rundt Metz og langs elva Moselle.

Ein større minoritet av innbyggjarane (mindre enn 100 000) snakkar ein tysk dialekt kalla platt lorrain eller Lothringer Platt (sjå rheinfransk).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Moselle