Asbjørnsen og Moe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Norske Folke og Huldre-Eventyr (Andre opplaget frå 1896.)

Namneparet Asbjørnsen og Moe er blitt synonymt med norske folkeeventyr. Peter Christen Asbjørnsen og Jørgen Moe var to eventyrsamlarar som leita opp, skreiv ned, tolka og gav ut eventyr tidleg på attenhundretalet. Resultatet blei ei tjukk samling av eventyr med mange likskapar til andre indoeuropeiske forteljingar, men med norske særdrag.

Dei to trefte kvarandre på Norderhov (gamle) prestegard i 1826, der dei begge var blitt sende for å gå på eit artiumsførebuande kurs halde av prosten Støren. Asbjørnsen og Moe oppdaga at dei hadde ei felles interesse for folkediktinga i landet. I 1830-åra byrja dei å reisa rundt og samla inn stoff. Det meste høyrde dei i innlandsbygdene på Austlandet, men særleg Moe drog òg lenger. Dei klarte å vitja store delar av Sør-Noreg, frå fjorddalar til høgfjellsbygder.

Dei to kunne reisa saman, men for å dekka eit størst mogleg område skilde dei oftare lag. Dei hadde òg ulike interessefelt; Asbjørnsen likte best soger og folketru, medan Moe satsa på folkeviser. Men eventyra brann dei for, begge to. Asbjørnsen førtetrekte kortare skjemteeventyr, medan Moe såg etter undereventyr og kristne legender.

Asbjørnsen og Moe var ein del av den norske nasjonalreisinga. Dei leita etter ein særnorsk kulturskatt, og var særleg interesserte i gamle dialektord og anna som gjorde eventyra dei fann typisk norske. I utgjevingane deira var likevel eventyra skrive på dansk, men med mange norske ord som mykje danna folk på den tida såg på som vulgært.

Samlinga Norske folkeeventyr blei gjeven ut i åra frå 1841 til 1844 og blei seinare omsett til fleire språk. Ho blei då, og er framleis, sett på som eit viktig bidrag til komparativ mytologi i Europa.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]