Aust-Thrakia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 41°9′13″N 27°22′0″E

Aust-Trakhia (blue) i Marmararegionen.

Aust-Thrakia (tyrkisk Doğu Trakya eller berre Trakya; bulgarsk Източна Тракия, Iztotsjna Trakiya; gresk Ανατολική Θράκη, Anatolikí Thráki), òg kjend som Tyrkisk Thrakia, er den delen av det moderne Tyrkia som geografisk ligg i Europa, i den austlege delen av det historiske området Thrakia. Resten av Tyrkia ligg hovudsakleg i Anatolia, òg kjend som Vesleasia. Tyrkisk Thrakia vert òg kalla Europeisk Tyrkia. Området omfattar det historiske sentrumet av İstanbul (Konstantinopel i mellomalderen), samt byar som Edirne (tidlegare hovudstad i Det osmanske riket), Tekirdağ, Çorlu, Lüleburgaz og Kırklareli.

Området dekkjer 23 764 km2 (3 % av landet) og har kring 10 millionar innbyggjarar (kring 12 % av landet). Aust-Thrakia er fråskild resten av Tyrkia med Dardanellane, Bosporos og Marmarahavet. Den sørlegaste delen av Aust-Thrakia er halvøya Gallipoli. Aust-Thrakia grensar til Hellas i vest og Bulgaria i nord, medan Egearhavet ligg i sørvest og Svartehavet i nordaust.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]