Bosporos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satellittbilete av Bosporos, tatt frå Den internasjonale romstasjonen i april 2004

Bosporos (gresk: Βόσπορος, tyrkisk: Boğaziçi) er sundet som utgjer ein del av grensa mellom Europa og Asia. Det er ein internasjonal skipsferdelsveg som deler byen Istanbul mellom dei to verdsdelane, og knyter Svartehavet med Marmarahavet. Ca. 200 km mot sørvest ligg det andre sundet i Tyrkia som skil Europa frå Asia, Dardanellane. Dardanellane set Marmarahavet i samband med Egeerhavet og dermed med Middelhavet.

Grensene for Bosporos er definerte som linja mellom fyra Rumeli Feneri og Anadolu Feneri i nord og mellom Ahırkapı Feneri og Kadıköy İnciburnu Feneri i sør. Mellom desse grenselinjene er sundet 31 kilometer langt, med ei breidde på 3329 meter ved den nordlege inngangen og 2826 m ved den sørlege. Maksimal breidde er 3420 m mellom Umuryeri og Büyükdere Limani, og den minimale breidda er 700 m mellom Kandilli Point og Aşiyan. Ved sistnemnde staden har sundet ei retningsendring på 45 grader og her kan straumen kome opp i ei fart på 7-8 knop. Dette er derfor eit særs farleg punkt for skipsnavigasjonen. Ved Yenikoy, er retningsendringa heile 80 grader. Skipa som trafikkerer her frå motsett retning kan ikkje sjåast rundt desse svingane i sundet. Det er òg svært tung ferjetrafikk i Bosporos, trafikk som kryssar mellom den europeiske og asiatiske sida av Istanbul.[1]

Djupna av Bosporos varierer i området 36-124 m midtstraums med eit gjennomsnitt på 65 m. Den største djupna er mellom Kandilli og Bebek med 110 m. Dei grunne stadene er utanfor Kadıköy İnciburnu på nordkurs med 18 m og ved Aşiyan Point på sørkurs med 13 m.[1]

Kysten av sundet er tett folkesett ettersom det er en del av byen Istanbul med samla i overkant av 11 millionar innbyggjarar.

Namnet kjem frå gresk Bosporos (Βόσπορος),[2] som dei gamle grekarane analyserte som bous βοῦς 'okse' + poros πόρος som tyder 'vadestad'.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Türk Boğazları ve Marmara Denizi'nin Coğrafi Konumu-İstanbul Boğazı» (på Turkish). Denizcilik. http://www.denizcilik.gov.tr/tr/egitim/dugm/bogazlar.doc. Henta 2010-09-18.  Word-dokument på tyrkisk
  2. Entry: Mal:Polytonic at Henry George Liddell, Robert Scott, 1940, A Greek-English Lexicon.