Austamerikansk tuja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Austamerikansk tuja


Treet med sine typiske tulipanforma konglar
Treet med sine typiske tulipanforma konglar

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Pinopsida
Orden: Pinales
Familie: Cupressaceae
Underfamilie: Cupressoideae
Slekt: Thuja
Art: T. occidentalis
Vitskapleg namn
Thuja occidentalis

Austamerikansk tuja eller vanleg tuja er eit mellomstort eviggrønt tre med ei slank og kjegleaktig vekstform. Stomnen er rak og gjennomgåande til toppen. Hovudgreinene er vassrette og litt hengande. Borken er først lysegrøn, så vert han raudbrun, og til sist sprekk han opp i lange smale furer med avskalande strimlar i mellom. Knoppane er ikkje så synlege, og «lauvet» består av flate skotsystem med skjellforma nåler. Skjella er gulgrøne på begge sider, mest lyse under. Kvart av dei midte skjella har på undersida ein oppusta, gyllen, klar kjertel på den ytste tredjedelen. Hann- og hoblomstrar sit kvar for seg på spissen av ettårsskota. Konglane har form som bittesmå tulipanblomstrar. Dei er først lysegrøne, men vert raskt lysebrune. Frøa mognar godt og spirer villig i temperert klima.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Tujaen er pionértre på fuktig mark overalt i det midt-austlege USA og Canada. Treet finst vanleg på leirjord over kalkstein og dannar ofte reine bestandar på oppgjevne markar og enger på fuktige men veldrenerte jorder. Treet finst elles saman med eit titals andre treslag.

Variantar[endre | endre wikiteksten]

Sortar
  • Thuja occidentalis 'Brabant'
  • Thuja occidentalis 'Colombia'
  • Thuja occidentalis 'Danica'
  • Thuja occidentalis 'Elegantissima'
  • Thuja occidentalis 'Falke'
  • Thuja occidentalis 'Fastigiata'
  • Thuja occidentalis 'Globosa'
  • Thuja occidentalis 'Golden Globe'
  • Thuja occidentalis 'Holmstrup'
  • Thuja occidentalis 'Holmstropii'
  • Thuja occidentalis 'Little Champion'
  • Thuja occidentalis 'Little Giant'
  • Thuja occidentalis 'Pyramidalis Aurea'
  • Thuja occidentalis 'Recurva Nana'
  • Thuja occidentalis 'Rheingold'
  • Thuja occidentalis 'Smaragd'
  • Thuja occidentalis 'Smaragd Variegata'
  • Thuja occidentalis 'Sunkist'
  • Thuja occidentalis 'Tiny Tim'
  • Thuja occidentalis 'Woodwardii'
  • Thuja occidentalis 'Yellow Ribbon'

Kjelder[endre | endre wikiteksten]