Austavind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The East Wind av Edward Wadsworth.

Austavind er ein vind som kjem frå aust og blæs i ein vestleg retning. Denne vinden er knytt til symbolisme i ulike typar kultur, mytologi, poesi og litteratur.

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

Avbilding av Eurus

I kinesisk kultur blir austavinden (东风, dongfeng) ofte brukt som ein metafor for drivkrafta eller impulsen til revolusjon og framgang. Folkets frigjeringshær brukar «Austavind» (Dongfeng) som namn på sin taktiske missilserie.

I gresk mytologi var Eurus, austavinden, den einaste vinden som ikkje var tilknytt ei av dei tre gresk årstidene. Eurus er òg den einaste av dei fire Anemoi som ikkje er nemnd i Theogonien til Hesiod eller i orfiske hymnar.

I romersk mytologi var austavinden representert av Vulturnus.

I den nordamerikanske irokesarkulturen blir austavinden sagt å bli ført av O-yan-do-ne, elgånden.[1] Pusten hans sender grå tåke og kaldt regn til jorda.

Det gamle testamentet har rundt sytten referansar til austavinden. I 1. Mosebok, kapittel 41, skildrar Farao ein draum, som Josef tolkar, om sju år med korn som blir blåse bort av austavinden. I 2. Mosebok kapittel 10 og 14 kallar Moses på ein austavind til å føra ut grashoppene som plager Egypt og til å dela Raudehavet slik at israelittane kan rømme frå faraohæren. Det finst nokre andre referanser som gjerne knyter austavinden til øydelegging. Ofte er dette Gud si øydelegging av syndarar.[2]

Innan islam har austavinden, sabā, religiøs tyding ettersom han skal ha hjelpt profeten Muhammad i slaget ved diktet,[3] og er ofte nemnd i Koranen.

I litteraturen[endre | endre wikiteksten]

I Hans Christian Andersen sitt eventyr «Paradisets have» (fyrst gjeve ut i 1839) er det austavinden som tek med seg helten for å vitja dette paradiset.

Vinden symboliserer endringar i P.L. Travers sin serie om Mary Poppins (publisert 1934-1988). Mary Poppins kjem til familien Banks ved hjelp av austavinden, men åtvarer barna om at ho berre vil bli til vinden endrar retning. I slutten av boka fører vestavinden henne vekk.

Arthur Conan Doyle si Sherlock Holmes-historie «His Last Bow» (publisert i 1917, men føregår i 1914) endar med at Holmes vender seg til assistenten sin doktor Watson like før utbrotet av den fyrste verdskrigen:  

« "There's an east wind coming, Watson."

"I think not, Holmes. It is very warm."

"Good old Watson! You are the one fixed point in a changing age. There's an east wind coming all the same, such a wind as never blew on England yet. It will be cold and bitter, Watson, and a good many of us may wither before its blast. But it's God's own wind none the less, and a cleaner, better, stronger land will lie in the sunshine when the storm has cleared."

»

Denne talen blei brukt i slutten av Basil Rathbone sin Holmes-film Sherlock Holmes and the Voice of Terror, denne gongen med referanse til den andre verdskrigen. I den nyare BBC-serien Sherlock er systera til Holmes, Eurus Holmes, oppkalla etter Eurus, guden for austavinden.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Austavindar
Andre vindar
Anna

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hall, Tim. «The Mighty and Mysterious Gods and Goddesses of Wind». Henta 24 August 2020. 
  2. Gen. 41:6, 23, 27; Ex. 10:13; 14:21; Job 15:2; 27:21; 38:24; Ps. 48:7; 78:26; Isa. 27:8; Jer. 18:17; Ezek. 17:10; 19:12; 27:26; Hosea 12:1; 13:15; Jonah 4:8; Hab. 1:9
  3. al-Buḫārī. Ṣaḥīḥ al-Buḫārī, Kitāb Aḥādīṯ al-anbiyāʾ.