Aust

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Aust (øst eller ost vert òg nytta til tider) er ei av dei fire himmelretningane, kompassretningane eller verdshjørna og kan forkortast med ein av bokstavane A (nynorsk), Ø (bokmål og dansk), O (Tidlegare stava ein ordet ost) eller E (engelsk). Ho er motsett av vest og har rette vinklar til nord og sør. Ordet aust er i slekt med dei norrøne orda aurora (morgonraude) og aurum (gull) som ein referanse til soloppgangen.

Aust er retninga jorda roterer om sin eigen akse. Difor er det òg i den retninga at ein ser soloppgangen på eit av jamdøgera (vårjamdøgn eller haustjamdøgn), eller heile året om ein er på ekvator. Ein annan konsekvens er at det er den føretrekte retninga for romutskytningar, grunna innsparingar på delta v.

Dersom ein dreg rett aust, fylgjer ein ein breiddegradssirkel, som dersom ein ser vekk frå ekvator, ikkje er ein storsirkel.

  • På kompasset er aust gitt ved retninga 90 grader eller 100 gon
  • På ein flyplass vil ei austvendt landingsbane ha nummer 09 etter kursen til det landande flyet (090°)
  • Dersom ein er vendt nord, er aust til høgre

Kyrkjene har som regel koret vendt mot aust, og mange ynskjer å gravleggjast slik at kista sin hovudende er vendt mot det som er rekna som den heilage retninga, aust.

Tradisjonelt har ein nytta ordet Østen om den delen av verda som er aust for Europa, med andre ord Asia. Midt-Austen er den delen av Asia som er nærast og er hovudsakleg landa hitom India. Fjerne austen er landa lengst aust i Asia, hovudsakleg Kina, Japan og Korea.

I Europa er Aust-Europa ofte rekna som dei landa som låg bak jernteppet.

I USA er Austkysten eit namn på dei statane som ligg langs den austlege kysten.

I Noreg er Austlandet ein av dei fem landsdelane.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]