Avallon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Avallon
Hovudgata i Avallon
Hovudgata i Avallon
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Bourgogne
Yonne
Geografi
Flatevidd
 - By

26,75 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

8 217
  307/km²
Koordinatar 47°29′″N 03°55′″EKoordinatar: 47°29′″N 03°55′″E
Høgd over havet 254 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 89200
Heimeside: www.ville-avallon.fr

Avallon er ein by og kommune sentralt i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Yonne i regionen Bourgogne. Byen har om lag 8 000 innbyggjarar

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Avallon ligg 55 km søraust for Auxerre, langs jernbanelinja mellom Paris og Lyon. Byen ligg på ei lita høgd og har vide gater og piktoreske promenadar. Like sør for byen renn elva Cousin.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Romarane hadde ein litne busetnad her kalla Aballo,[1] ein mutatio eller ein stasjon der ein hadde utkvilte hestar. To rosa marmorsøyler i kyrkja St-Martin du Bourg kjem opphavleg frå eit ukjend tempel. Den romerske festninga, som ligg på ein knaus over Cousindalen, har fått namnet Montmartre («Martyrfjellet»).

I år 470 forsvann (og sannsynlegvis døydde) den romano-britiske kongen Riothamus i Avallon etter å ha tapt eit slag mot gotarar, som den vestromerske keisaren Anthemius hadde leigd inn for å slåst for seg. Dette, og andre sider frå regjeringstida hans, har gjort han til ein mogeleg kandidat som den historiske Kong Arthur.

Avallon (Aballo) var i mellomalderen sete for eit visehertugdøme som hadde sjølvstende under hertugdømet Burgund. Då Karl I av Burgund døydde i 1477 kom byen under kongeleg styre.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Keltisk, «Epletre» ([1])

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Avallon