B.B. King
| Riley B. King | |
Riley B. King |
|
| Alias | B.B. King |
| Fødd | 16. september 1925 |
| Instrument | Gitar |
| Sjanger | Blues |
| Aktive år | 1949– |
| Plateselskap | Geffen Records |
| Nettside | Bbking.com |
Riley B. King (fødd 16. september 1925) eller B.B. King som han blir kalla, vart fødd i Itta Bann i Mississippi. Men flytta til Indianola etter kvart. Då han var liten lærte han seg å synge gospel. Presten lærte han å spele dei første gitarakkordar. Og han lærte meir av omreisande bluesgitarisar. B.B. King blir rekna som ein av dei største artistane innom bluesen og er kjent for å saman med gitaristen Lucille Gibson turnere mykje og ofte. Kings mest berømte låt er «The Thrill is gone».
B.B. King er ein av dei mest kjente bluesgitaristane i verda. King blir saman med Muddy Waters rekna som mellom dei mest stilbyggande bluesmusikarane og har påverka ei mengde moderea rockmusikarar som Eric Clapton og Jimi Hendrix.
Musiktidskriftet Rolling Stone ranka i 2003 B.B. King som den tredje største gitaristen genom tidena [1].
I ungdomen jobba han som gardsarbeidar og traktorførar. Og kvar einaste helg spelte han på lokale bluesbarar. Han og mora voks opp hos ein kvit plantasjeeigar, King elska å bruke tida sin saman med mora og bestemora. Etter mora døydde fekk han god kontakt med faren.
Gjennombrotet til King skjedde i 1949. Då spelte han inn fire låtar, men ingen av dei gjorde særleg stort inntrykk på afroamerikanske publikum. Men i 1951 hamna han i Sam Philips legendariske Sun Studio i Memphis. Ei av låtane hans, «Three O'Clock blues», førte til det store gjennombrotet. Låten låg på r&b-lista i 17 veker.
Kjelder [endre]