Eric Clapton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eric Clapton
Eric Clapton in concert.jpg
Clapton på konsert i München i Tyskland 5. juni 2010
Verkeleg namn Eric Patrick Clapton
Alias Slowhand
Fødd 30. mars 1945 (69 år)
Ripley i Surrey i England
Instrument Vokal, gitar
Sjanger Rock, bluesrock, blues, psykedelisk rock, hardrock
Aktive år 1962 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar, produsent
Tilknytte artistar The Yardbirds, John Mayall & the Bluesbreakers, Powerhouse, Cream, Free Creek, The Dirty Mac, Blind Faith, J.J. Cale, The Plastic Ono Band, Delaney, Bonnie & Friends, Derek and the Dominos, T.D.F.
Plateselskap Warner Bros., Reprise, Polydor, RSO, Atco, Apple, Deram[1]
Nettstad www.ericclapton.com
Kjende instrument
«Blackie»: Fender Stratocaster
«Brownie»: Fender Stratocaster
Gibson SG
Gibson ES-335
Gibson Les Paul

Eric Patrick Clapton (fødd 30. mars 1945) er ein engelsk gitarist, vokalist og låtskrivar. Clapton er den einaste musikaren som er innlemma tre gonger i Rock and Roll Hall of Fame: ein gong som soloartist, og to gonger som medlemmar av The Yardbirds og Cream. Clapton har vorte kalla ein av dei viktigaste og mest påverkande gitaristane gjennom tidene.[2] Clapton vart rangert på fjerdeplass på lista til Rolling Stone då dei kåra dei 100 største gitaristane gjennom tidene[3] og på lista til Gibson over dei 50 største gitaristane.[4]

På midten av 60-åra forlet Clapton the Yardbirds for å spele blues med John Mayall & the Bluesbreakers. I året han var med Mayall, fekk Clapton kallenamnet «Slowhand», og ein graffiti i London erklærte at «Clapton is God». Like etter han forlet Mayall, danna Clapton powertrioen Cream i lag med trommeslagar Ginger Baker og bassist Jack Bruce, der Clapton spelte lange bluesimprovisasjonar og «kunstferdig, blues-basert psykedelisk pop». Gjennom det meste 70-åra spelte Clapton musikk påverka av den rolege stilen til J.J. Cale og reggaemusikken til Bob Marley. Versjonen hans av Marley sin «I Shot the Sheriff» var med på å få reggaen ut til dei store massane.[5] To av dei mest populære songane hans er «Layla», spelt inn av Derek and the Dominos, og Robert Johnson sin «Crossroads», spelt inn av Cream. Han har motteke 17 Grammyprisar,[6] og i 2004 vart Clapton CBE for bidraga sine til musikken.[7] I 1998 grunnla Clapton, som var tidlegare alkohol- og heroinmisbrukar, Crossroads Centre på Antigua, ei medisinsk senter for tidlegare stoffmisbrukarar.[8]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Eric Patrick Clapton vart fødd i Ripley i Surrey i England, som son av den 16 år gamle Patricia Molly Clapton (f. 1929) og Edward Walter Fryer (f. 1920), ein 24 år gammal soldat frå Montreal i Quebec.[9] Fryer vart sendt ut i krigen før Clapton vart fødd og reiste heim att til Canada. Clapton voks opp hos bestemora, Rose, og den andre ektemannen hennar, Jack, og trudde dei var foreldra og mora hans ei eldre syster. Etternamnet deira var Clapp, noko som har ført til eit feilaktig inntrykk av at det verkelege etternamnet til Clapton er Clapp (Reginald Cecil Clapton er namnet til den første ektemannen til Rose, bestefaren til Eric Clapton på morssida).[10] Fleire år seinare gifta mor hans seg med ein annan kanadisk soldat,[11] og flytte til Canada, og etterlet den unge Eric med besteforeldra i Surrey.[12]

Clapton fekk ein akustisk Hoyer-gitar, laga i Tyskland, som gåve til 13-årsdagen sin, men det billige stålstrenga instrumentet var vanskeleg å spele på og han mista ei stund interessa, [12] før han to år seinare henta han fram igjen og starta å spele konstant.[12] Clapton var påverka av blues frå tidleg alder og øvde mange timar på å lære akkordane på bluesmusikken han hadde høyrt på, og spelte i lag med platene.[13]

Etter å ha slutta skulen i 1961, studerte Clapton ved Kingston College of Art, men vart sendt vekk mot slutten av semesteret fordi han fokuserte meir på musikk enn kunst. Gitarspelinga hans hadde vorte så pass avansert då han var 16 at folk byrja å legge merke til han.[14] På denne tida byrja Clapton som gatesongar kring Kingston, Richmond og West End of London.[15] I 1962 starta Clapton å spele i ein duett med bluesentusiasten David Brock i pubar kring Surrey.[14] Då han var 17 år gammal vart Clapton med i det første bandet sitt, ei tidleg britisk R&B-gruppe kalla The Roosters, der den andre gitaristen var Tom McGuinness. Han vart verande i dette bandet frå januar til august 1963.[16] I oktober same året spelte Clapton sju konsertar i lag med Casey Jones & The Engineers.[16]

1960-åra[endre | endre wikiteksten]

The Yardbirds og the Bluesbreakers[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå The Yardbirds og John Mayall & the Bluesbreakers.

I oktober 1963 vart Clapton med i The Yardbirds, eit blues-påverka rock and roll-band, og vart verande med dei fram til mars 1965. Med å blande påverknader frå Chicago-blues og leiande bluesgitaristar som Buddy Guy, Freddie King og B. B. King, skapte Clapton ein særeigen stil og vart raskt ein av dei mest omtalte gitaristane i det britiske musikkmiljøet.[17] Bandet spelte i starten bluessongar frå Chess/Checker/Vee-Jay og byrja å få ein stor tilhengjarskare som følgde dei, då dei tok over som hus-band etter Rolling Stones i Crawdaddy Club i Richmond. Dei turnerte England med den amerikanske bluesmannen Sonny Boy Williamson II; og spelte inn eit album i lag med han, i desember 1963, som vart gjeve ut seinare under namnet til dei begge, i 1965. I mars 1965, samstundes med at Clapton forlet bandet, fekk dei den første hitten sin, «For Your Love», der Clapton spelte gitar.

Det var i denne tida at rytmegitaristen i Yardbirds, Chris Dreja, hugsa at kvar gong Clapton sleit ein gitarstreng under ein konsert, så vart han verande på scenen for å skifte han. Det engelske publikummet sat og venta med å gjere det som vert kalla «langsam klapping» («slow handclap» på engelsk). Clapton fortalde den offisielle biografen hans, Ray Coleman, at «kallenamnet mitt 'Slowhand' kom frå Giorgio Gomelsky. Han gav meg det som eit bra ordspel. Han sa at eg spelte raskt, så han sette i saman orda i slow handclap til Slowhand som eit ordspel.»[18]

Han var musikalsk framleis via til bluesen og Clapton var imot at Yardbirds skulle gå mot ein meir pop-orientert stil, delvis fordi «For Your Love» vart skriven av den innleigde poplåtskrivaren Graham Gouldman, som òg hadde skrive hittar for tenåringsbandet Herman's Hermits, samt den radiovenlege musikken til The Hollies. Clapton anbefalte gitaristen Jimmy Page som erstattar, men Page var på denne tida motvillig til å gje opp den lukrative karrieren som frittståande studiomusikar, så Page anbefalte igjen etterfølgjaren til Clapton, Jeff Beck.[17] Sjølv om Beck og Page spelte samstundes i the Yardbirds, spelte aldri trioen Beck, Page og Clapton i lag i bandet. Trioen dukka derimot opp på ein 12 dagar lang turne til inntekt for forsking av multippel sklerose, samt på albumet Guitar Boogie.

Clapton vart så med John Mayall & the Bluesbreakers, i april 1965, men slutta nokre månader seinare. Sommaren 1965 reiste han til Hellas med eit band kalla The Glands, der den gamle venen Ben Palmer spelte piano. I november 1965 kom han attende til John Mayall. Det var i den andre perioden hans med Bluesbreakers at den lidskaplege spelinga hans gjorde Clapton kjend som ein av dei beste bluesgitaristane i klubbmiljøet. Sjølv om Clapton vart verdskjend for spelinga si på det viktige albumet Blues Breakers, vart ikkje dette albumet gjeven ut før etter Clapton hadde gått frå Bluesbreakers for godt. Han hadde bytta ut Fender Telecasteren sin og Vox AC30-forsterkaren med ein Gibson Les Paul Standard-gitar frå 1960 og Marshallforsterkar og stilen og spelinga til Clapton inspirerte den mykje publiserte graffitien med det kjende slagordet «Clapton is God». Uttrykket var spraymåla av ein tilhengjar på ein mur på ein undergrunnsstasjon i Islington hausten 1967. Graffitien vart fotografert med ein hund som urinerer på veggen. Clapton skal ha vore flau over slagordet og sa i The South Bank Show i 1987, «eg har aldri akseptert at eg var den største gitaristen i verda. Eg har alltid ønskt å vere den største gitaristen i verda, men det er eit ideal, og eg aksepterer det som eit ideal». Uttrykket byrja å dukke opp i andre område i Islington gjennom 1960-åra.[19]

Cream[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Cream.

Clapton gjekk frå the Bluesbreakers i juli 1966 (og vart erstatta av Peter Green) og starta Cream, ei av dei første supergruppene, med Jack Bruce på bass (frå Manfred Mann, the Bluesbreakers og Graham Bond Organisation) og Ginger Baker på trommer (eit anna medlem av the GBO). Før Cream vart danna, var ikkje Clapton særleg kjend i USA. Han forlet the Yardbirds før «For Your Love» vart ein hit på Topp 10 i USA, og hadde enno ikkje vore der og spela.[20] I tida si med Cream, byrja Clapton å utvikle seg som songar, låtskrivar og gitarist, sjølv om det var Bruce som song dei fleste songane og skreiv dei fleste songane i lag med tekstforfattaren Pete Brown.[17] Den første konserten til Cream var ein uoffisiell konsert i Twisted Wheel i Manchester den 29. juli 1966 før dei heldt ein full konsert to kveldar seinare i the National Jazz and Blues Festival i Windsor. Cream etablerte seg som varige legender med bluesjamming på høgt volum og lange soloar på konsertane sine.

Tidleg i 1967 fekk Clapton sin status som den beste gitaristen i Storbritannia konkurranse av Jimi Hendrix, ein acid rock-aktig gitarist som nytta skrikande feedback og effektpedalar for å skape nye lydar for instrumentet. Hendrix såg ein konsert med det nydanna Cream i Central London Polytechnic den 1. oktober 1966, der Hendrix gjekk på scenen med dei på ein rystande versjon av «Killing Floor», som gjekk dobbelt så raskt som vanleg. Dei store britiske stjernene Clapton, Pete Townshend, og medlemmar frå The Rolling Stones og The Beatles møtte så opp på dei første klubbkonsertane til Hendrix. Dette fekk umiddelbart ein stor effekt på den neste fasen i karrieren til Clapton, sjølv om Clapton framleis vart rekna som den beste gitaristen på britiske musikklister.

Clapton vitja først USA då han turnerte med Cream. I mars 1967 spelte Cream ni konsertar i RKO Theater i New York. Dei spelte inn Disraeli Gears i New York frå 11. til 15. mai 1967. Repertoaret til Cream varierte frå hardrock («I Feel Free») til lange blues-baserte instrumentale jammar («Spoonful»). Disraeli Gears hadde med Clapton på brennande gitarlinjer, den høgtflygande vokalen og den flytande basspelinga til Bruce og den mektige, polyrytmiske og jazz-aktige tromminga til Baker. I lag sikra talenta til Cream at dei vart ein påverkande powertrio.

I løpet av 28 månadar hadde Cream vorte ein stor kommersiell suksess, selde millionar av plater og spelte i heile USA og Europa. Dei omdefinerte instrumentalisten si rolle i rock og var eit av dei første blues-rock-banda som la vekt på musikalsk dugleik og lange jazz-aktige improvisasjonar. Av dei amerikanske hitsingalen deira finn ein «Sunshine of Your Love» (#5, 1968), «White Room» (#6, 1968) og «Crossroads» (#28, 1969) – ein konsertversjon av Robert Johnson sin «Cross Road Blues». Sjølv om Cream vart hylla som eit av dei beste banda i sine dagar, og dyrkinga av Clapton som gitarhelt nådde nye høgder, var lagnaden til supergruppa at det kom til å verte kortvarig. Dop og alkohol eskalerte spaninga mellom dei tre medlemmane og konflikten mellom Bruce og Baker førte etter kvart til at Cream vart oppløyst. Ein bitande kritikk frå Rolling Stone av ein konsert i USA var ein annan viktig faktor til at trioen gav seg, og påverka i tillegg Clapton djupt.[21]

Det siste albumet til Cream, Goodbye, inneheldt konsertopptak frå The Forum i Los Angeles, dem 19. oktober 1968, og vart gjeven ut kort tid etter Cream var oppløyst i 1968. Det inneheldt òg studiosingelen «Badge», skriven av Clapton i lag med George Harrison. Clapton hadde møtt Harrison og vorte vener med han etter at the Beatles spelte same stad som Yardbirds då Clapton var med i London Palladium. Den nære venskapen mellom Clapton og Harrison førte til at Clapton spelte på Harrison sin «While My Guitar Gently Weeps» frå the Beatles sitt White Album. Same året som White Album kom ut, gav Harrison ut den første soloplata si, Wonderwall Music, den første av mange Harrison-plater som Clapton spelte gitar på. Sjølv om dei var vener, fekk Clapton stort sett aldri namnet sitt på plateomslaga på grunn av kontraktsrestriksjonar. Paret spelte ofte som gjester på kvar andre sine konsertar. Eit år etter Harrison døydde i 2001, hjelpte Clapton å organisere hyllestkonserten hans, som han var musikalsk leiar for.[22]

Cream vart ei kort stund gjenforeint i 1993 for å spele på seremonien då dei vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame. Ei full gjenforeining fann først stad i mai 2005 då Clapton, Bruce og Baker spelte fire utselde konsertar i Royal Albert Hall i London,[23] og tre konsertar til i Madison Square Garden i New York i oktober same året.[24] Innspelingar frå London-konsertane, Royal Albert Hall London May 2-3-5-6, 2005, vart gjevne ut på plate og DVD.[25]

Blind Faith & Delaney and Bonnie and Friends[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Blind Faith og Delaney and Bonnie and Friends.

Det neste bandet til Clapton, Blind Faith (1969), bestod av Cream-trommeslagar Ginger Baker, Steve Winwood frå Traffic og Ric Grech frå Family, og dette førte til eitt album og ein turne. Supergruppa debuterte føre 100 000 tilhengjarar i Hyde Park i London den 7. juni 1969. Dei spelte fleire konsertar i Skandinavia og starta ein utseld turne i Amerika i juli før det einaste albumet deira kom ut. Blind Faith inneheldt berre seks songar, ein av dei ein 15 minuttar lang jam kalla «Do What You Like». Plateomslaget med biletet av ei topplaus ung jente i jakke vart rekna som for kontroversielt i USA og vart erstatta av eit bilete av bandet. Blind Faith vart oppløyst etter mindre enn sju månader.

Clapton turnerte så som sidemann for eit band som hadde varma opp for Blind Faith, Delaney and Bonnie and Friends. Han spelte òg to konsertar same hausten som medlem av The Plastic Ono Band, inkludert ei innspeling i Toronto Rock and Roll Revival i september 1969 som kom ut på albumet Live Peace in Toronto 1969.[26] Den 15. desember 1969 spelte Clapton med John Lennon, George Harrison og andre som Plastic Ono Band til inntekt for UNICEF i London.[26]

Delaney Bramlett oppfordra Clapton til å synge og skrive låtar. Sommaren 1969 medverka Clapton og Bramlett til Music From Free Creek. Clapton, som spelte som «King Cool» var kontraktsårsaker, spelte med Dr. John på re songar, og vart med Bramlett på ein song.

Med hjelp av backingbandet til Bramletts og eit stjernelag av studiomusikarar (mellom anna Leon Russell og Stephen Stills), spelte Clapton inn det første soloalbumet sitt under ein kort turne. Albumet fekk namnet Eric Clapton. Delaney Bramlett skreiv seks av songane i lag med Clapton,[27] og Bonnie Bramlett var med å skrive «Let It Rain».[28] Albumet inneheldt ein uventa hit i USA, J.J. Cale sin «After Midnight», som nådde 18. plass på hitlista. Clapton vart med Delaney and Bonnie frå scenen til studio med the Dominos for å spele inn George Harrison sitt All Things Must Pass våren 1970. I denne travle perioden spelte Clapton òg inn musikk med andre artistar som Dr. John, Leon Russell, Plastic Ono Band, Billy Preston og Ringo Starr.

1970-åra[endre | endre wikiteksten]

Derek and the Dominos[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Derek and the Dominos.

Med målet om å å motverke «stjerne»-kulten som hadde starta å danne seg kring han, samla Clapton eit band som bestod av den tidlegare rytmeseksjonen i Delaney & Bonnie, Bobby Whitlock som klaverspelar og vokalist, Carl Radle som bassist og Jim Gordon som trommeslagar, med Clapton på gitar. Det var meininga å vise at han ikkje trenge å vere i rampelyset, og fungere godt som eit enkelt bandmedlem.[29] Han kalla først bandet «Eric Clapton and Friends», før han endra det til «Derek and the Dominos». Det skjedde då det midlertidige bandnamnet «Del and the Dynamos» vart lese feil som Derek and the Dominos.[30] Biografien til Clapton seier òg at Ashton bad Clapton om å kalle bandet «Del and the Dominos», sidan «Del» var kallenamnet hans på Eric Clapton. Del og Eric vart kombinert og det endelege namnet vart «Derek and the Dominos».[31]

Den nære venskapen mellom Clapton og George Harrison hadde ført han i kontakt med kona til Harrison, Pattie Boyd, som han vart djupt forelska i. Då ho avviste han vart den ugjengjeldte kjærleiken til Clapton grunnlaget for dei fleste songane på Dominos-albumet Layla and Other Assorted Love Songs. Dette albumet inneheldt monsterhitten, kjærleikssongen «Layla», inspirert av den klassiske diktaren frå persisk litteratur, Nezami Ganjavi sin The Story of Layla and Majnun, ein kopi som venen Ian Dallas hadde gjeve han. Boka rørte Clapton djupt sidan det var ei soge om ein ung mann som var håplaust forelska i ei vakker, utilgjengeleg kvinne og som vart galen då han ikkje kunne gifte seg med ho.[32][33]

Han arbeidde i Criteria Studios i Miami med Atlantic Records-produsenten Tom Dowd, som hadde arbeidd med Clapton på Cream sitt Disraeli Gears, og bandet spelte inn eit dobbeltalbum. Dei to delane av «Layla» vart spelt inn i to omgangar. Opningsgitaren vart først spelt inn, og for den andre delen, som vart spelt inn fleire månader seinare, komponerte og spelte trommeslagaren Jim Gordon pianodelen.[31] Layla vart faktisk spelt inn av fem medlemmar av gruppa, sidan gitarist Duane Allman frå The Allman Brothers Band deltok på albumet. Eit par dagar inn i innspelingsprosessen, inviterte Dowd, som òg produserte the Allmans, Clapton til ein utandørskonsert med Allman Brothers i Miami. Dei to gitaristane møttest først på scenen, så spelte dei heile natta i studio og vart vener. Duane spelte på fleire av songane på albumet deira.[34]

Eric Clapton i Barcelona, 1974

Albumet var kraftig blues-prega og inneheldt ei blanding av sologitarane til Allman og Clapton, med Allman sin slidegitar som ein nøkkelingrediens i lydbiletet deira.

Tragedie prega gruppa den korte tida dei varte. Under innspelinga vart Clapton ute av seg då han fekk vite at Jimi Hendrix hadde døydd. Åtte dagar seinare hadde bandet spelt inn «Little Wing» som ein hyllest til Hendrix. Den 17. september 1970, dagen før Hendrix døydde, hadde Clapton kjøpt ein venstrehendt Fender Stratocaster som han planla å gje til Hendrix som bursdagsgåve. I tillegg fekk Layla berre lunka mottaking i pressa då det kom ut. Den rysta gruppa starta ein amerikansk turne utan Allman, som hadde gått attende til The Allman Brothers Band. Clapton innrømde seinare at turneen fann stad i ein verkeleg storm av dop og alkohol, men det resulteterte i det doble konsertalbumet In Concert.[35] Bandet hadde spelt inn fleire songar for eit nytt album i London våren 1971, men resultatet vart heller middelmåtig.

Ei ny plate var på gang då egoa i bandet kræsja saman og Clapton forlet bandet, som då vart oppløyst. Allman vart seinare drepen i ei motorsykkelulukke den 29. oktober 1971. Sjølv om Radle vart verande bassisten til Clapton fram til sommaren 1979 (Radle døydde i mai 1980 av alkohol- og dopmisbruk), gjekk det heilt til 2003 før Clapton og Whitlock spelte i lag igjen (Clapton var gjest på framferda til Whitlock på Later with Jools Holland). Ein annan tragisk fotnote i soga til Dominoes var lagnaden til trommeslagaren Jim Gordon, som fekk diagnosen schizofreni og år seinare tok livet av mor si i ein psykotisk episode. Gordon fekk 16 år til livstid i fengsel, men vart sidan flytta til ein mental-institusjon, der han framleis er i dag.[17]

Solokarriere[endre | endre wikiteksten]

Karrieresuksessen til Clapton i 1970-åra står i sterk kontrast til det personlege livet hans, som var plaga av lengsel etter kjærleik og eit dop- og alkoholmisbruk.[36] I tillegg til den ugjengjeldte og intense tiltrekkinga til Pattie Boyd, trekte han seg attende frå plateinnspeling og turnering til isolasjon i Surrey i England. Her pleia han heroinmisbruket sitt, noko som førte til ein pause i karrieren, berre avbroten av Concert for Bangladesh i august 1971 (der han fall umedviten om på scenen, kom til hektene att og heldt fram konserten).[17] I januar 1973 organiserte Pete Townshend frå The Who ein comeback-konsert for Clapton i Rainbow Theatre i London, passande kalla «Rainbow Concert» for å hjelpe Clapton bli kvitt misbruket sitt. Clapton gav tilbake tenesta med å spele 'The Preacher' i Ken Russell sin filmversjon av The Who sin Tommy i 1975.

Yvonne Elliman med Clapton promoterer 461 Ocean Boulevard i 1975

I 1974 var Clapton no i lag med Pattie (dei gifta seg først i 1979) og ikkje lenger avhengig av heroin (han byrja derimot å drikke tungt), og Clapton sette saman eit lite turneband som bestod av Radle, gitarist George Terry, klaverspelar Dick Sims, trommeslagar Jamie Oldaker og vokalistane Yvonne Elliman og Marcy Levy (kjend som Marcella Detroit). Med dette bandet spelte Clapton inn 461 Ocean Boulevard (1974), eit album som la vekt på meir kompakte songar og færre gitarsoloar. Coverversjonen av «I Shot the Sheriff» vart den første førsteplassen til Clapton og var viktig i å føre reggae og musikken til Bob Marley til eit større publikum. Albumet There's One in Every Crowd frå 1975 heldt fram denne trenden. Den opphavlege tittelen på albumet, The World's Greatest Guitar Player (There's One In Every Crowd) vart endra før plata vart trykt, sidan ein følte at den ironiske hensikta kunne misforståast. Bandet turnerte verda rundt og gav i 1975 ut konsertalbumet E.C. Was Here.[37] Clapton heldt fram å gje ut album og turnere jamt og trutt. Høgdepunkta i denne perioden er No Reason to Cry, (eit samarbeid med Bob Dylan og The Band) og Slowhand, med songen «Wonderful Tonight», ein annan song inspirert av Boyd,[38] og ein annan J.J. Cale-song, «Cocaine». I 1976 spelte han i lag med fleire kjende gjesteartistar for avskjedskonserten til The Band, filma av Martin Scorsese for dokumentaren the Last Waltz.

1980-åra[endre | endre wikiteksten]

I 1981 vart Clapton invitert av produsent Martin Lewis til å bli med på Amnesty International-konserten The Secret Policeman's Other Ball. Clapton aksepterte invitasjonen og slo seg saman med Jeff Beck for å spele fleire duettar, det første samarbeidet deira. Tra av songane vart gjevne ut på albumet etter showet og to av dei vart vist i filmen frå showet. Framferda synte at Clapton var tilbake i god form og klar for det nye tiåret. Mange faktorar hadde påverka comebacket til Clapton, mellom anna ei «aukande kristen tru», som han hadde starta før han vart heroinavhengig.[39][40]

Etter ei flau fiskehending, ringte Clapton til slutt til manageren sin og innrømde at han var alkoholikar. I januar 1982 fauk Roger og Clapton til Minneapolis-St. Paul der Clapton la seg inn på Hazelden Treatment Center, i Center City i Minnesota. På flyturen drakk Clapton store mengder alkohol i frykt for at han aldri skulle kunne drikke att. I sjølvbiografien sin sa Clapton: «I dei lågaste augneblinka i livet mitt, var den einaste årsaka til at eg ikkje tok livet av meg at eg visste eg ikkje kunne drikke meir om eg var død. Det var det einaste som gjorde livet verdt å leve, og tanken om at folk prøvde å få meg bort frå alkohol var så frykteleg at eg drakk og drakk og drakk, så dei praktisk talt måtte bere meg inn på klinikken.» [Clapton - s. 198]

Etter han kom ut anbefalte doktorane at Clapton ikkje tok del i aktivitetar som kunne få han attende i alkoholismen, før han var attende på Hurtwood. Etter eit par månader starta Clapton å arbeide med eit nytt album, mot ordrane til doktorane. Han arbeidde med Tom Dowd og produserte det Clapton meinte var hans «mest tvungne» album så langt, Money and Cigarettes.

I 1984 spelte han på Pink Floyd-medlem Roger Waters sitt soloalbum, The Pros and Cons of Hitch Hiking og drog på turne med Waters etter albumet kom ut. Sidan den gong har Waters og Clapton hatt ein nær vennskap. I 2005 spelte dei i lag for Tsunami Relief Fund. I 2006 spelte dei på Highclere Castle, til støtte for Countryside Alliance, og spelte «Wish You Were Here» og «Comfortably Numb». Clapton, som no spelte for mange veldedige føremål, spelte på Live Aid-konserten 13. juli 1985. Då han fekk speletid i beste sendetid vart han visstnok smigra. Medan Clapton kom seg etter misbruka sine, heldt han fram å gje ut album gjennom 1980-åra, mellom anna to produsert med Phil Collins, Behind the Sun i 1986, som gav han hitane «Forever Man» og «She's Waiting» og August same året.

Tina Turner og Eric Clapton på Wembley Stadium, 18. juni 1987

August vart overaust med tromminga og blåsarane til Collins og vart den største bestseljaren til Clapton i Storbritannia så langt og nådde tredjeplass på albumlista. Den første songen på albumet, «It's In The Way That You Use It», vart nytta i Tom Cruise-Paul Newman-filmen The Color of Money. Den blåsar-tunge «Run», likna Collins sin «Sussudio» og stilen som Genesis og Phil Collins hadde på denne tida, medan «Tearing Us Apart» (med Tina Turner) og den bitre «Miss You» likna den meir sinte stilen til Clapton. Den nye suksessen starta ein to år lang turne for Clapton i lag med Collins og musikarane frå August, bassist Nathan East og klaverspelar Greg Phillinganes. Det vart spelt inn to konsertvideoar, Eric Clapton Live from Montreux og Eric Clapton and Friends. Clapton gav seinare ut «After Midnight» som singel. Clapton vann ein British Academy Television Award for samarbeidet med Michael Kamen for filmmusikken til BBC-serien Edge of Darkness i 1985. I 1989 gav Clapton ut Journeyman, eit album som dekte alt frå blues, jazz, soul til pop. Med seg hadde han mellom andre George Harrison, Phil Collins, Daryl Hall, Chaka Khan, Mick Jones, David Sanborn og Robert Cray.

George Harrison and Clapton playing in the Prince's Trust Concert at Wembley Stadium in 1987

I 1984, medan han framleis var gift med Pattie Boyd, starta Clapton eit år langt forhold med Yvonne Kelly. Dei to fekk ei dotter, Ruth, som vart fødd i januar 1985, men foreldra heldt det skjult at ho var fødd. Det vart ikkje offentleg kjend før 1991.[41] Boyd kritiserte Clapton fordi han ikkje hadde fortalt om barnet.[42]

Orkanen Hugo råka Montserrat i 1989 og dette førte til at platestudioet til Sir George Martin og John Burgess, AIR Montserrat, der Kelly var administrerande direktør, vart lagt ned. Kelly og Ruth flytte attende til England, og soga om den hemmelege dottera til Clapton starta då nyhenda kom ut i avisene.[41] Clapton og Boyd vart skilde i 1988 etter at Clapton hadde eit forhold til den italienske modellen Lory Del Santo, som fødde han sonen Conor den 21. august 1986.[43] Boyd sjølv fekk aldri born, trass i mange forsøk.[42][43] Skilsmissa deira vart gjeven på grunnlag av «utruskap og overdriven oppførsel».[42]

1990-åra[endre | endre wikiteksten]

I 1990-åra spelte Clapton 32 konsertar i Royal Albert Hall, som 24 Nights-konsertane som fann stand kring januar-februar 1990, og februar-mars 1991. Den 27. august 1990 vart bluesgitarist Stevie Ray Vaughan, som turnerte med Clapton, og tre scenearbeidarar drepen i ein helikopterkræsj mellom konsertane. Så, den 20. mars 1991, døydde den fire år gamle sonen til Eric, Conor, etter eit fall frå 53. etasje i leilegheita til ein ven av mora i New York City. Han landa på taket av ein fire etasjar høg bygning like ved.[44] Sorga til Clapton vart uttrykt i songen «Tears in Heaven», som vart skriven i lag med Will Jennings. Clapton vann totalt seks Grammyprisar for singelen «Tears in Heaven», og albumet hans Unplugged.[45] Albumet nådde førsteplassen i USA og har sidan oppnådd diamantstatus for over 10 millionar selde eksemplar i USA aleine.[46]

I oktober 1992 var Clapton av dei mange artistane som spelte på Bob Dylan sin 30th Anniversary Concert Celebration. Det skjedde i Madison Square Garden i New York City der artistane spelte klassiske Dylan-songar før Dylan sjølv kom på scenen og spelte. Trass i 10 andre gitaristar på scenen, mellom andre George Harrison, Neil Young, Roger McGuinn, Steve Cropper, Tom Petty og Dylan, var det Clapton som spelte solo på den nesten sju minuttar lange versjonen av Dylan sin «Knockin' on Heaven's Door», som ein del av finalen.

Medan Unplugged var Clapton som spelte akustisk gitar, var albumet From the Cradle frå 1994 nye versjonar av gamle bluesstandardar, spelt på elektrisk gitar.[47] Innspelinga til Clapton frå 1996 av Wayne Kirkpatrick/Gordon Kennedy/Tommy Sims-songen «Change the World» (frå filmen Phenomenon) vann han Grammyprisen for årets song i 1997, same året som han spelte inn Retail Therapy (eit album med elektronisk musikk med Simon Climie under pseudonymet TDF). Året etter gav Clapton ut albumet Pilgrim, den første albumet med nye songar på nesten ti år.[40] Clapton avslutta tusenåret med eit samarbeid med Carlos Santana og B.B. King.

I 1996 hadde Clapton eit forhold med artisten Sheryl Crow. Dei var verande vener og Clapton spelte på Central Park-konserten hennar. Duetten dei framførte var Cream-songen «White Room». Seinare spelte Clapton og Crow ein alternativ versjon av «Tulsa Time» med andre gitarlegender på Crossroads Guitar Festival i juni 2007.

I 1999 møtte den 54-årige Clapton den 23 år gamle butikkmedarbeidaren Melia McEnery, medan han arbeidde på eit album med B.B. King. Dei gifta seg 1. januar 2002 i heimbyen til Clapton, Ripley, og har så langt fått tre born. Han skreiv songen «Three Little Girls», frå albumet The Road to Escondido i 2006, om familien sin.

2000-åra[endre | endre wikiteksten]

Clapton spelar på TUI Arena i Hannover (Tyskland) den 2. april 2004

Etter albumet Reptile i 2001, spelte Clapton «Layla» og «While My Guitar Gently Weeps» på Party at the Palace i 2002. Den 29. november var han musikalsk leiar for Concert for George i Royal Albert Hall, ein hyllest til George Harrison som døydde året før av kreft. Clapton spelte på scenen i tillegg til Paul McCartney, Ringo Starr, Jeff Lynne, Tom Petty and the Heartbreakers, Ravi Shankar, Gary Brooker, Billy Preston, Joe Brown og Dhani Harrison. I 2004 gav Clapton ut to album med coverversjonar av Robert Johnson, Me and Mr. Johnson og Sessions for Robert J. Same året kåra Rolling Stone Clapton som den 53. beste artisten gjennom tidene.[48]

Den 22. januar 2005 spelte Clapton på Tsunami Relief ConcertMillennium Stadium i Cardiff, til støtte for offera etter jordskjelvet i Indiahavet i 2005. I mai 2005 spelte Eric Clapton, Jack Bruce og Ginger Baker som Cream ei rekkje konsertar i Royal Albert Hall i London. Konsertane var gjevne ut på CD og DVD. Seinare same året spelte Cream i New York i Madison Square Garden. Back Home, det første Clapton-albumet med nye songar på nesten fem år, kom ut på Reprise Records i 2005. I 2006 inviterte han med seg Derek Trucks og Doyle Bramhall II i bandet sitt for ein verdsturne i 2006 og 2007. Trucks er det tredje medlemmet i The Allman Brothers Band som har turnert med Clapton.

Den 20. mai 2006 spelte Clapton med Queen-trommeslagar Roger Taylor og tidlegare Pink Floyd-bassist Roger Waters ved Highclere Castle, til støtte for the Countryside Alliance. Den 13. august 2006 gjesta Clapton under ein Bob Dylan-konsert i Columbus i Ohio.[49] Eit samarbeid i lag med gitarist J. J. Cale, kalla The Road to Escondido, kom ut i november 2006, i lag med Derek Trucks og Billy Preston. Den offisielle biografien til Clapton, skriven av Christopher Simon Sykes kom ut i 2007.[50]

Sommaren 2008 la Clapton ut på ein verdsturne, der han mellom anna vitja Noreg. I mars 2090 feira The Allman Brothers Band 40-årsjubileum som band, og Eric Clapton var blant artistane som var med å spele.

Clapton skulle opphavleg spele på 25-årsjubileumskonserten for Rock and Roll Hall of Fame, men måtte avlyse på grunn av ein gallesteinsoperasjon.[51]

2010-åra[endre | endre wikiteksten]

Clapton spelte to konsertar med Jeff Beck i The O2 Arena i London i februar 2010.[52] Dei to tidlegare Yardbirds-medlemmane spelte fleire konsertar i lag utover i 2010.[53] Clapton spelte fleire konsertar i USA i 2010, og sommaren i Europa og Nord-Amerika i lag med Steve Winwood- Clapton gav ut eit nytt studioalbum, Clapton, den 27. september 2010. I november 2010 spelte Clapton på rockegallaen Prince's Trust i Royal Albert Hall.[54]

Påverknader[endre | endre wikiteksten]

Clapton har spelt songane til mange artistar, mellom andre Bob Marley, J.J. Cale, Bo Diddley, Robert Johnson og Bob Dylan. Han har omtalt Freddie King, B.B. King, Albert King, Buddy Guy og Hubert Sumlin som inspirasjonskjelder for både musikken hans og gitarstilen hans. Ingen står derimot høgare hos Clapton enn Robert Johnson. I 2004 gav Clapton ut ein CD og DVD kalla Sessions for Robert Johnson, der Clapton spelar Robert Johnson-songar med elektrisk og akustiske gitarar.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Clapton har vorte kalla ein av dei viktigaste og mest påverkande gitaristane gjennom tidene.[2][55][56][57] Clapton er den einaste artisten som er innlemma i Rock and Roll Hall of Fame tre gonger: ein gong som soloartist, og to gonger som medlem av The Yardbirds og Cream. Han er rangert som den fjerde beste gitaristen gjennom tidene av både Rolling Stone[3] og Gibson Guitar Corporation.[4]

Av mange gitaristar som er påverka av Clapton finn ein Richie Sambora, Stevie Ray Vaughan, Gary Moore, Duane Allman, Derek Trucks,[58] Eddie Van Halen, Brian May, Orianthi, Jimi Hendrix, Brad Paisley, Jonny Buckland, Joe Don Rooney, Alex Lifeson, Jonny Lang, John Mayer, Joe Satriani, Joe Bonamessea og Davy Knowles.

Rasismekontrovers[endre | endre wikiteksten]

I 1976 skapte Clapton oppstyr då han uttalte seg mot den aukande innvandringa til Storbritannia under ein konsert i Birmingham. Han var synleg rusa og synte støtte til den kontroversielle politikaren Enoch Powell og sa at Storbritannia stod i fare for å verte ein «svart koloni». Han sa mellom anna «Eg trur Enoch har rett... me burde sende dei alle heim att. Kast ut wogane! Hald Storbritannia kvitt!»[59] Hendinga, i tillegg til pro-fascistiske merknader på same tid av David Bowie og dei nazi-relaterte kostyma til Sid Vicious og Siouxsie Sioux, førte til at Rock Against Racism vart oppretta den 30. april 1978.[60]

Rikdom[endre | endre wikiteksten]

I 2009 estimerte Philip Beresford, som lagar lister for Sunday Times over rike folk, at formuen til Clapton var kring £120 million (ca. 1,1 milliardar kroner), noko som gjer han til ein av dei 20 rikaste i Surrey, der han bur.[61]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

The Yardbirds
Oktober 1963–1965
John Mayalls Blues Breakers
April 1965–1966
Cream
Våren 1966–26. november 1968
Blind Faith
April 1969–vinteren 69/70
Delaney & Bonnie
Derek & The Dominoes
Januar 1970–1971
Eric Clapton med andre musikarar
Eric Clapton som soloartist

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Rock & Roll Library – Eric Clapton's Releases». Liste. Rock & Roll Library. http://www.rocklibrary.com/Library/qs/releases.aspx?id=de20a9f0-1c31-4632-a807-336d3a4c537b. Henta 13. mars 2011. 
  2. 2,0 2,1 «100 Greatest Artists of All Time: Eric Clapton», Rolling Stone, http://www.rollingstone.com/music/lists/100-greatest-artists-of-all-time-19691231/eric-clapton-19691231, henta 13. mars 2011 
  3. 3,0 3,1 «The 100 Greatest Guitarists of All time». Rolling Stone. 24 March 2004. http://www.rollingstone.com/music/lists/5945/32609/32634. Henta 13. mars 2011. 
  4. 4,0 4,1 «Gibson.com Top 50 Gitarists of All Time – 10 to 1». Gibson.com. http://www.gibson.com/en-us/Lifestyle/Features/Top-50-Gitarists-528/. Henta 3 June 2010. 
  5. Inductee: Eric Clapton. Rock and Roll Hall of Fame. 23. februar 2010.
  6. Eric Clapton, All Music: Grammy Awards Henta 13. mars 2011
  7. Ex-rebel Clapton receives his CBE The Telegraph Henta 13. mars 2011
  8. «Eric Clapton», Rolling Stone - Artists, http://www.rollingstone.com/music/artists/eric-clapton/biography, henta 13. mars 2011 
  9. Harry Shapiro (1992) Eric Clapton: lost in the blues s.29. Guinness, 1992
  10. Ladies and gentlemen, Eric Clapton msnbc Henta 13. mars 2011
  11. Profiles in Popular Music s.71. Sura Books, 2005. Henta 13. mars 2011
  12. 12,0 12,1 12,2 Bob Gulla (2008) Gitar Gods: The 25 Players Who Made Rock History s.40-41. Henta 13. mars 2011
  13. Clapton, Eric (2007) Eric Clapton: The Autobiography s.22. Century, 2007
  14. 14,0 14,1 Thompson, Dave (2006) Cream: How Eric Clapton Took the World by Storm s.31-32. Virgin Books, 2006
  15. Welch, Chris (1994) Extract
  16. 16,0 16,1 Eric Clapton: Biography Rolling Stone Henta 13. mars 2011
  17. 17,0 17,1 17,2 17,3 17,4 Romanowski, Patricia (2003)
  18. «Where's Eric?». Arkivert frå originalen den 27 September 2007. http://web.archive.org/web/20070927223253/http://www.whereseric.com/ecfaq/biography-ecs-life-career/slowhand-nickname.html. Henta 13. mars 2011. 
  19. «Where's Eric Website: Nickname». Arkivert frå originalen den 26 January 2007. http://web.archive.org/web/20070126080239/http://www.whereseric.com/ecfaq/biography-ecs-life-career/clapton-is-god-graffiti-nickname.html. Henta 13. mars 2011. 
  20. Unterberger, Richie. «AllMusic». AllMusic. http://www.allmusic.com/artist/p3983. Henta 13. mars 2011. 
  21. Welch, Chris: "Cream" (2000), s. 131
  22. Ex-Beatles at Harrison film tribute BBC News (25 September 2003)
  23. Billboard 23 Jul 2005 Billboard Henta 13. mars 2011
  24. Cream, Rising to the Occasion at Madison Square Garden The Washington Post Henta that October.
  25. Stephen Thomas Erlewine. «Royal Albert Hall: London May 2-3-5-6 2005». Allmusic. Rovi Corporation. http://www.allmusic.com/album/royal-albert-hall-london-may-2-3-5-6-2005-main-entry-r794100. Henta 13. mars 2011. 
  26. 26,0 26,1 The words and music of John Lennon s.15. Greenwood Publishing Group, 2007
  27. «allmusic ((( Eric Clapton > Overview )))». http://www.allmusic.com/album/eric-clapton-mw0000624369. Henta 13. mars 2011. 
  28. «allmusic ((( Let It Rain )))». http://www.allmusic.com/song/let-it-rain-mt0033479419. Henta 13. mars 2011. 
  29. The Layla Sessions liner notes, page 4.
  30. «Derek And The Dominoes». Artistfacts. http://www.artistfacts.com/detail.php?id=100. Henta 13. mars 2011. 
  31. 31,0 31,1 Schumacher, Michael (1992)
  32. William McKeen, "Rock and roll is here to stay: an anthology", Published by W. W. Norton & Company, 2000. s 127: "Clapton poured all he had into Layla's title track, which was inspired by the Persian love story he had read, the story of Layla and Majnun.
  33. Gene Santoro, "Dancing in Your Head: Jazz, Blues, Rock, and Beyond", Published by Oxford University Press US, 1995. Utdrag side 62: "At the time, he started to read The story of Layla and Majnun by the Persian poet Nezami Ganjavi
  34. The Layla Sessions, CD-heftet.
  35. The Layla Sessions liner notes, page 12.
  36. Marc Roberty, Chris Charlesworth (1995) The complete guide to the music of Eric Clapton s.67. Omnibus Press, 1995
  37. Legends of rock guitar: the essential reference of rock's greatest guitarists s.70. Hal Leonard Corporation, 1997
  38. Janet Maslin (August 27, 2007), The Muse Who Made the Gitarar Gently Weep, The New York Times, http://www.nytimes.com/2007/08/27/books/27masl.html?_r=1&ref=review&oref=slogin, henta 13. mars 2011 
  39. Moritz, Charles (1987)
  40. 40,0 40,1 Ruhlmann, William. «Eric Clapton». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/eric-clapton-mn0000187478. Henta 13. mars 2011. 
  41. 41,0 41,1 Daily Mail, The truth about Eric Clapton's 'Secret Daughter'. Henta 13. mars 2011.
  42. 42,0 42,1 42,2 The Daily Mail, 'I'd pray Eric would pass out and not touch me': Part 2 of Pattie Boyd's sensational autobiography. Henta 13. mars 2011.
  43. 43,0 43,1 Daily Telegraph, It's amazing we're still alive. Henta 13. mars 2011.
  44. «Obituary of Conor Clapton». Obituariestoday.com. http://www.obituariestoday.com/Obituaries/ObitShow.php?Obituary_ID=29613/. Henta 13. mars 2011. 
  45. Billboard 6 Mar 1993 Billboard Henta 13. mars 2011
  46. Diamond Awards RIAA Henta 13. mars 2011
  47. D. Dicaire, More blues singers: biographies of 50 artists from the later 20th century (McFarland, 2001), s. 203.
  48. «The Immortals». Rolling Stone (946). 
  49. God has a summer home in Columbus, 15 August 2005, http://uweekly.com/cowtown/?p=121, henta 13. mars 2011 
  50. , London, 22 October 2005 
  51. «Eric Clapton pulls out of rock and roll gig». entertainment.oneindia.in. http://entertainment.oneindia.in/music/international/2009/eric-out-rocknroll-hall-gig-281009.html. Henta 13. mars 2011. 
  52. McCormick, Neil (14 February 2010), London 
  53. Ratliff, Ben (20 February 2010) 
  54. In pictures: The Prince's Trust Rock Gala 2010 The Telegraph Henta 13. mars 2011
  55. Meisel, Perry (2010) The myth of popular culture from Dante to Dylan s.143. Henta 13. mars 2011
  56. Eric Clapton: Blues gitar legend BBC News Henta 13. mars 2011
  57. Kenn Chipkin. Real Blues Gitar. Alfred Music Publishing, 1998. s. 58. 
  58. Tatangelo, Wade (4 January 2007). «Derek Trucks on playing with Allman, Clapton, Dylan». PopMatters.com. McClatchy Newspapers. http://www.popmatters.com/pm/article/derek-trucks-on-playing-with-allman-clapton-dylan. Henta 13. mars 2011. 
  59. Bainbridge, Luke (14 October 2007), The ten right-wing rockers, London, http://observer.guardian.co.uk/print/0,,330925087-111639,00.html, henta 13. mars 2011 
  60. Manzoor, Sarfraz (20 April 2008), The year rock found the power to unite, London, http://www.guardian.co.uk/music/2008/apr/20/popandrock.race, henta 13. mars 2011 
  61. «Surrey's richest 50». http://surrey.greatbritishlife.co.uk/article/surreys-richest-50-nos-20-to-11-9864/. 
  62. New Eric Clapton Album 'Old Sock' Due in March

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Eric Clapton
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Eric Clapton