Vilhelm II av Tyskland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vilhelm II og kona Auguste Viktoria av Schleswig-Holstein-Sonderburg-Augustenburg, som han gifta seg med i 1881

Vilhelm II av Tyskland (tysk: Wilhelm II), (27. januar 18594. juni 1941) var prins og keisar av Tyskland. Vilhelm II var den siste tyske keisaren og konge av Preussen. Han vart fødd i Potsdam og døydde i Doorn i Nederland.

Vilhelm II sitt fulle namn var Friedrich Wilhelm Albert Victor prins av Hohenzollern. Han var son av keisar Fredrik III av Tyskland og keisarinne Viktoria. Keisarinne Viktoria var dotter av dronning Victoria av Storbritannia. Wilhelm II var soleis soneson både av keisar Wilhelm I av Tyskland og dronning Victoria av Storbritannia. 1. august 1888 vart Vilhelm tildelt storkrossen av St. Olavs Orden.

Vilhelm II var tysk keisar og konge av Preussen frå 1888 til 1918. I 1890 lét han Otto von Bismarck gå av som tysk rikskanslar.

Etter nederlaget i fyrste verdskrig gjekk han av av som keisar og flykta til Nederland, der han døydde i 1941.

Vilhelm II og Noreg[endre | endre wikiteksten]

Vilhelm II og leiande tyske krinsar reiste om somrane ofte langs kysten av Noreg. Mellom anna var keisaren innom i Balestrand og i Odda. Reisene gjekk ofte føre seg på krigsskip, og keisaren fekk synt fram Tyskland si flåtemakt.

Ålesund brann i 1904 fekk Vilhelm organisert hjelp til gjenoppbygging av byen. Ålesund vart bygd opp i mykje tyskinspirert jugendstil.

I 1913 fekk Vilhelm II reist ein kjempestatue av vikinghelten Fridtjof den frøkneVangsnes, og statuen av kong Bele ved gravhaugane i Balestrand. Reisinga av statuane var uttrykk for ei ovundring av vikingtida.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Nettlenkjer

Litteratur

  • Henningsen, Bernt: (m.fl.): Tyskland og Skandinavia : 1800-1914 : impulser og brytninger, Berlin 1997. ISBN 91-7100-542-0