Bad Tölz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bad Tölz
Bad Tölz sett frå elva Isar
Bad Tölz sett frå elva Isar
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Bad Tölz
Bad Tölz is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Bayern
Oberbayern
Bad Tölz-Wolfratshausen
Geografi
Flatevidd
 - By

30,08 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

17 648
  573/km²
Koordinatar 47°46′0″N 11°33′0″EKoordinatar: 47°46′0″N 11°33′0″E
Høgd over havet 658 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 83646
Telefon-retningsnummer 08041
Bilnummer TÖL
Heimeside: www.bad-toelz.de

Bad Tölz er ein by i Tyskland i delstaten Bayern med om lag 18 000 innbyggjarar. Han er administrativt senter i landkreisen Bad Tölz-Wolfratshausen og ligg ved elva Isar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området rundt Bad Tölz har vore busett sidan steinalderen, mellom anna har ein funne spor etter Hallstattkulturen.

Namnet på byen dukkar for første gong opp i dokument mot slutten av 1100-talet. Hainricus de Tolnze bygde ei borg på staden, som kontrollerte elva og trafikken på vegane i området, men denne eksisterer ikkje lenger i dag. I 1331 gjorde Ludvig IV Tölz til ein handelsby.

1300-talet var Tölz ein omlastingsstad for salt- og tømmertrafikk på Isar. I 1453 vart handelsgata, kyrkja og borga øydelagd av ein brann. Hertug Albrecht III bygde opp att byen, men denne gongen i stein. Han bygde òg palasset som stod der fram til 1770 då det var så falleferdig at det vart rive ned.

Trettiårskrigen (16181648) førte pest og øydelegging til regionen. Under den spanske arvefølgjekrigen byrja det å betre seg for byen, som då handla med kalk og trevarer.

På midten av 1800-talet vart det oppdaga naturlege kjelder rundt Tölz. Byen byrja å fokusere på dei helbredane eigenskapane til desse kjeldene og vart ein kurstad. I 1899 fekk han namnet Bad Tölz.

I 1937 vart ein SS-Junkerschule (ein kandidatskule for SS-offiserar) oppretta i Bad Tölz, som var i drift til slutten av den andre verdskrigen. I tillegg låg det ein underavdeling av Dachau konsentrasjonsleir i byen.

Bad Tölz er i dag kjend som ein kurstad med eit historisk bysentrum frå mellomalderen og flotte utsyn mot Alpane. På vestsida av Isar ligg Kurverwaltung, ein moderne kurstad med vatn rikt på jod.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bad Tölz

Kjelder[endre | endre wikiteksten]