Den spanske arvefølgjekrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den spanske arvefølgjekrigen
Vendome-and-PhilipV.jpg
Filip V av Spania og hertugen av Vendôme kommanderte det fransk-spanske åtaket i slaget ved Villaviciosa av Jean Alaux (1840).
Dato 1701–1714
Stad Europa, Nord-Amerika og Vestindia
Resultat Utrecht-traktaten 1713
Rastatt-traktaten 1714
Filip, den rettmessige arvingen til Karl II av Spania vart anerkjend som konge av Spania, men avslår krava om trona til Frankrike.
Spania og Storbritannia signerte Asiento.
Partar
Armoiries Charles VI de Habsbourg.svg Spania lojal til erkehertug Karl
Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Habsburgmonarkiet
Flag of England.svg England
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia[1]
Prinsenvlag.svg Dei sameinte Nederlanda
Savoie flag.svg Savoie
Flag of the Kingdom of Prussia (1701-1750).svg Preussen
Flagget til Portugal Kongedømet Portugal
Escudo del Principe de Asturias 1700-1761 (sin diferencias).png Spania lojal til Filip V av Spania
Pavillon royal de France.svg Frankrike
Flagget til Bayern Kurfyrstedømet Bayern
Kommandantar
Armoiries Charles VI de Habsbourg.svg Erkehertug Karl
Armoiries Charles VI de Habsbourg.svg Joan Baptista Basset
Armoiries Charles VI de Habsbourg.svg Rafael Casanova

Flagget til Habsburgmonarkiet Eugene av Savoie
Flagget til Det tysk-romerske riket Markgreven av Baden
Flagget til Det tysk-romerske riket grev Starhemberg
Det britiske flagget hertugen av Marlborough
Det britiske flagget Marquis de Ruvigny
Det britiske flagget George Rooke
Flagget til Den nederlandske republikken grev Overkirk
Flagget til Portugal Markien av Minas
Flagget til Savoie Victor Amadeus II

Escudo del Principe de Asturias 1700-1761 (sin diferencias).png Filip V av Spania
Escudo del Principe de Asturias 1700-1761 (sin diferencias).png hertugen av Berwick
Escudo del Principe de Asturias 1700-1761 (sin diferencias).png Marquis av Villadarias

Flagget til Frankrike Ludvig XIV av Frankrike
Flagget til Frankrike Duc de Villars
Flagget til Frankrike Duc de Vendôme
Flagget til Frankrike Duc de Boufflers
Flagget til Frankrike Duc de Villeroi
Flagget til Frankrike Comte de Tessé
Flagget til Bayern Maximilian II Emanuel

Styrkar
232 000 i 1702[2]
  • Habsburgmonarkiet og Spania: 90 000-100 000
  • Dei sameinte Nederlanda: 102 000
  • Storbritannia: 40 000
Spania: 18 000 i 1702[3]–Over 100 000 i 1713

Frankrike: 255 000[4]

Den spanske arvefølgjekrigen (1701–1714) vart utkjempa mellom fleire europeiske stormakter, hovudsakleg spanjolane lojale til erkehertug Karl, Det tysk-romerske riket, Storbritannia, Dei sameinte Nederlanda, Portugal og Hertugdømet Savoie mot spanjolane lojale til Filip V, Frankrike og Kurfyrstedømet Bayern om ei mogeleg samanslåing av Kongedøma Spania og Frankrike under eitt Bourbon-monarki. Ei slik samanslåing ville drastisk ha endra maktbalansen i Europa. Krigen vart hovudsakleg utkjempa i Europa, men omfatta òg Dronning Anne-krigen i Nord-Amerika og vart prega av kjende generalar som Duc de Villars, jakobitten hertugen av Berwick, hertugen av Marlborough og prins Eugene av Savoie. Krigen enda med at Filip vart anerkjend som konge av Spania, men han måtte samstundes seie frå seg kravet på den franske trona og avstå mange av dei spanske områda til Det tysk-romerske riket, Dei sameinte Nederlanda, Savoie og Storbritannia, som delte Det spanske imperiet i Europa seg i mellom.

I 1700 døydde Karl II, den siste spanske monarken frå Huset Habsburg, utan born, og testamenterte eigedomane sine til Filip, barnebarnet til halvsystera si og kong Ludvig XIV av Frankrike. Filip vart slik Filip V av Spania og sidan han òg var den yngre sonen til Dauphin av Frankrike, var Filip i arvefølgjerekka til den franske trona. Tanken om eit multi-kontinentalt Spania kontrollert av Ludvig XIV framkalla ein massiv koalisjon for å hindre at Filip tok over den spanske trona.

Krigen byrja sakte då Leopold I av Det tysk-romerske riket kjempa for å verne austerrikske Habsburg sitt krav på Spania. Då Ludvig XIV byrja å utvide områda sine, kom andre europeiske nasjonar (hovudsakleg England, Portugal og Dei sameinte Nederlanda) inn på den tysk-romerske sida for å hindre vidare fransk ekspansjon. Andre statar kom inn i koalisjonen mot Frankrike og Spania i eit forsøk på å vinne nye landområda eller verne sine gamle område. Spania var sjølv delt i støtta og hamna ut i borgarkrig.

Krigen fann hovudsakleg stad i Spania og det vestlege og sentrale Europa (særleg Nederlanda), med nokre viktige kampar i Tyskland og Italia. Prins Eugene og hertugen av Marlborough utmerkte seg som militære kommandantar i Nederlanda. Krigen vart ikkje berre utkjempa i Europa, men òg i Vestindia og koloniane i Nord- og Sør-Amerika, der konflikten av kolonistane vart kalla Dronning Anne-krigen. I løpet av heile krigen vart kom lag 400 000 menneske drepne.[5]

Krigen enda med avtalane i Utrecht (1713) og Rastatt (1714). Som følgje av krigen vart Filip V verande konge i Spania, men vart fjerna frå den franske arvefølgjerekka, og ein union mellom dei kongedøma vart hindra. Austerrikarane vann dei fleste spanske områda i Italia og Nederlanda. Hegemoniet til Frankrike på det europeiske kontinentet var over og ideen om ein maktbalanse vart ein del av den internasjonale tankegangen.[6] Filip fornya rask den spanske ambisjonen og tok nytte av maktvakuumet som oppstod etter Ludvig XIV døydde i 1715. Filip annonserte at han ville gjere krav på den franske krona om barnet Ludvig XV døydde og han prøvde å ta attende dei spanske områda i Italia. Dette førte til Kvadrupelalliansekrigen i 1717.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sidan Karl II av Spania hadde vore psykisk og fysisk svak sidan særs ung alder, var det klart at han ikkje kom til å produsere arvingar. Ein starta derfor å krangle om kven som skulle ta over det spanske kongedømet — som ikkje berre omfatta Spania, men område i Italia, Nederlanda, Filippinane og Amerika. Utan ein direkte arving, søkte ein kandidatar hos systrene til kongen, som kvar hadde om lag dei same rettane til trona, men med særs forskjellige politiske følgjer, og ein konflikt verka umogeleg å unngå. To dynasti gjorde krav på den spanske trona: det franske huset Bourbon og det austerrikske huset Habsburg, som begge var i nær slekt med Karl og faren, Filip IV.

Einearvingen til Karl II var Ludvig, Le Grand Dauphin, sonen til den eldre halvsystera, Maria Theresa og Ludvig XIV av Frankrike. Ludvig og Karl var òg fetters barn, då bestemor til Ludvig, Anne av Austerrike, var syster til far til Karl, Filip IV av Spania. Men valet av dauphinen, som òg var kronprins for den franske trona, var eit problematisk val. Han kunne ha samla Frankrike og Spania til ein union og kontrollert eit enormt rike som kunne ha trua maktbalansen i heile Europa. I tillegg hadde både Anne og Maria Theresa sagt frå seg retten til den spanske trona då dei gifta seg, sjølv om dette for Maria Theresia vart rekna som ugyldig, sidan det var ein del av medgifta til infantinnen som Spania aldri hadde betalt. Ein alternativ kandidat var den tysk-romerske keisaren, Leopold I, frå det austerrikske Habsburg-dynastiet. Som Ludvig XIV, var Leopold fetters born av kongen av Spania og nevø av Filip IV på morsida. Mora var ei yngre syster av Filip IV (Maria Anna av Spania). I tillegg hadde Filip IV fastsett at arva hans skulle gå til dei austerrikske habsburgarane i testamentet sitt. Men Leopold var òg ein problematisk kandidat, for om han hadde teke over trona ville dette ha samla det mektige spansk-austerrike Habsburgriket frå 1500-talet på ny. Det var delvis for å kome franske protestar i forkjøpet at den då barnlause Leopold i 1668, berre tre år etter Karl II tok trona, sa seg villig til å dele dei spanske områda mellom Bourbonane og Habsburgarane, sjølv om testamentet til Filip IV gav han retten til heile riket. Denne stillinga endra seg i 1669 då Leopold sikra seg støtte frå Vilhelm III av England til kravet om eit udelt Spansk imperium mot at Leopold skulle støtte engelskemennene i niårskrigen (1688-1697) mot Frankrike.

Samstundes vart det fødd ein ny kandidat for den spanske trona i 1692. Kurfyrsten Josef Ferdinand av Kurfyrstedømet Bayern var barnebarnet til Leopold I på kvinnesida, og derfor ein del av huset Wittelsbach i staden for Habsburg. Mora hans, Maria Antonia, var ei dotter av Leopold frå det første ekteskapet hans, til den yngste dottera til Filip IV av Spania, Margaret Theresia . Sidan Josef Ferdinand verken var ein Bourbon eller ein Habsburg, var sannsynet for at Spania kunne verte slått saman med Frankrike eller Austerrike liten. Den bayerske prinsen ville ha vore den rettmessige arvingen til den spanske trona i følgje testamentet til Filip IV, og var ein langt mindre farleg kandidat enn dei som var direkte i slekta til Bourbon eller Habsburg, trass i at både Leopold I og Ludvig XIV ville overlate krava sine til ei yngre grein av familiane sine: Leopold til den yngre sonen, erkehertug Karl, og Ludvig til den yngre sonen til kronprinsen, Filip, hertug av Anjou. Josef Ferdinand vart derfor det føretrekte valet til England og Nederlanda, for å hindre at Europa skulle verte dominert av verken Bourbonane eller Habsburgarane.

niårskrigen enda i 1697, vart spørsmålet om den spanske arvefølgja kritisk. England og Frankrike, som begge var utslitne etter langvarige krigar, signerte Haag-traktaten i 1698, òg kjend som den første delingsavtalen, der dei vart samde om å anerkjenne Josef Ferdinand som arving til den spanske trona, men delte dei spanske områda i Italia og Nederlanda mellom dei franske og austerrikske dynastia. Dei tok derimot ikkje omsyn til Spania. Då delingsavtalen vart kjend i 1698 protesterte Spania kraftig til den planlagte oppdelinga av riket deira, sjølv om Karl II var samd i å utnemne den bayerske prinsen som arvingen sin. Han overlet heile Det spanske imperiet til han, i staden for delane som England og Frankrike hadde valt ut.

Josef Ferdinand døydde derimot av koppar i 1699, berre seks år gammal, og spørsmålet om den spanske arvefølgja kom opp på ny. England og Frankrike ratifiserte raskt den andre delingsavtalen, der dei gav den spanske trona til erkehertug Karl. Dei italienske områda skulle gå til Frankrike, medan erkehertugen skulle få resten av Det spanske imperiet. Austerrikarane, som ikkje deltok under danninga av avtalen, var misnøgd, for dei ønskte heile Spania og alle områda dei eigde, og for det andre var det dei italienske områda dei hadde aller mest lyst på. Desse var både rikare og nærare Austerrike, og dermed lettare å styre. I Spania var ein enno meir misnøgd med avtalen. Hoffmennene var alle imot delinga, men var internt usamde om trona skulle gå til Habsburg eller Bourbon. Franskmennene hadde derimot mest støtte hos dei spanske statsmennene, og i oktober 1700 gjekk Karl II med på å testamentere alle områda sine til den andre sonen til den franske kronprinsen, hertugen av Anjou. Karl tok førehandsreglar for å hindre ein potensiell union mellom Frankrike og Spania. Om Anjou på noko vis skulle arve den franske trona, skulle Spania gå til den yngre broren hans, Duc de Berri, og så erkehertug Karl som den neste i arvefølgjerekka.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Ludvig XIV av Frankrike (1638–1715), av Hyacinthe Rigaud (1701).
Karl II, den siste habsburgske kongen av Spania. Då han døydde braut den spanske arvefølgjekrigen ut sidan både Frankrike og Austerrike ønskte Det spanske imperiet.

Då det franske hoffet først fekk vite om testamentet hans og trass i at Bourbon på papiret hadde vunne, meinte rådgjevarane til Ludvig XIV at det var tryggare å godta vilkåra i den andre delingsavtalen enn å risikere krig om heile det spanske arveområdet. Jean-Baptiste Colbert, den franske utanriksministeren, klarte derimot å få fram at uansett om Frankrike aksepterte heile eller delar av Det spanske imperiet, så måtte dei i krig med Austerrike, som ikkje godtok delinga skildra i London-traktaten.

I tillegg sa vilkåra i testamentet til Karl at Anjou fekk valet om å ta heile Det spanske imperiet eller ingenting. Om han nekta ville heile arva gå til den yngre broren til Anjou, Charles, hertug av Berry eller til erkehertug Karl av Austerrike om hertugen av Berry avslo. Dei visste at Dei maritime maktene (England og Dei sameinte Nederlanda) ikkje ville ta Frankrike si side i ein krig som gjekk mot delinga, så Ludvig valte å godt at arva gjekk til barnebarnet.

Karl II døydde den 1. november 1700, og den 24. november erklærte Ludvig XIV Anjou som Filip V, konge av Spania. Den nye kongen vart erklært herskar over heile Det spanske imperiet, som var mot vilkåra i den andre delingsavtalen. Trass i at det var eit brot med avtalen med England, mangla Vilhelm III støtte hos den herskande eliten i England eller Dei sameinte Nederlanda til å erklære krig mot Frankrike, og anerkjende motvillig Filip som konge i april 1701.

Ludvig var derimot vorte for aggressiv i ønsket om å sikre fransk hegemoni i Europa. Han avskar England og Nederlanda frå spansk handel, som var ein alvorleg trugsel for dei kommersielle interessene til desse to landa. Dette gjorde at Vilhelm III kunne sikre støtte hos støttespelarane sine og forhandle fram Haag-traktaten i 1701 med Dei sameinte Nederlanda og Austerrike. Avtalen kom i land den 7. september 1701, og anerkjende Filip V som konge av Spania, men gav Austerrike det dei ønskte mest, dei spanske områda i Italia. Som eit vilkår aksepterte òg Austerrike Dei spanske Nederlanda, for å verne denne viktige regionen frå Frankrike. England og Dei sameinte Nederlanda tok samstundes opp handelen att i Spania.

Filip V av Spania, av Joseph Vivien (1657–1734).

Eit par dagar etter avtalen var signert døydde Jakob II, som hadde vorte vorte avsett som konge av Vilhelm III, i Frankrike. England og Dei sameinte Nederlanda hadde alt starta å samle armeane sine, og no, sjølv om Ludvig hadde behandla Vilhelm som konge av England etter freden i Ryswick, anerkjende han no sonen til Jakob II, den katolske James Francis Edward Stuart («Old Pretender»), som den rettmessige monarken. Dette framandgjorde folket i England ytterlegare og gav Vilhelm grunnlag til å gå til krig.

Den væpna konflikten starta sakte då dei austerrikske styrkane under prins Eugene av Savoie invaderte Hertugdømet Milano, eit av dei spanske områda i Italia. Dette fekk Frankrike til å blande seg inn. England, Dei sameinte Nederlanda og dei fleste tyske statane (mellom anna Preussen og Hannover), tok Austerrike si side. Wittelsbach-fyrstane i Bayern og Köln støtta Frankrike og Spania. Portugal, som opphavleg var alliert med franskmennene, bytta tidleg side med Methuen-traktaten. I Spania valte cortes i Aragon, Valencia og Catalonia (regionar i Krona Aragon) å støtte den austerrikske erkehertugen. Sjølv om Vilhelm III døydde i 1702, heldt etterfølgjaren hans i England, Anne av Storbritannia, fram krigen, med rettleiing frå ministrane Godolphin og Marlborough.

Dei første kampane: 1701–1703[endre | endre wikiteksten]

Duc de Villars leiar kavaleriet sitt til siger i slaget ved Friedlingen, illustrert av Richard Caton Woodville.

I 1702 kjempa Eugene i Italia, der franskmennene var leia av Duc de Villeroi, som Eugene slo og tok til fange i slaget ved Cremona den 1. februar. Villeroi vart no erstatta av Duc de Vendôme, som, trass i uavgjort i slaget ved Luzzara i august og ein langt større styrke, ikkje klarte å drive Eugene ut av Italia.

Samstundes leia Marlborough ein samla engelsk, nederlandsk og tysk styrke i Nederlanda, der han tok fleire viktige festningar, mellom anna Liège. Ved Rhinen tok ein keisarleg arme under Ludvig av Baden Landau i september, med trugselen mot Alsace vart stoppa då kurfyrsten av Bayern tredde inn i krigen på fransk side. Prins Ludvig vart tvungen til å trekkje seg attende til den andre sida av Rhinen, der han vart slått av ein fransk arme under Claude-Louis-Hector de Villars i Friedlingen. Den engelske admiralen Sir George Rooke vann òg eit viktig sjøslag, slaget ved Vigobukta, som førte til at den spanske sølvflåten vart fullstendig øydelagd.

Året etter, sjølv om Marlborough erobra Bonn og dreiv kurfyrsten av Köln til eksil, mislukkast han i å erobre Antwerpen, og franskmennene hadde suksess i Tyskland. Ein samla fransk-bayersk arme under Villars og Max Emanuel av Bayern slo keisararmen under Ludvig av Baden og Hermann Styrum, men kurfyrsten var redd for å marsjere til Wien, noko som førte til at Villars sa opp. Franskmennene tok deriomt fleire sigrar i Sør-Tyskland etter Villars sa opp med ein ny arme under Camille de Tallard i Pfalz. Dei franske leiarane la no store planar og meinte å nytte den samla armeen til Frankrike og Bayern til å erobre den austerrikske hovudstaden året etter. Mot slutten av 1703 hadde derimot Frankrike gått på fleire nederlag for Portugal og Savoie hadde gått over til den andre sida. Samstundes hadde engelskmennene, som tidlegare hadde anerkjend Filip som konge av Spania, no valt å støtte erkehertug Karl i staden.

Den midtre fasen: 1704–1709[endre | endre wikiteksten]

Den fransk-spanske armeen leia av hertugen av Berwick slo dei allierte styrkane til Portugal, Storbritannia og Dei sameinte Nederlanda i det avgjerande slaget ved Almansa.
hertugen av Marlborough var kommandant for dei engelske, nederlandske og tyske styrkane.

I 1704 var den franske planen å nytte armeen til Villeroi i Nederland for å halde Marlborough i sjakk, medan Tallard og den fransk-bayerske armeen under Max Emanuel og Ferdinand de Marsin, erstattaren til Villars, skulle marsjere mot Wien.

Marlborough — som ignorerte ønska til nederlendarane, som ville ha soldatane sine att i Nederlanda — førte dei engelske og nederlandske styrkane sørover til Tyskland. Samstundes flytta Eugene nordover frå Italia med den austerrikske armeen. Måla med desse manøvrane var å hindre den fransk-bayerske armeen frå å nå Wien. Etter å ha møtt kvarandre gjekk styrkane til Marlborough og Eugene til kamp mot franskmennene under Tallard i slaget ved Blenheim. Slaget vart ein stor suksess for Marlborough og Eugene, og slo Bayern heilt ut av krigen. Same året klarte England å erobre Gibraltar i Spania med hjelp av nederlandske styrkar kommandert av prins Georg av Hessen-Darmstadt, på vegner av erkehertug Karl.

Etter slaget ved Blenheim skiltes Marlborough og Eugene igjen, og førstnemde reiste til Nederlanda, medan Eugene drog til Italia. I 1705 vart det lite framgang for verken Frankrike eller dei allierte i krigen. Marlborough prøvde å invadere Frankrike ned elva Mosel, men kom ingen veg, og sjølv om han klarte å slå Villeroi og bryte gjennom linjene i Brabant, klarte han ikkje å få den franske kommandanten ut i kamp. Villars og Ludvig av Baden manøvrerte opp og ned Rhinen utan å oppnå mykje, og soga var mykje den same for Vendôme og Eugene i Italia. I 1706 skjedde det meir, då Marlborough dreiv franskmennene ut av det meste av Dei spanske Nederlanda, og slo styrken under Villeroi i det avgjerande slaget ved Ramillies i mai og følgde opp med å erobre Antwerpen og Dunkerque. Prins Eugene hadde òg suksess. I september, etter at Vendôme drog for å forsterke den knuste armeen i Nederland, påførte Eugene og hertugen av Savoie franskmennene store tap under Orleans og Marsin i slaget ved Torino, og dreiv dei ut av Italia mot slutten av året.

No som Frankrike var kasta ut av Tyskland, Nederlanda og Italia, var det i Spania kampane gjekk føre seg dei neste åra. I 1706 leia den portugisiske generalen Marquês das Minas ein invasjon i Spania frå Portugal, der dei klarte å ta Madrid. Mot slutten av krigen, vart Madrid vunne attende av ein arme leia av kong Filip V og hertugen av Berwick (den uekte sonen til Jakob II av England, som tente i den franske armeen). jarlen av Galway prøvde å ta Madrid på ny i 1707, men Berwick slo han grundig i slaget ved Almansa den 25. april. I eit anna forsøk på Madrid, vart armeen hans grundig slågg av Marquis de Bay i slaget ved La Gudina og vart tvungen til å trekkje styrkane sine ut av Spania. Etter dette glei krigen i Spania over i små uavgjorte småtrefningar.

Kong Filip V av Spania gjorde hetugen av Berwick ein Cavalier av det gyldne skinnet etter slaget ved Almansa, av Jean Dominique Auguste Ingres. Olje på lerret. Samling av hertugen av Alba og Berwick i Madrid i Spania.
Prins Eugene av Savoie av Jacob van Schuppen. Han kjempa side om side med Marlborough i Blenheim, Oudenarde og Malplaquet.

I 1707 kryssa krigen ei kort stund med den store nordiske krigen, som pågjekk samstundes i Nord-Europa. Ein svensk arme under Karl XII nådde fram til Sachsen, der han nettopp hadde tukta kurfyrsten August II og tvunge han til å seie frå seg krava til den polske trona. Både franskmennene og dei allierte sende utsendingar til leiren til Karl, og franskmennene håpte å oppmuntre han til å sende soldatane sine mot keisar Josef I, som Karl følte hadde svike han med å støtte August. Karl såg derimot på seg sjølv som ein forkjempar for det protestantiske Europa, og mislikte sterkt Ludvig XIV for måten han behandla hugenottane på, og var generelt uinteressert i den vestlege krigen. I staden vendte han seg mot Russland og enda høvet for Sverige til å blande seg inn.

Seinare i 1707 leia prins Eugene ein alliert invasjon av det sørlege Frankrike frå Italia, men vart stoppa av den franske armeen. Marlborough vart samstundes verande i Nederlanda, der han erobra ei lang rekkje festningar. I 1708 møtte Marlborough den franske armeen, som var plaga av eit leiarskapsproblem. Kommandantane deira, hertugen av Burgund (barnebarnet til Ludvig XIV) og duc de Vendôme skifta ofte meining og førstnemnde tok ofte ukloke militære avgjersler. Burgund insisterte på at franskmennene ikkje skulle angripe Marlborough og nok ein gong kunne han slå armeen sin saman med Eugene sin. Dei allierte klarte slik å knuse franskmennene i slaget ved Oudenarde, og erobra så Lille. I Italia plyndra Austerrike byar som Forlì (1708).

Katastrofane i Oudenarde og Lille førte Frankrike til randen av ruin. Ludvig XIV vart tvungen til å forhandle. Han sendte utanriksministeren sin, Marquis de Torcy, for å møte dei allierte kommandantane i Haag. Ludvig gjekk med på å overgje Spania og alle spanske område til dei allierte, og bad berre om å få halde Napoli (i Italia). Han var førebudd på å betale pengar for å drive Filip V ut av Spania. Dei allierte tvinga derimot fram eit meir audmjukande vilkår. Dei kravde at Ludvig skulle nytte den franske armeen til å kaste sitt eige barnebarn av trona. Ludvig avslo tilbodet og valte å halde fram krigen til den bitre slutt. Han bønfalla folket i Frankrike og fekk tak i tusenvis av nye rekruttar i armeen sin.

I 1709 gjorde dei allierte tre forsøk på å invadere Frankrike, men to av dei var så små at dei var for avleiingsmanøvrar å rekne. Eit meir seriøst forsøk vart utført av Marlborough og Eugene då dei rykte fram mot Paris. Dei møtte franskmennene under Duc de Villars i slaget ved Malplaquet, det blodigaste slaget i krigen. Sjølv om dei allierte slo franskmennene, tapte dei over tjuetusen mann, medan franskmennene berre tapte titusen mann. Dei allierte erobra Mons, men klarte ikkje å følgje opp sigeren. Slaget markerte eit vendepunkt i krigen, og trass i sigeren klarte ikkje dei allierte å halde fram invasjonen på grunn av dei enorme tapa.

Den siste fasen: 1710–1714[endre | endre wikiteksten]

Marshal Villars (1653–1734) redda franskmennene i den spanske arvefølgjekrigen. Villars var den mest suksessrike kommandanten til kong Ludvig under krigen.
Marskalk Villars leia det franske åtaket i slaget ved Denain. Olje på lerret, 1839.

I 1710 sette dei allierte i gang eit siste felttog i Spania, men klarte ikkje å vinne terreng. Ein arme under James Stanhope nådde Madrid i lag med erkehertug Karl, men vart tvungen til å kapitulere i Brihuega då ein støttearme kom frå Frankrike. Dei allierte hadde i mellomtida byrja å svekkast. I Storbritannia[7] var den mektige politiske innverknaden til Marlborough tapt, då opphavet til makta hans, venskapen mellom kona hans og dronning Anne tok slutt, då dronning Anne sa opp hertuginna av Marlborough frå embetet hennar og bannlyste ho frå hoffet. I tillegg hadde Whigregjeringa trekt støtta si til krigen, og den nye Tory-regjeringa søkte fred.

I 1711 vart erkehertug Karl den tysk-romerske keisaren Karl VI etter at Josef, den eldre broren hans, brått døydde. På det tidspunktet ville ein avgjerande siger for Austerrike, som samla Det tysk-romerske riket med den spanske krona, vore like dårleg for maktbalansen som ein siger for Frankrike ville vore.

Marlborough klarte å vinne ein strategisk siger over Villars, og braut gjennom den franske forsvarslinja Ne Plus Ultra og erobra Bouchain, men vart kalla attende til Storbritannia mot slutten av året, og vart erstatta av hertugen av Ormonde. Britane, leia av statsråd Henry St John, byrja å gjere hemmelege forhandlingar med Marquis de Torcy, og ekskluderte nederlendarane og austerrikarane frå forhandlingane. Hertugen av Ormonde nekta å sende dei britiske styrkane i kamp, så franskmennene under Villars klarte å ta tilbake det meste dei hadde tapt i 1712, slik som i slaget ved Denain. Villars heldt så fram offensiven med suksess. Samstundes vann dei franske styrkane i Spania og erobra Barcelona.

Storbritannia og Nederlanda stoppa kampane mot Frankrike då freden i Utrecht vart underteikna i 1713. Barcelona, som hadde støtta erkehertugen sitt krav på trona i Spania og dei allierte i 1705, overgav seg til slutt til Bourbon-armeen den 11. september 1714 etter ei lang omleiring, som gjorde slutt på dei allierte i Spania. Dette vert i regionen rekna som den katalanske nasjonaldagen.

Fiendskapen mellom Frankrike og Austerrike heldt fram til 1714, då Rastatt- og Baden-avtalane vart ratifiserte og markerte slutten på den spanske arvefølgjekrigen. Spania var treigare i å ratifisere fredsavtalane, så konflikten med Austerrike enda ikkje formelt før i 1720, etter at dei hadde vorte slått av alle stormaktene i kvadrupelalliansekrigen.

Vestindia og Sør-Amerika[endre | endre wikiteksten]

Krigen til havs og i Vestindia var hovudsakleg ein økonomisk krig. Sølvflåtane til Spania og Portugal var målet til motstandarane, og koloniutpostane vart utsett for raid som ofte vart utførte av anten sjørøvarflåtar utrusta av handels- og adelsmenn eller ei blanding av offentlege og private bevillingar. Desse flåtane gjekk til åtak på dårleg forsvarte busetnader, og anten plyndra dei eller kravde løysepengar, som ofte vart betalte i varer og slavar, stundom til gevinst for sigerherren sine eigne plantasjar. Einaste staden som skifta permanent eigar var St. Kitts, som heldt både franske og engelske plantasjar.

I somme koloniar starta førebuinga til konflikten så tidleg som i 1699, då ein fekk vite om den dårlege helsa til Karl II.[8] Christopher Codrington, den britiske guvernøren på Leewardøyane, starta å organisere eit felttog for å drive franskmennene av St. Kitts då han i juli 1702 fekk vite at krigen var i gang.[9] Han følgde opp sigeren med eit mislukka forsøk på å erobre Guadeloupe i 1703, men han fekk gjort stor økonomisk skade før han trekte seg attende.[10] Franskmennene tok hemn i 1706 med eit raid på St. Kitts; men hadde eit mislukka forsøk på Nevis. Seinare klarte Pierre Le Moyne d'Iberville å utføre eit raid mot Nevis. D'Iberville, som døydde seinare same året av ein tropisk sjukdom då han planla eit åtak på Charles Town i Carolina, vart skulda for å nytte slavane han tok på sine eigne plantasjar og ikkje delte dei med andre investorar i ekspedisjonen.

Dei franske, engelske og spanske flåtane var alle aktive i Vestindia. Hausten 1701 sendte både Frankrike og England flåtane sine dit. Den franske flåten til Château-Renault inneheldt 28 linjeskip, større enn nokon tidlegare europeisk flåte i Karibia.[11] Han og John Benbow, admiralen til den mindre britiske flåten, unngjekk kvarandre, og Château-Renault eskorterte den spanske sølvflåten heim frå Vera Cruz før denne vart erobra i Vigobukta.[12] Benbow vart verande att i Karibia og i august 1702 møtte han Jean du Casse i ei omfattande kamphandling utanfor kysten av Sør-Amerika, der han vart dødeleg skadd.[13]

Jean-François Duclerc, ein fransk sjørøvar, hadde Rio de Janeiro som mål og dei lukrative gullsendingane her i 1710. Raidet hans var derimot mislukka og han vart fengsla og seinare drepen i Rio. Franskmennene svarte med eit nytt raid i 1711.[14]

I 1712 la den franske admiralen Jacques Cassard ut på ein ekspedisjon som plyndra britiske Montserrat og fleire nederlandske koloniutpostar, som St. Eustatius, Curaçao, og Surinam.

Nord-Amerika[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Dronning Anne-krigen.

I Nord-Amerika vart krigen hovudsakleg utført av engelske kolonistar mot spanske og franske kolonistar. Begge sidene fekk støtte frå sine allierte indianarstammer, samt noko støtte frå marinane sine. I søraust sette engelske provinsen Carolina i gang eit felttog mot St. Augustine i Spansk Florida som mislukkast, og utførte fleire raidar mot spansk-allierte innfødde, og reduserte sterkt folketalet deira. Franskmennene og spanjolane svarte med eit felttog mot Charles Town, hovudstaden i Carolina, som òg var mislukka.

Acadia og grensa mellom Fransk Canada og engelske provinsen Massachusetts Bay var òg utsett for mange kamphandlingar. Franskmennene og deira innfødde allierte plyndra fleire gonger små samfunn i Massachusetts og New Hampshire, men unngjekk konflikt i New York i frykt for å hisse opp irokesarane, som dei hadde forhandla fram fred med i 1701. Massachusetts-militsen gjorde fleire forsøk på å erobre hovudstaden Port Royal i Acadia, men det kravde massiv marine støtte godkjend av Dronning Anne for å erobre Acadia i 1710. Dronning Anne godkjende òg eit større tokt mot Quebec City i 1711; Dette toktet, leia av admiral Hovenden Walker, var fullstendig katastrofalt. Meir enn 800 mann døydde då fleire av skipa forliste mot klippene ved munningen av St. Lawrence-elva.

Lengst nord sendte engelskmennene fleire gonger flåtane sine for å plyndre franske busetnader og øydeleggje fiskestasjonar på Newfoundland, men tapte stort i St. John's i 1709 etter at franskmennene marsjerte over land frå Plaisance.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Kart som syner grensene i Vest-Europa etter freden i Utrecht og freden i Rastatt.
For meir om dette emnet, sjå freden i Utrecht.

Under freden i Utrecht vart Filip anerkjend som kong Filip V av Spania, men han måtte seie frå seg kravet om ein plass i den franske arvefølgjerekka, og slik hindre ein union mellom Frankrike og Spania. Han fekk halde dei spanske oversjøiske områda, men avstod Dei spanske Nederlanda, Napoli, Milano og Sardinia til Austerrike; Sicilia og delar av Milano til Savoie; og Gibraltar og Menorca til Storbritannia. I tillegg fekk britane eksklusive rettar til den ikkje-spanske slavehandelen i Spansk Amerika i over tretti år, den såkalla asientoen.

Med omsyn til den politiske organiseringa av kongedøma deira, gav Filip ut Nueva Planta-påboda, som følgde sentraliseringstilnærminga til Bourbonane i Frankrike. Dette enda det politiske sjølvstyret til kongedøma som hadde utgjort kongemakta Aragon; områda i Spania som hadde støtta erkehertug Karl og opp til då hatt sine eigne institusjonar som ein laust basert dynastisk union, skild frå resten av det spanske riket. På den andre sida hadde kongedømet Navarra og Baskarland støtta kongen mot den habsburgske pretendenten og dei fekk halde sjølvstyret sitt med institusjonane og lovene sine.

Det skjedde ingen viktige endringar for dei franske områda i Europa. Keisaren ønskte å drive franskmennene attende til Rhinen, og den franske grensa vart heller ikkje pressa bakover i Nederlanda. Frankrike gjekk med på å stoppe støtta til Stuart-pretendentane til den britiske trona og i staden anerkjenne Anne som den rettmessige dronninga. Frankrike gav opp fleire koloniar i Nord-Amerika og anerkjende britiske suverenitet over Rupert's Land og Newfoundland, og avstod Acadia og halve Saint Kitts. Nederlendarane fekk halde forskjellige fort i Dei spanske Nederlanda, og fekk lov å annektere delar av Spansk Geldern.

Med freden i Utrecht var krigane for å hindre fransk hegemoni, som hadde dominert siste halvdelen av 1600-talet og byrjinga av 1700-talet over for denne gong. Frankrike og Spania, som begge var under Bourbon-monarkar, vart verande allierte dei neste åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «War of the Spanish Succession» frå Wikipedia på engelsk, den 6. desember 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Chandler, David (2003). Marlborough as Military Kommandant. Spellmount Publishers. ISBN 186227195X. 
    • Crouse, Nellis M (1943). The French Struggle for the West Indies, 1665-1713. New York: Columbia University Press. 
    • Frey, Linda (1995). The Treaties of the War of the Spanish Succession. Westport: Greenwood Press. ISBN 0313278849. 
    • Hattendorf, John (1987). England in the War of the Spanish Succession. New York: Garland Pub. ISBN 0824078136. 
    • Jongste, Jan A.F. de, and Augustuus J. Veenendaal, Jr. Anthonie Heinsius and The Dei sameinte Nederlanda 1688–1720: Politics, War, and Finance. Institute of Netherlands History (2002).
    • Lynn, John (1999). The Wars of Louis XIV, 1667-1714. New York: Longman. ISBN 0582056292. 
    • Mckay, Derek (1983). The Rise of the Great Powers, 1648-1815. New York: Longman. ISBN 0582485541. 
    • Ostwald, Jamel (2006). Vauban under Siege: Engineering Efficiency and Martial Vigor in the War of the Spanish Succession. Boston: Brill Academic Publishers. ISBN 9789004154896. 
    • Symcox, Geoffrey (1973). War, Diplomacy, and Imperialism, 1618-1763. New York: Harper Torchbooks. ISBN 061395005. 
    • Tombs, Robert (2007). That Sweet Enemy. New York: Knopf. ISBN 9781400040247. 
    • Veenendaal, A. J., Briefwisselling van Anthonie Heinsius, 1702–1720. 19 volumes. Instituut voor Nederlandse Geschiedenis (1976–2001).
    • Wolf, John B. The Emergence of the Great Powers: 1685–1715. Harper & Row, (1962). ISBN 0061397509
  1. Flag of England.svg England (1701–6); Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia (1707–14) Acts of Union 1707 samla England og Skottland, og danna Storbritannia. Gjennom det meste av krigen, var dei skotske einingane betalt av Nederland og opererte som ein del av armeen til Dei sameinte Nederlanda.
  2. Lynn, The Wars of Louis XIV: 1667–1714, s.271. Dei allierte tala er styrken i 1702: Riket (90 000), Dei sameinte Nederlanda (60 000 + 42 000 garnisonssoldatar), og England (40 000). Det inneheld ikkje dei mindre tyske statane eller marinesoldatane.
  3. Simon Barton, "A History of Spania", s.136
  4. Lynn, The Wars of Louis XIV: 1667–1714, s.271.
  5. Statistics of Wars, Oppressions and Atrocities of the Eighteenth Century, Matthew White
  6. Wolf, The Emergence of the Great Powers: 1685–1715. s.92
  7. Merk at samlinga av Storbritannia hadde skjedd i 1707 og Storbritannia erstatta England i krigen.
  8. Crouse, s. 246
  9. Crouse, s. 253
  10. Crouse, s. 273-290
  11. Crouse, s. 256
  12. Crouse, s. 257
  13. Crouse, s. 262-264
  14. Boxer, s. 91-96

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Den spanske arvefølgjekrigen