Satellite

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Satellite»
Singel av Lena Meyer-Landrut
frå albumet My Cassette Player
B-side «Love Me»
«Bee»
Land Tyskland
Språk Engelsk
Utgjeve 13. mars 2010
Lengd 2:54
Låtskrivar(ar) Julie Frost og John Gordon
Produsent Brix, Ingo Politz, Bernd Wendlandt og John Gordon
Lena Meyer-Landrut-kronologi
«Satellite» «Touch a New Day»
(2010)

«Satellite» var det tyske bidraget i Eurovision Song Contest 2010 i Bærum i Noreg, framførd på engelsk av Lena. Songen er skriven Julie Frost og John Gordon.

Eurovision Song Contest 2010[endre | endre wikiteksten]

«Satellite»
Fil:Lena Meyer-Landrut, Tyskland (2).jpg
Eurovision Song Contest 2010
Land Tyskland
Artist(ar) Lena Meyer-Landrut
Alias Lena
Språk Engelsk
Komponist(ar) Julie Frost og John Gordon
Låtskrivar(ar) Julie Frost
Resultat
Semifinalepoeng X
Semifinaleplass X
Finalepoeng 246
Finaleplass 1
Tyskland i Eurovision Song Contest
«Miss Kiss Kiss Bang»
(2009)
«Satellite» «Taken by a Stranger»
(2011)

Sidan Tyskland er direktekvalifisert til finalen i Eurovision Song Contest trong ikkje songen å delta i éin av dei to semifinalane.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer 22, etter Armenia med «Apricot Stone» av Eva Rivas og før Portugal med «Há dias assim» av Filipa Azevedo. Framføringa skilde seg ut av di Lena ikkje hadde noko sprakande danseshow eller sceneeffektar. Ho framførde songen i ein enkel, svart kjole med fire støttevokalistar. Rytmen i songen var òg litt uvanleg for Eurovision. Tyskland fekk tilsaman 246 poeng og vann av totalt 25 bidrag. Songen vann over det tyrkiske bidraget med ein margin på 76 poeng, den til då nest høgaste og no tredje høgaste marginen i historia. Det var den andre sigeren til Tyskland, men den fyrste etter at Vest-Tyskland og Aust-Tyskland vart sameint på nytt. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget fått 243 poeng og vunne og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget fått 187 poeng og vunne.

12 poeng 10 poeng 8 poeng 7 poeng 6 poeng

Spania
Noreg
Danmark
Estland
Slovakia
Finland
Latvia
Sveits
Sverige

Belgia
Tyrkia
Albania
Litauen
Slovenia

Bosnia-Hercegovina
Serbia
Irland
Makedonia

Polen

Russland
Kroatia

5 poeng 4 poeng 3 poeng 2 poeng 1 poeng

Ukraina

Kypros
Storbritannia
Malta
Nederland

Island
Frankrike
Romania
Bulgaria

Hellas

Aserbajdsjan
Portugal

Eurovision Song Contest 2011[endre | endre wikiteksten]

Under opninga av finalen i Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland framførde programleiar Stefan Raab ein ny versjon av «Satellite», dels tilsaman med Lena.

Eurovision Song Contest 2012[endre | endre wikiteksten]

I pausen under den andre semifinalen i Eurovision Song Contest 2012 i Baku i Aserbajdsjan framførde Lena ein del av «Satellite».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Mal:Songar i Unser Star für Oslo Mal:Tyske songar i Eurovision Song Contest

Mal:Songar i Eurovision Song Contest 2010