Baoding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
保定 (Bǎodìng)
Tidlegare namn Paoting; Qingyuan (Chingyüan)
Dei gamle lotushagane i Baoding.
Dei gamle lotushagane i Baoding.
Styresmakter
Land
Provins
Folkerepublikken Kina
Hebei
Geografi
Flatevidd
 - By

22,159 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

10,890,000
  359,1/km²
Koordinatar 38°51′″N 115°29′″EKoordinatar: 38°51′″N 115°29′″E
Tidssone UTC + 8 (UTC+8)
Diverse anna
Bilnummer F
Nettstad: bd.gov.cn
Plassering
Plassering av  Baoding

Baoding er eit byprefektur i den kinesiske provinsen Hebei. Fram til 1958 var Baoding provinshovudstad i Hebei med namnet Qingyuan (Chingyüan). Folketalet vart i 2005 rekna til 10,9 millionar. Sjølve byen hadde i 2003 635 500 innbyggjarar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Satellittbilde av Baoding.

Baoding ligg ved elva Fu og har ei elvehamn. Han ligg aust for Taihangfjella, ved utkanten av Den nord-kinesiske sletta, og 150 km sørvest for Beijing.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Arkeologiske funn viser at historia til byen går tilbake til andre delen av Shang-dynastiet (Yin-tida). På den tida hadde elva Huang He eit nordlegare laup og rann ut i Bohaibukta ved Baoding. Men denne og andre elvar har førd med seg så mykje jord og slam at kystlinja har flytta seg langt austover slik at Baoding ligg nokså langt frå havet.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg i eit landbruksområde og har næringsmiddelindustri og annan lettindustri, til dømes gjødselfabrikkar, bomullsveveri og varmekraftverk.

Baoding er også kjend for filmstudio og industri knytt til dette. Ein av dei største arbeidsgjevarane i byen er China Lucky Film, den største kinesiske produsenten av fotosensitive materiale og magnetisk opptaksutstyr.

Byen er til ein viss grad vorte internasjonalt kjend for miljøindustrien sin, det vil seie selskapet Yingli Green Energy som produserer kiselingoter, kiselplater, solceller og solarmodular av polysilisium.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein av forgardane i guvernørbustaden for Zhili.

Historia til Baoding går tilbake til Han-dynastiet. Byen vart øydelagt av mongolane1200-talet, men etter at mongolane oppretta Yuan-dynastiet vart han gjenoppbygd. Namnet «Baoding» stammar frå dette dynastiet si tid — det kan tolkast omtrent som 'vernet åt hovudstadenn»; hovudstaden til Yuan-dynastiet var Khanbalik, det vil seie Beijing.

I mange år var Baoding hovudstad for provinsen Zhili, og var eit viktig kulturelt sentrum under Ming-dynastiet og under det tidlege Qing-dynastiet. Byen fortsette å vere provinshovudstad også etter at provinsen fekk det nye namnet Hebei. Under andre verdskrig hadde dei japanske okkupantane eit av sine viktigare hovudkvarterer i byen.

I 1958 overtok Tianjin (inntil då byprovins) som provinshovudstad i Hubei. Då Tianjin fekk tilbake sin status som eigen byprovins i 1966, vart Baoding igjen provinshovudstad. Men allereie i 1970 vart den raskt voksande storbyen Shijiazhuang provinshovudstad istaden.

Folk og kultur[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste av innbyggarane i byprefekturet er han-kinesarar. Det vert tala ein eigen dialekt av mandarin, kalla baodingdialekten, som igjen innordnast som ein variant av Ji-Lu-mandarin. Til tross for Baoding ligg nær Beijing ligg dialekten ikkje så nær beijingdialekten, men er meir beslekta med tianjindialekten.

Gågate i Baoding.
Bilgate i Baoding.
Peter-og-Paulus-katedralen i Baoding, bygd i 1905

Administrative område[endre | endre wikiteksten]

Baoding administrerer fire bydistrikt, fire byfylke, og 18 fylke:

  • Xinshi distrikt (新市区; pinyin Xīnshì Qū)
  • Beishi distrikt (北市区; pinyin Běishì Qū)
  • Nanshi distrikt (南市区; pinyin Nánshì Qū)
  • Gaokai distrikt (高开区; pinyin Gāokāi Qū)
  • Dingzhou by (定州市; pinyin Dìngzhōu Shì)
  • Zhuozhou by (涿州市; pinyin Zhuōzhōu Shì)
  • Anguo by (安国市; pinyin Ānguó Shì)
  • Gaobeidian by (高碑店市; pinyin Gāobēidiàn Shì)
  • Mancheng fylke (满城县; pinyin Mǎnchéng Xiàn)
  • Qingyuan fylke (清苑县; pinyin Qīngyuàn Xiàn)
  • Yi fylke (易县; pinyin Yì Xiàn)
  • Xushui fylke (徐水县; pinyin Xúshuǐ Xiàn)
  • Laiyuan fylke (涞源县; pinyin Láiyuán Xiàn)
  • Dingxing fylke (定兴县; pinyin Dìngxīng Xiàn)
  • Shunping fylke (顺平县; pinyin Shùnpíng Xiàn)
  • Tang fylke (唐县; pinyin Táng Xiàn)
  • Wangdu fylke (望都县; pinyin Wàngdū Xiàn)
  • Laishui fylke (涞水县; pinyin Láishuǐ Xiàn)
  • Gaoyang fylke (高阳县; pinyin Gāoyáng Xiàn)
  • Anxin fylke (安新县; pinyin Ānxīn Xiàn)
  • Xiong fylke (雄县; pinyin Xióng Xiàn)
  • Rongcheng fylke (容城县; pinyin Róngchéng Xiàn)
  • Quyang fylke (曲阳县; pinyin Qūyáng Xiàn)
  • Fuping fylke (阜平县; pinyin Fùpíng Xiàn)
  • Boye fylke (博野县; pinyin Bóyě Xiàn)
  • Li fylke (蠡县; pinyin Lǐ Xiàn)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]