Bask

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein bask (eller tanabask) er ein samisk båttype frå Aust-Finnmark. Han har etter måten flat botn. Kjølen er grunn. Basken egnar seg såleis godt på elvar, sjøar og grunne område. Fjordbasken har vorte brukt i dei grunne områda kring elvemunningane inst i Varangerfjorden og Tanafjorden. Elvebasken har mykje same bruksområde som elvebåten, men han er kortare. Basken vert bygd av fure. I tidlegare tider vart borda samansauma med dyresenar eller tæger. Seinare har dei vorte klinka med båtsaum eller spikar som er nykte på innsida.

Så langt ein kjenner til er no ingen original bask i bruk. Sjøfartsmuseet i Oslo har to eksemplar. Hjå Tana museum er det ein båt. I 1996 - 98 vart det rekonstruert to båtar. Den eine er utstilt hjå Varanger samiske museum.

[endre] Kjelder

  • Arne-Terje Sæther: Balanse i baskar og elvebåtar, Kysten nr 5, 2008
  • Arne. R. Hole: Båter og Kystfolk, Aschehoug, 2007.
    Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy