Oselvar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Båtbyggjar Peder Vassnes i Austevoll med oselvaren «Ægir».

Oselvar eller oselver er namn på ein klinkbygd sørvestlandsk båttype som har vore svært utbreidd i ytre strok av Hordaland i mange hundre år. Oselvar vart i 2009 kåra til Noregs nasjonalbåt av Redningsselskapet.[1]

Soge[endre | endre wikiteksten]

Os kommune i Hordaland har ei teikning av ein oselvar i kommunevåpenet sitt

Båttypen har utvikla seg gjennom fleire tusen år, og oselvaren har tydelege trekk sams med både ein rekonstruksjon av Halsnøybåten (ca. år 300 e. Kr.) og Gokstadfæringen (ca. 900 e. Kr.). Frå seinast tidleg på 1500-talet og fram til 1860 vart båttypen eksportert til Shetland og Orknøyane. Under overfarten vart betane tekne ut og dei minste båtane stabla oppi dei større for å utnytta lasterommet i skutene mest mogleg.

Sjølve omgrepet oselvar stammar frå staden der båtbyggjarane Jørgen (1717–1784) og Lars Tøsdal (1726–1802) hadde verkstaden sin, nemleg ved utløpet av Oselva i Os i Hordaland. Etter dette vart båtane på folkemunne kalla for oselvar. Kring 1750 skal dei to tøsdalskarane ha vore dei einaste som dreiv båtbygging som næringsveg i Os. Lenge etter vart likevel båtane oftast nemnde etter heimstaden til båtbyggjaren, bruksområdet eller storleiken på båten. Fyrst utetter 1900-talet vert oselvar eit vidkjent fellesnamn på båttypen. Skal ein båt i dag bli rekna som oselvar, lyt han vera bygd etter det gamle norske alnemålet båtalner (21 norske tommar), lokal byggjemåte og tradisjon frå omlandet kring Bjørnafjorden og Lysefjorden.

Utforming[endre | endre wikiteksten]

Båtane er bygde av furu og eik, lengda kan variera frå 8-18 båtalner (totallengd 4,5-10,0 m). Vanlegaste storleikane er færing (9-11 båtalner) og seksæring (11-13 båtalner), men ein kan òg finna både mindre og større utgåver: æring (8-9 båtalner), åttring (12 ½-14 båtalner) og laromsbåt (12 ½-18 båtalner). Færingar vert bygde med tre bordgangar og tre band med betar over dei to fremste. Større båtar kan òg ha kjølrenne (vanleg frå 11,5 båtalners lengd), meir innved, todelt børabord og todelt ripebord. Esingane går inne i båten langs den øvre kanten på ripebordet frå rong til rong. Utsida av eit halsbord på ein oselvar er konkav og vrir seg frå å vera nærmast loddrett i innløpet med visinga på lòtet til å nærma seg vassrett der halsen møter botna- og børabord. Halsane er altså vridne, jamfør eit propellblad eller kanskje helst eit plogskjer. Under bygging er båtbyggjaren nøye med å velja bord parvis, slik at spensten blir mest mogleg lik på de to sidene i båten.

Opp gjennom tidene har båtbyggjarane og båtbrukarane saman utvikla båttypen slik at kvar båt er best mogleg tilpassa eit visst bruksområde. Med sportsbruken er dette vidareført: I tillegg til bruksbåten finst det i dag både spesialiserte kapproingsbåtar og spesialbygde kappseglingsbåtar.

Kapproing[endre | endre wikiteksten]

Båttypen har vore brukt til organisert kapproing sidan 1847 og organisert kappsegling sidan 1871. I 1898 tok båtbyggjarene til å organiserea seg. Sidan 1978 har det vorte skipa Norgesmeisterskap i Oselvarsegling og i 1997 opna Oselvarverkstaden for å driva opplæring av nye båtbyggjarar. Utanom den organiserte aktiviteten er båttypen mykje brukt som fritidsbåt og er dessutan å finna på ei rekkje museum, både i Noreg og i utlandet.

Oselvaren som seglbåt[endre | endre wikiteksten]

Oselvar med spriseglMøkstrafjorden i Austevoll.

I dag er oselvaren ein eigen klasse i Norges Seilforbund. Båtane vert segla både i spriseglklassen (8 kvm seglareal) og i ulike klassar med bermudarigg etter storleiken på båten. Spriseglet vart teke i bruk i tida 1860-1890, før den tid var råseglet det vanlege. I dagens regattamiljø er rigg og segl i moderne materialar og utføring. Båttypen har strenge klassereglar for rigg og skrog. Desse reglane[2] er godkjende av Norges Seilforbund. I dag finst miljø som kappseglar med oselvaren fleire stader i Hordaland: Austevoll[3], Tysnes[4], Milde[5], Hjellestad[6] og Sotra[7]. Oselvarklubben er nasjonal klasseklubb og overordna samarbeidsorgan for kappseglingsmiljøa.[8]

Til skilnad frå mange andre seglbåtklassar er det tillate med ein viss variasjon i båtlengd og båtform innan kvar seglklasse på oselvaren som regattabåt. Ulike oselvarar kan difor ha litt ulike segleigenskapar, men med dagens klassereglar er likevel kappseglasen med oselvarar like tett og krevjande som med alle andre moderne eintypebåtar.

I tevlingane seglar spriseglklassen med eit mannskap på 3 personar, og sidan oselvaren ikkje har vekt i botnen eller kjøl, vert båten berre balansert med mannskapet som ballast. I frisk vind må dei då lena overkroppen ut over ripa. Seglinga vert då så krevjande at somme kollseglar.

Nasjonalbåt[endre | endre wikiteksten]

I 2009 gjennomførte Redningsselskapet ein SMS-avrøysting der Oselvaren vart kåra til «Noregs nasjonalbåt». Nest flest røyster fekk Åfjordsbåten. [9].

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]