Varangerfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Varangerfjorden

Varangerfjorden (samisk Várjjatvuotna, finsk Varanginvuono) er ein fjord i Finnmark og den austlegaste fjorden i Noreg. Fjorden er om lag 95 km lang.

Ved munningen, mellom Vardø i nord og Grense Jakobselv nær Kirkenes i sør er fjorden om lag 70 km brei. Fjorden strekkjer seg vestover mot Varangerbotn i kommunen Nesseby.

Av kommunar ved fjorden finn ein Vardø og Vadsø på nordsida, Sør-Varanger på sørsida og Nesseby i den indre delen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Fjorden ligg på sørsida av Varangerhalvøya. Den største busetnaden på nordsida av fjorden er byen Vadsø som ligg om lag halvvegs inn i fjorden. Andre stader på nordsida er Kiberg, Komagvær, Skallelv, Krampenes, Ekkerøy, Golnes, Vestre Jakobselv og tettstaden Nesseby. På sørsida ligg byen Kirkenes (ved Bøkfjorden) Bugøynes og Karlebotn.

Inst i fjorden stikk Selešnjárga ut i fjorden her ligg fjordane Karlebotn på sørsida og Meskfjorden på nordsida. Inst i Meskfjorden ligg Varangerbotn

I den ytre delen av fjorden på sørsida ligg fleire øyar. Den største av desse er Skogerøya like nord for Kirkenes. Her ligg óg Kjelmøya og Reinøya.

Fjordarmar[endre | endre wikiteksten]

Alle fjordarmane, om ein ser bort i frå Karlebotn og Meskfjorden i botn, ligg på sørsida av fjorden, og dei fleste i den ytre delen av fjorden rundt Kirkenes.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kvenene som bur ved Varangerfjorden er stort sett etterkomarar etter finske immigrantar som kom til området på 1800-talet frå Finland og Nord-Sverige.

På den første halvdelen av 1800-talet var sjansen for at Russland kom til å krevje ein del av kysten langs Varangerfjorden eit politisk tema i Europa, noko som gjorde at kong Oskar I gjekk inn i allianse med Storbritannia og Frankrike for å hindre dette.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Varangerfjorden

Koordinatar: 70°00′N 30°00′E