Tanafjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Smalfjorden inst Tanafjorden

Tanafjorden (samisk Deanuvuotna) er ein fjord i Finnmark i kommunane Gamvik, Berlevåg og Tana. Fjorden strekkjer seg 66 km sørover til bygda Smalfjord i botn av fjorden og ligg mellom Nordkinnhalvøya i vest og Varangerhalvøya i aust.

Fjorden har innløp mellom Omgangsneset i vest og Skarveneset i aust. Tanafjorden har mange fjordarmar og dei fleste busetjingane ligg i botn av desse. Bygda Store Molvik på austsida er eit av unntaka og Lávvonjárga eit anna nesten heilt sør i fjorden.

Av fjordarmar finn ein på vestsida Tyfjorden, Skardfjorden, Rafjorden, Hopsfjorden og Langfjorden, og på austsida Trollfjorden. Inst i fjorden deler han seg i fem greiner. Frå vest til aust er desse Vestertana, Tarmfjorden, Smalfjorden, munningen av Tanaelva og Leirpollen.

Riksveg 98 og Riksveg 890 går langs botn av fjorden.