Baturyn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Baturyn
Батурин
by
våpen
Land  Ukraina
oblast Tsjernihivoblast
rajon Bakhmatsj rajon
Koordinatar 51°21′N 32°53′E / 51.350°N 32.883°E / 51.350; 32.883
Areal km²
Folketal 2 758  (2011[1])
Folketettleik 394 / km²
først nemnd 1625
 - Bystatus 2008
Kart
Baturyn
51°20′00″N 32°53′00″E / 51.333333333333°N 32.883333333333°E / 51.333333333333; 32.883333333333
Wikimedia Commons: Baturyn

Baturyn (ukrainsk Батурин) er ein historisk by i Tsjernihiv oblast nord i Ukraina.Han ligg i Bakhmatsj rajon (distrikt) ved breidda av Sejmelva. Byen har kring 3 000 innbyggjarar (2011).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er funne spor etter busetnader i området frå yngre steinalder, bronsealderen og etter skytharane. I følgje moderne historikarar vart den første festninga i Baturyn bygd av Storfyrstedømet Tsjernihiv på 1000-talet. Det noverande namnet på busetnaden vart først nemnd i 1625, og referer truleg til festninga til Stefan Batory, konge av Polen, fyrste av Transylvania og storhertug av Litauen, som vart bygd og kalla opp til ære for han. Området hadde vore ein del av Det polsk-litauiske samveldet (Kijów voivodskap) sidan før Lublin-unionen. Det vart kjempa om å få kontroll over byen frå samveldet under Khmelnytskij-opprøret, etter at dei innfødde frå Rutenia fekk ein viss grad av sjølvstyre under hetman Bohdan Khmelnytskij og kosakkstaten hans. I 1648 vart Baturyn omgjort til eit regionssenter for kosakkane (sotnia), med fleire kosakkregiment.

I 1654 budde 486 kosakkar og 274 bønder i Baturyn, som fekk Magdeburgrettar dette året. Etter kvart som busetnaden voks flokka fleire kjøpmenn til området, og det vart halde marknader fire gonger i året. Hovudstaden til Det kosakkiske hetmantet, ein sjølvstyrt kosakkisk republikk i Venstrebreidde-Ukraina, som låg i Baturyn frå 1669–1708, og frå 1750-1764. Det var i Baturyn at hetman Ivan Briukhovetskij signerte Baturyn-lovene i 1663, som utdjupa avtalen med Det russiske tsardømet som Khmelnytskij hadde starta med Perejaslav-traktaten i 1654.

Området blømde under hetman Ivan Masepa (1687–1708), vart større og meir folkerikt (om mot 20 000 innbyggjarar). Baturyn hadde 40 kyrkjer og kapell, to kloster og eit universitet for embetsmenn og diplomatar (Kantseliarskij Kurin). I 1708 hamna Zaporozj-kosakkar midt i den store nordiske krigen, der hetman Masepa støtta Sverige og krigen mot Det russiske imperiet. Han kjempa òg før Ukraina sitt sjølvstende. Den 13. november 1708 vart Baturyn plyndra og rasert av den russiske armeen under Alexander Mensjikov, og alle innbyggjarane vart massakrerte. Dmitro Tsjetsjel, den kommanderande offiseren i garnisonen i Baturin vart avretta på stegle og hjul. Historikaren Serhiy Pavlenko estimerer at 6-7,5 tusen sivile og 5-6,5 tusen militære vart myrda.[2]. Folketalet i byen i 1708 var 20 000. I 1726 var byen ein spøkelsesby.

Palasset i Baturyn, teikna av Andrej Kvasov og gjenoppbygd av Charles Cameron.

Byen vart gjenoppbygd i 1750-åra og var hovudstad for hetman grev Kirill Razumovskij og palasset hans vart teikna av Andrej Kvasov i barokkstil (seinare bygd om i nyklassisk stil av Charles Cameron i 1799-1803). Han var heimen til den kjende kosakken Vasilij Kotsjubej, som vart bygd om lag 50 år tidlegare.

Etter at hetman Razumovskij vart byen mindre politisk viktig. I 1756 vart det bygd ein tekstilfabrik med 12 vevemaskinar og seinare 76 maskinar. Då den russiske keisarinna Katarina II avskaffa den ukrainske kosakkstaten og innlemma området i Det russiske imperiet Baturyn heldt fram å produsere tekstilar og forsynte riket med tepper.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Baturyn» frå Wikipedia på engelsk, den 11. desember 2010.
  • (1972) Історіа мicт i ciл Укpaїнcькoї CCP - Чернiгiвськa область (History of Towns and Villages of the Ukrainian SSR - Chernihiv Oblast), Kiev.