Ronne Entrance

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 72°30′S 74°0′W
Ronne Entrance
bukt
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
koordinatar 72°30′S 74°0′W
Administrert under Antarktistraktaten
Ronne Entrance is located in Antarktis
Ronne Entrance (Antarktis)

Ronne Entrance er ei brei vik i George VI Sound som opnar ut mot Bellingshausenhavet ved sørvestsida av Aleksanderøya i Antarktis. Sørsida av Monteverdi Peninsula ligg nord for Ronne Entrance medan Ellsworth Land ligg sør for innløpet. Innløpet er dekt av is det meste av året og får is frå George VI Sound og George VI isbrem frå sørvest. Ronne Entrance får òg noko is frå Bach isbrem (som skil sørsida av Beethoven Peninsula frå nordsida av Monteverdi Peninsula) og Wilkins isbrem (hovudsakleg frå sørvestdelen av isbremmen). Det ligg nokre øyar i Ronne Entrance, hovudsakleg i sørvest. Somme av desse øyane er Eklund Islands, DeAtley Island, Spaatz Island, Case Island og Smyley Island. Ho vart oppdaga på ein sledetur rundt sundet i desember 1940 av Finn Rønne og Carl Eklund frå U.S. Antarctic Service (USAS), 1939-41, og namngjeven «Ronne Bay». Finn Rønne la bak seg fleire kilometer med ski og hundeslede enn nokon anna i historia og kartla den siste ukjende kystlinja på jorda under Ronne antarktiske forskingsekspedisjon i 1947.[1]

Sidan 1940 har botnen av bukta trekt seg austover og inn i George VI Sound, slik at det ikkje lenger kunne kallast ei bukt. Namnet vart derfor endra til Ronne Entrance, for å halde på namnet, som er kalla opp etter familien Rønne. Faren Martin Rønne deltok på den norske ekspedisjonen til Amundsen, 1910-12, og Byrd-ekspedisjonen 1928-30; sonen Finn Rønne (d. 1980), deltok på Byrd-ekspedisjonen, 1933-35, og USAS, 1939-41. Som kaptein kaptein leia Finn Rønne Ronne antarktiske forskingsekspedisjon, 1947-49 og vart den vitskaplege og militære leiaren for USA i Weddellhavet. Kona hans, Edith Rønne, vart den første kvinna som overvintra på kontinentet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Navy Military History

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Ronne Entrance» (innhald frå Geographic Names Information System).