Belfort

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Belfort
Den vestlege delen av Belfort.
Den vestlege delen av Belfort.
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Franche-Comté
Territoire de Belfort
Geografi
Flatevidd
 - By

17,1 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

50 417
  2 948/km²
Koordinatar 47°38′30″N 06°51′00″EKoordinatar: 47°38′30″N 06°51′00″E
Høgd over havet 358 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.mairie-belfort.com

Belfort er ein by og kommune nordaust i Frankrike, og er préfecture (hovudstad) i departementet Territoire de Belfort i regionen Franche-Comté. Byen har om lag 50 000 innbyggjarar med om lag 80 000 inkludert forstadane.

Byen ligg ved Savoureuse, ei naturleg rute mellom Rhinen og Rhône kalla Belfortkløfta (Trouée de Belfort).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Belfort har ein strategisk plassering i ei naturleg kløft mellom fjella Vogesane og Jurafjella, langs ei rute mellom Rhinen og Rhône. Dette har trekt til seg busetnadar og gjort han til eit mål i mange krigar.

Belfort var busett i gallo-romersk tid, og var på 1200-talet ein del av grevane av Montbéliard, som gav han privilegium i 1307.

Belfort høyrte tidlegare til Austerrike, men vart gjeve til Frankrike i Freden i Westfalen i 1648, som gjorde slutt på Trettiårskrigen. Byen sine festningsverk vart utvida og utvikla av militærarkitekten Vauban for Louis XIV.

Fram til 1871 var Belfort ein del av departementet Haut-Rhin i Alsace. Byen stod imot omleiringa av Belfort mellom 3. november 1870 og 18. februar 1871, då garnisonen fekk ordre om å gje opp 21 dagar etter våpenstillstanden mellom Frankrike og Preussen. I respekt for denne sterke motstanden vart ikkje Belfort annektert av Preussen i lag med resten av Alsace og Lorraine. Territoire de Belfort vart då oppretta, som framleis finst i dag. Ein stor statue kalla Løva av Belfort av Frédéric Bartholdi vart reist til minne om omleiringa.

Innbyggjarar frå Alsace som ville ha ein ny heim i Frankrike medverka stort til industrien i Belfort.

Byen vart bomba av tyskarane under den første verdskrigen, og okkupert under den andre verdskrigen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Belfort