Montbéliard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Montbéliard
Château de Montbéliard
Château de Montbéliard
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Franche-Comté
Doubs
Først nemnd i 985
Geografi
Flatevidd
 - By

15,01 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

27 570
  1 837/km²
Koordinatar 47°31′″N 06°48′″EKoordinatar: 47°31′″N 06°48′″E
Høgd over havet 337 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 25200
Bilnummer www.montbeliard.com

Montbéliard er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Doubs i regionen Franche-Comté og har om lag 30 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart først nemnd i 985 som Mons Beliardae, og vart eit grevskap i Det tysk-romerske rike1000-talet. Byen vart på gamaltysk kalla Mömpelgard og i 1397 gjekk grevskapet via giftarmål til Huset Württemberg. I 1524, 10 år tidlegare enn i Württemberg, innførte grev Ulrich og reformator William Farel protestantisme i Mömpelgard. Frå 1598 til 1608 bygde arkitekten Heinrich Schickhardt fleire landemerke i byen, som St. Martin, eit slott, ei bru, eit universitet og fleire hotell.

Etter den franske revolusjonen vart byen ei kort tid innlemma i Den raurakiske republikken, og i 1793 annektert av Frankrike. Dette vart stadfesta i 1706 og av Reichsdeputationshauptschluss i 1806, då Württemberg som kompensasjon fekk andre område og vart eit kongedøme.

Som følgje av styret under hertugane av Württemberg har byen i fleire hundreår vore ein protestantisk enklave i Frankrike.