Beniamino Gigli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Beniamino Gigli

Beniamino Gigli (20. mars 189030. november 1957) var ein italiensk operasongar frå Recanati i regionen Marche, verdskjend for si tenorrøyst.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Gigli fekk stipend så han kunne studere song i Roma. 24 år gammal vann han ei stor songtevling i Parma. Same året debuterte han i Rovigo som Enzo i operaen La Gioconda av Amilcare Ponchielli.

Året etter hadde han i Bologna stor suksess som Faust i operaen Mefistofeles, noko som gjorde han landskjend. Han fekk tilbod om å synge ved dei største operahusa i Italia, og gjorde mange gjestespel. Gigli song både i heimlandet, i Spania og Sør-Amerika. Åra 1920-32 var han tilsett ved Metropolitan-operaen i New York. Også i Noreg heldt han konsertar.

Gigli vart i samtida rekna som Enrico Caruso sin etterfylgjar som verdas fremste tenor-songar. Han hadde ei sjeldan fyldig og sjarmfull lyrisk røyst, som gjorde han til ein fullkomen utøvar for italiensk belcanto. Repertoaret hans bestod for ein stor del av italienske og franske operaparti. Gigli gjorde i 1918 sine første innspelingar på plate, og song inn masse musikkstykke på plate gjennom åra. Gigli deltok elles i mange spelefilmar.

Han døydde i Roma, og er gravlagd i fødebyen Recanati.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]