Bipolar liding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bipolar liding
VanGogh-starry night ballance1.jpg
De sterrennacht av Vincent van Gogh.
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-10-kode: F31.0
ICD-9-kode: 296

Bipolar liding er ei psykisk liding der det karakteristiske er at personen opplever store svingingar i stemningsleiet, i form av ulike kombinasjonar av depresjon, mani, hypomani og blanda episodar der fleire av tilstandane opptrer. Stemningssvingingane vil medføra mykje uro for pasienten og pårørande. Bipolar liding vil òg ofte redusere evna til over tid å fungere godt sosialt, i utdanning eller i arbeid. I nokre høve kan han føra til store økonomiske tap eller til sjølvmord. Samstundes har ei rekkje personar med bipolar liding også vore kjende for stor kreativitet.

Sjukdommen blei tidlegare kalla manisk-depressiv psykose.

Årsaker[endre | endre wikiteksten]

Årsaker til bipolar liding er ikkje fullstendig kjent, men mykje tyder på at genetiske tilhøve spelar ei stor rolle. Ein har funne at rundt 20 % av barn til nokon med bipolar liding, sjølv vil få denne sjukdommen. Ytre stress ser derimot ikkje ut til å auka talet på dei som har denne lidinga. Derimot kan det føra til utløysing av det første anfallet.

Bipolare lidingar omfattar fleire funksjonsedringar i sentralnervesystemet, men ingen av desse gjeld berre bipolar liding.

Diagnose[endre | endre wikiteksten]

Bipolar liding er klassifisert som ei psykisk liding i det internasjonale diagnosesystemet ICD-10. Det er eit krav til diagnosen at svingingane i stemningsleiet ikkje skjer på grunn av bruk av medisin, rusmiddel eller av somatisk sjukdom.

Bipolar liding er delt inn i ulike former.

  • Bipolar type I. Mani og depresjon

Bipolar liding type I er kjenneteikna av ei veksling mellom periodar med depresjonar og periodar med ukritisk oppstemtheit og hyperaktivitet (mani), ein tilstand som tidlegare var kjend som manisk-depressiv. Det finst også blanda episodar der pasienten har symptom og teikn på djup depresjon og mani samstundes.

  • Bipolar type II. Depresjon og hypomani

Ved bipolar liding type II vekslar depresjonar med såkalla hypomane episodar, ei mindre alvorleg form for heva stemningsleie som ikkje fører til dårleg fungering og som pasienten sjølv ofte ikkje opplever som eit problem. Diagnosen kan difor vere vanskeleg å stille. Ved bipolar liding type 2 har pasientane aldri hatt ein fullt ut manisk episode.

  • Andre former

Bipolar type III viser til lidingsformer der ein berre har depressive periodar, samstundes som det finst familiemedlemmer som har hatt bipolar liding av type I eller II.

Raske svingingar (rapid cycling) mellom stemningane viser til sjukdomsforløp der ein har minst fire depressive eller maniske/hypomane periodar gjennom eitt år.

Bipolart spektrum-lidingar er ei nemning brukast om psykiske lidingar med eit forløp som liknar på bipolar liding type I og II og der ein går ut frå at det ligg mykje av dei same årsakene til grunn. Døme er cyklotymi der personen vedvarande svingar mellom lette depressive og hypomane periodar. Visse former for gjentekne tilbakevendande depresjonar er kjenneteikna ved at det òg finst episodar med hypomani på ein til tre dagar (fire dagar er formelt krav til hypomanidiagnose i DSM-IV og ICD-10) og blir difor oppfatta som ei liding innanfor det bipolare spektrumet.

Musikaren Sinéad O’Connor fekk diagnosen bipolar liding i 2004 etter fleire depressive episodar tidlegare i livet.[1]

Sjukdomsforløp[endre | endre wikiteksten]

Bipolar liding opptrer gjerne først i ungdoms- eller tidleg vaksenalder, men kan òg finnast hos born. Vanlegvis byrjar han med periodevise åtferdsforstyrringar og endra stemningsleie. Barn kan ha periodisk sosial angst og tilbaketrekking.

Minst halvparten får første sjukdomsepisode etter ei ytre belastande hending. Den andre episoden kan skje nokre år seinare, gjennomsnittleg 3-5 år. Utan behandling kan tida mellom episodane etterkvart bli kortare.

Ved dei mest uttalte formene for bipolar liding type I kan depresjonane få karakter av vrangførestillingar, til dømes om utilgjevelege synder eller dødeleg sjukdom (psykose). I slike fasar kan risikoen for sjølvmord vere stor. På same måte kan maniske episodar bli så uttalte at personen fullt ut mistar vurderingsevna og kontakt med røyndomen (realitetsbrist). Manien er gjerne prega av redusert søvntrong, auka taletrong og overaktivitet. Ein kan mista sosiale hemningar, konsentrasjon og kritisk sans, og til dømes legga vidløftige planar, sløsa med pengar eller ha tilfeldig sex. Forsøk på å stoppa den maniske åtferda kan gjera pasienten aggressiv.

Mani og hypomani kan ofte vera knytt til kreativitet og verketrong. Samstundes finst alltid ein risiko for at handlingane kan gå over i uproduktiv eller negativ aktivitet.

Prognose[endre | endre wikiteksten]

Menneske med bipolar liding har livslang sårbarheit for nye maniske, depressive eller blanda episodar. I aldersgruppa 15 til 44 år er sjukdommen ein av dei viktigaste årsakene til nedsett funksjon. Lidinga gjev ofte funksjonstap, òg mellom episodar av mani/depresjon. I ein studie som gjekk over fire år viste det seg at berre 36 prosent av alle pasientane fungerte like godt som før dei første gongen vart sjuke. To av dei fekk ein ny manisk, og to av dei ein ny depressiv episode, innan to år etter at dei vart friske frå den første episoden. Ein gjennomgang av studium om same tema viste at éin av femti pasientar med diagnosen bipolar liding tek sitt eige liv, noko som er femten gonger høgare enn i befolkninga elles.

Å føra statistikk over kor mange som eigenleg døyr av sjølvmord blant bipolare kan vere vanskeleg då ein del av dei truleg tek livet sitt utan å vere diagnostisert med noka psykisk liding eller er diagnostisert med angst eller depresjon i staden for bipolar liding. Ulike tal har vorte presentert på bakgrunn av dette, American Psychiatric Association (APA) har føreslått at så mykje som opptil 25 % av alle menneske med ein bipolar liding vil døy av sjølvmord.

Førekomst[endre | endre wikiteksten]

Ray Davies, songar og låtskrivar i The Kinks, fortalde om si bipolare liding i sjølvbiografien X Ray.

Internasjonalt reknar ein med at anslagsvis 0,6-1,2 % av den vaksne folkesetnaden til ei kvar tid vil ha bipolar liding type I (den klassiske manisk-depressive forma). Ettersom lidinga er kronisk er det lite skilnad mellom 6-månader, 1 år- og livstidsførekomst i folkesetnaden. I ei norsk undersøking frå 2001 (ved Einar Kringlen og medarbeidarar) vart livstidsførekomsten anslått til 1,6 %. Ein går ut frå at det kjem til 400-1200 nye tilfelle av bipolar liding type I i Noreg kvart år.

Førekomsten av bipolar liding type II er usikker ettersom dei store epidemiologiske undersøkingane (befolkningsundersøkelser) ikkje har nytta metodar som har gjort det mogleg å påvise hypomane episodar med rimeleg presisjon. Ei langtidsoppfølging av ei gruppe menneske i Zürich i Sveits frå ung alder anslo livstidsførekomst av type II til 2-4 %. Det er likevel inga allmenn semje om kva for kriterium ein skal nytte for diagnostisering av hypomane episodar. Det er derimot brei semje innan forskings- og fagmiljø om at førekomsten av bipolar liding type II er høgare enn for type I. Eindel pasientar som ein rekna med berre hadde tilbakevendande depressiv lidelse (òg kalla uni-polare depresjonar) har ved fornya gjennomgang vist seg å ha hatt uoppdaga hypomane episodar (bipolar liding type II).

Bipolare lidingar ser ut til å finnast like hyppig blant menn og kvinner.

Behandling[endre | endre wikiteksten]

Ein kan behandla bipolar liding ved hjelp av legemiddel og terapi som går ut på å læra seg å meistra sjukdommen. For å motverka depresjon nyttar ein antidepressiva, ofte kombinert med stemningsstabiliserande middel for å hindra mani i staden, til dømes litium og antiepileptika. Ved djup depresjon er elektrostimulering (elektrosjokk) rekna som ei effektiv behandling. Mot mani kan ein bruka middel som dempar overaktivitet, til dømes nevroleptika.

For å hindra nye episodar kan ein bruka grunnstoffet litium eller andre medikament, særleg antiepileptika, til førebygging. Ikkje-medikamentelle behandlingsformer er òg nyttige for å hindra tilbakefall. Systematisk opplæring i kva bipolar liding er, kva for ei undergruppe ein sjølv lid av og korleis denne artar seg, og kan handsamast, er svært nyttig. Det gjev større høve for å oppdage eventuelle tilbakefall tidleg og dermed setja inn behandling som kan motverka at ein blir alvorleg sjuk igjen. Det er òg haldpeunkt for at individuell systematisk samtalebehandling, til dømes kognitiv psykoterapi, kan vera nyttig for å minska sjansen for tilbakefall.

Livsstil er også viktig. Ved bipolar liding er det ei forstyrring i søvnmønsteret til kroppen. Uroleg døgnrytme er difor uheldig for pasientar med bipolare lidingar, særleg type I og kraftige former for type II. Pasientar bør difor føra eit mest mogleg regelmessig liv, unngå skiftarbeid og stadige endringar i søvnmengde.

Bipolare og andre lidingar[endre | endre wikiteksten]

Mani er ein viktig differensialdiagnose for ADHD. Den viktigaste skilnaden mellom ADHD og bipolar mani er at mani kjem og går, medan ved ADHD er hyperaktiviteten stabil. I nokre høve er begge lidingane til stades.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]