Bletchley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bletchley

Queensway, den største handlegata i Bletchley.
Queensway, den største handlegata i Bletchley.
Plassering
Bletchley is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Buckinghamshire
Distrikt Milton Keynes
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

51 692
Koordinatar 52°0′″N 0°44′″WKoordinatar: 52°0′″N 0°44′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer MK1-3
Telefon-retningsnummer 01908
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bletchley

Bletchley er ein by som ligg i Milton Keynes i England. Fram til 1995 var han ein del av Buckinghamshire, men det året vart Milton Keynes ei sameint styresmakt, og dermed vart Bletchley ein by innanfor ein større by. Han låg opphavleg sør for sjølve Milton Keynes, men dei to byane har no vakse saman.

Namnet er av angelsaksisk opphav, og tyder «Blæccas skog». Den eldste kjende notering om byen er frå 1100-talet, då det vart skrive Blechelai.

Bletchley ligg ved den romerske vegen Watling Street, som i dette området enno har det gamle namnet sitt. I viktoriansk tid var byen ein viktig endestasjon på jarnbana, noko som førde til stor vekst. Han er òg forbunde med Midlands gjennom Grand Union-kanalen.

Landsbyane Water Eaton og Fenny Stratford har vorte innlema i Bletchley.

Byen er mest kjent for Bletchley Park, staden der britiske kryoptoanalytikarar mellom anna knekte den tyske Enigma-koden under andre verdskrigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]