Blyant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bleistift1.jpg

Blyantar er skrivereiskaper hovudsakleg bygd opp av ei blykjerne og virke, som er eit beskyttande tredekke rundt kjernen. «Blyet» er ikkje bly, men ei blanding av grafitt og leire (bly vil likevel bli brukt i det følgjande).

For finare blyanter vert virket laga av den raude, velduftande kjerneveden i blyanttreet. Dette treet kan bli opptil 30 meter høgt, og er ein amerikansk eineart.

Blyantar blir hovudsakleg brukt til å skrive og teikne med (som oftast på eit papir, som består av cellulose). Dette gjer blyanten svært attraktiv blant folk som skriv mykje, blant anna fordi det lett går an å viske ut det vi har skrive (mange blyantar har til og med eit viskelêr på tuppen).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Moderne fargeblyantar.

Dei første spora ein finn av blyant, er frå romartida. Då brukte dei ein trepinne med ein liten blyspiss på tuppen, som sat av spor på papiret når ein skreiv. Det er dette som gjer at vi no kalla det for ein blyant (det eigentlege namnet kjem av det latinske ordet «penicillus» som tydar «liten hale»).

Dei første skikklege blyantane, slik som vi kjenner dei i dag, kom rundt 1564. Då var det nokre gjetarar som fann veldig mykje grafitt i eit fjell i nærleiken av Barrowdale i England. Dei fann ut at dette eigna seg godt til å merke opp sauar, fordi det var hardt, lett å dele opp, og lett å teikne av med. Kjemikarane trudde på den tida at dette var ei form for bly, og kalla det difor «plumbabo» noko som tyder «oppfører seg som bly».

Den første tida etter oppdaginga var det ulovleg å eksportere «blyet», fordi myndigheitene tykte dette eigna seg like godt til støyping av kanonkuler som til blyantar. Difor vart det faktisk smugla bly ut i saueskinn for at blyet ikkje skulle knusast eller oppdagast.

Det var italienarane som var dei første til å hole ut pinnar for å fylle dei med bly. Like etter, vart metoden med å kløyve ein hol pinne frå eit blyanttre, legge ei stong av bly inni, og så lime att delane igjen utvikla. Det er denne teknikken som framleis blir brukt i dagens blyantproduksjon.

Teikning laga med ein 6B-blyant.

Også andre plassar vart det så smått begynt produksjon av blyantar. Men dette vart ikkje like vellukka fordi blyet var veldig porøst og vart fort pulverisert. Difor hadde England så å seie monopol på blyantar heilt til dei i Nürnberg i 1662 fann ein måte dei kunne få pulverisert grafitt tilbake til «fast» form igjen. Dette gjorde dei med ei blanding av svovel og antimon. Men den karakteristiske, firkanta, engelske blyanten, vart framleis laga av naturleg grafitt heilt fram til 1860-åra. No er det eit eige blyantmuseum i den engelske byen Keswick, i nærleiken av der den første plumbaboen blei funnen.

I dagens blyantar kan vi forandre på hardleik og farge. Ein standard deler blyantane inn i 9H, 8H, 8B og 9B. Hardleik har mykje å seia for ein kunstnar, som treng ulike typar blyantar.

Blyant hardhetar.
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Blyant