Voss kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Voss kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1235
Fylke Hordaland
Adm.senter Vossavangen
Areal 1 805 km²
Folkemengd 14 061 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Hans-Erik Ringkjøb (Ap)
Målform Nynorsk
Nettstad www.voss.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1235.svg
Voss kommune på Commons
Distrikt i Hordaland:██ Nordhordland██ Midhordland██ Sunnhordland██ Hardanger██ Voss

Voss kommune er ein kommune nordaust i Hordaland fylke. Kommunen grensar i vest til Vaksdal kommune, i sør til Kvam herad og Granvin herad, i aust til Ulvik herad, og i nord til Aurland kommune og Vik kommune i Sogn og Fjordane fylke. Kommunen fekk dei noverande grensene sine i 1964 då dei tidlegare kommunane Voss, Vossestrand og Evanger vart slegne saman.

Voss er ein innlandskommune og eit trafikknutepunkt, og er med 1 805 kvadratkilometer den største kommunen i Hordaland fylke. 91 % av arealet er fjellområde som ligg høgre enn 300 meter over havet. Kommunen er populær for skigåing og bygda har fostra fleire kjende skiløparar. Nord for Vossavangen ligg skiområda med Voss fjellheisar. Dei seinare åra er det også bygd skitrekk og skiløyper i Myrkdalen, vel 2 mil frå kommunesenteret i samband med utbygginga av Voss Fjellandsby.

Ein person frå Voss vert kalla ein vossing (i eldre tid «ein voss» (m), «ei vossa» (f)) og «vesser» (fleirtal).

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Voss kommune ligg omkring Vossevassdraget mellom grensa til Ulvik øvst i Raundalen i aust, og munningen i Bolstadfjorden i vest, i tillegg til sidedalane Bordalen, Dalane (dalføret mot Hamlagrø) og dalføret av Istadelva mot Granvin i sør, og Strondaelvas dalføre med sidedalar og Teigdalen i nord, i tillegg til dei omliggjande fjelltraktene. Sentralt i kommunen ligg Vangsvatnet med administrasjonssenteret Vossavangen ved austenden.

I Voss kommune ligg Bømoen, ein norsk militærleir. I fleire år har Bømoen vore vintertreningssenter for NATO. Tvildemoen er ein tidlegare militærleir som etter at Forsvaret avslutta verksemda si her, er teken i bruk til industri]- og bustadføremål.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Voss har stolte tradisjonar som bastion for forvaltning av norsk bonde-og bygdekultur, som framleis er haldne i hevd. Smalahove er ein populær rett på Voss, og dette vert markert med det årlege Smalahovesleppet. Bygdesangen for Voss heiter «På Vossevangen der vil eg bu», og den lokale dialekten er kalla for Vossamål. Ein annan song frå distrikter er Vossasongen, som er tonesett av Torgeir Raugstad med tekst av Lars Eskeland. Ein særeigen folkedans frå Voss er vossarull (på dialekt «vossarodl») dansa til musikk av hardingfele. Frå distriktet kjem Vossabunaden.

Voss er ein populær stad for vintersport, med skianlegg mellom anna på Bavallen og i Myrkdalen, og ypparlege skiforhold i Mjølfjellsområdet.

Lokalavisa Hordaland kjem ut på Voss tre gonger i veka, med eit opplag på kring 10 000. Avisa vart grunnlagt i 1883, og dekkjer utanom Voss også grannebygdene i kommunane Granvin, Modalen, Vaksdal og Ulvik. Nærradioen «Radio Folgefonn» som opphavleg starta lokalsendingar i Hardanger, har no òg sendingar som dekkjer større delar av Vossebygda.

Festivalar og tilskipingar på Voss[endre | endre wikiteksten]

I palmehelga kvart år vert jazzfestivalen Vossajazz skipa til. I juni vert det kvart år arrangert Ekstremsportveko og Voss Cup, som er den største norske fotballturneringa for born under 12 år. I august går den årlege Voss Blues and Roots festival av stabelen, og i september fylgjer Skjervheimseminaret. Smalahovesleppet vert arrangert fyrste helga i oktober kvart år, og i slutten av månaden vert folkemusikkfestivalen Osafestivalen halden. I romjula skipar Vossajazz årvisst til Jolajazz.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Jarnbanen Bergensbanen går gjennom kommunen og har stoppestad på Vossevangen. Vegane Europaveg 16 og Riksveg 13 går gjennom kommunen med bussruter mellom Aust- og Vestlandet og frå Sørlandet og nordetter. Der er kortbaneflyplass på Bømoen, men ingen regulære flyruter.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Voss var frå gamalt av ein jordbrukskommune og er enno den største av dette slaget i Hordaland. Det vert særleg drive husdyrhald (kyr og sauer). Fram til etter den andre verdskrigen vart det drive ei utstrekt stølsdrift i kommunen, men dette er det svært lite att av no. Det vert også drive ein del skogsdrift. Utetter siste halvdel av 1800-talet byrja det å koma turistar til bygda, og det vart bygt hotell. Særleg skaut dette fart etter at jarnvegen mellom Bergen og Voss (Vossebanen) stod ferdig i 1883. Seinare er bygda vorte eit av dei større turistsentra i landet. Det er bygt ei rekkje hotell, gjesteheimar, campingplassar og andre overnattingstilbod, og i tillegg til dette ei rekkje aktivitetstilbod for tilreisande, så som riding, kanopadling, golf, sportsfiske, gardsopphald, fallskjermhopping, hanggliding, paragliding og mangt anna. Der er ingen store industriverksemder i kommunen, men ei rekkje mindre, t.d. meieri, mekanisk industri, trevareindustri, sementvarefabrikk og foredling av kjøt.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for noverande Voss kommune frå 1920:

1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4][5][6] 1.1.1961[4][5][6] 1.1.1971[4] 1.1.1981[4] 1.1.1991[4] 1.1.2001[4] 1.1.2010[4]
11986a 12019a 12579a 12687a 13224a 13708 14160 14076 13796 13902
a Talet omfattar Bergsdalen og ein del av Eksingedalen, som var del av gamle Evanger kommune, men ved kommunesamanslåinga i 1964 vart del av Vaksdal kommune. Desse områda hadde då 251 innbyggjarar.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Heradstyrerepresentantar fram til kommunesamanslåinga

Det første listevalet på Voss vart halde i 1898.

År Moderate
Venstre
Venstre Afholdsvenlige
Venstre
Arbeidar-
partiet
Radikale
folkeparti
Upolitiske
lister
Bonde-
partiet
Sosial-
demokratane

Skattebetalernes
sparegruppe
NKP Kristeleg
Folkeparti
Høgre Totalt
1898[7] 12 16 28
1901[8] 11 17
1904[9] 12 16
1907[10] 7 11 10
1910[11] 14a 14b
1913[12] 6 18 4
1916[13] 19 2 2c 5d
1919[14] 17 3 2 6d
1922[15] 7 5 1 3d 12
1925[16] 8 3 6d 10 1
1928[17] 7 8 2d 9 1 1
1931[18] 9 6 4e 9
1934[19] 7 10 1e 10
1937[20] 8 10 10
1945[21] 5 10 3f 8 2
1947[22] 4 10 9 1 3 1
1951[23] 4 12 8 3 1
1955[24] 4 17 9 3 2 35
1959[25] 4 17 9g 3 2

a Venstre og Moderates fællesliste
b De afholdsvenlige Venstres og Moderates liste
c Arbeidardemokratane
d Vossevangens upolitiske valgliste
e Upolitisk liste
f Samhaldslista
g Senterpartiet

Kommunestyrerepresentantar etter kommunesamanslåinga

År Arbeidar-
partiet
Senter-
partiet
Venstre Kristeleg
Folkeparti
Høgre Sosialistisk
Venstreparti
Upolitiske
lister
Det Nye
Folkepartiet
Framstegs-
partiet
Raud
Valallianse
Totalt
1963[26] 20 12 5 3 3 43
1967[27] 19 11 6 3 3 1a
1971[28] 18 11 4 4 2 1a 3b
1975[29] 18 11 1 5 4 2 2
1979[30] 16 9 3 5 8 1 1
1983[31] 18 8 3 4 7 1 1c 1
1987[32] 20 7 3d 4 4 1 3 1
1991[33] 6 15 3 2 3 3 8e 1 2
1995[34] 12 13 3 3 4 3 2e 2 1
1999[35] 18 9 2 3 4 3 3 1
2003[36] 16 8 2 3 3 5 5 1
2007[37] 13 10 3 3 3 4 5 2
2011[38] 12 8 5 2 8 3 4 1f

a Sosialistisk Folkeparti
b Veg- og tiltakslista
c Det Liberale Folkepartiet
d Fellesliste Venstre og Det Liberale Folkepartiet
e Bygdelista
f Raudt

Kjende personar frå Voss[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjelde: SSB
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 Folkemengd på Voss 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  5. 5,0 5,1 Folkemengd på Vossestrand 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  6. 6,0 6,1 Folkemengd i Evanger 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  7. Hordaland 19.10.1898
  8. Hordaland 23.10.1901
  9. Hordaland 26.10.1904
  10. Hordaland 23.10.1907
  11. Hordaland 26.10.1910
  12. Hordaland 22.10.1913
  13. Hordaland 26.10.1916
  14. Hordaland 25.10.1919
  15. Hordaland 25.10.1922
  16. "Hordaland 24.10.1925
  17. Hordaland 24.10.1928
  18. Hordaland 21.10.1931
  19. Hordaland 20.10.1934
  20. Hordaland 20.10.1937
  21. Hordaland 8.12.1945
  22. Hordaland 25.10.1947
  23. Hordaland 13.10.1951
  24. Hordaland 8.10.1955
  25. Hordaland 3.10.1959
  26. Hordaland 25.9.1963
  27. Hordaland 30.9.1967
  28. Hordaland 25.9.1971
  29. Hordaland 18.9.1975
  30. Hordaland 20.9.1979
  31. Hordaland 15.9.1983
  32. Hordaland 17.9.1987
  33. Hordaland 12.9.1991
  34. Hordaland 14.9.1995
  35. Hordaland 16.9.2003
  36. Hordaland 18.9.2003
  37. Resultater for Voss i Hordaland frå regjeringen.no
  38. Resultater for Voss i Hordaland frå regjeringen.no