Henrik IV av Frankrike
Henrik IV av Frankrike (fransk: Henri IV, Henri de Bourbon) (13. desember 1553–14. mai 1610) var konge av Frankrike frå 1589 til 1610 og konge av Navarra (Henrik III av Navarra) frå 1572 til 1610. Han vart fødd i Pau, og var den første franske kongen frå fyrstehuset Bourbon.
[endre] Paris er vel ei messe verd
Trass i at han var protestant og leiar for hugenottane, gifta han seg i 1572 med Margareta av Valois, prinsesse Margarete av Frankrike, dotter av Henrik II av Frankrike og Katarina av Medici. I løpet av bryllupsfesten tok katolikkane livet av mange hugenottar, den såkalla Bartolomeusnatta. Henrik redda sitt eige liv gjennom å gå over til katolisismen.
I 1576 stilde han seg på nytt i spissen for hugenottane sin kamp. Han vart utpeika til tronfylgjar av svogeren, Henrik III av Frankrike, medan han låg og skulle døy. Katolikkane ynskte ikkje å ha "ein kjettarkonge". Etter nokre år med strid, gjekk Henrik i 1593 over til katolisismen igjen, og vart i 1594 krona til konge. Ved overgangen til katolisismen, skal Henrik ha sagt «Paris vaut bien une messe»; 'Paris er vel ei messe verd.
Borgarkrigen tok slutt året i 1594, og Henrik kunne gjera inntog i Paris. Katolisismen hadde sigra, men gjennom ediktet i Nantes av 1598 vart hugenottane sikra ei høvesvis trygg stilling i landet.
| Føregjengar: Henrik III |
Konge av Frankrike |
Etterfylgjar: Ludvig XIII |