Provinsar i Frankrike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Provinsar i Frankrike i 1789.

Provinsar i Frankrike viser til dei ulike administrative inndelingane av kongeriket Frankrike fram til landet blei omorganisert i departement i 1790, året etter den franske revolusjonen. Endringa var eit forsøk på å skapa eit likt system for heile landet i staden for mange utdaterte provinsar, men også å svekka lojaliteten til lokale føydalsystem og i staden auka sentralmakta.

Namna på dei tidlegare provinsane blir framleis brukt innan geografi om naturregionar, og fleire av dei er brukte om nye regionar i Frankrike.

Liste[endre | endre wikiteksten]

Nummererte provinsar i Frankrike.
Franske departement i 1791, med dei tidlegare provinsgrensene avmerkte.

Provinsar i Frankrike før revolusjonen, med provinshovudstader i parentes. Tid for innlemming i Frankrike er oppført, kongedømet Frankrike (royaume de France) med RF, innlemming i kronlanda til kongen (domaine royal) med DR:

  1. Île-de-France (Paris). Oppretta som fransk kronland.
  2. Berry (Bourges) 1101
  3. Orléanais (Orléans).
  4. Normandie (Rouen). DR 1204.
  5. Languedoc (Toulouse). RF 1508.
  6. Lyonnais (Lyon) RF 1313.
  7. Dauphiné (Grenoble) RF 1349.
  8. Champagne (Troyes) DR: 1361.
  9. Aunis (La Rochelle)/ Vasallstat til Aquitaine. 1371.
  10. Saintonge (Saintes) 1371
  11. Poitou (Poitiers). Vasallstat til Aquitaine. 1416.
  12. Duché d'Aquitaine (Bordeaux). RF 1453).
  13. Duché de Bourgogne (Dijon) 1477.
  14. Picardie (Amiens) 1482
  15. Anjou (Angers) 1482
  16. Comté de Provence (Aix). 1482.
  17. Comté d'Angoumois (Angoulême). 1514.
  18. Bourbonnais (Moulins). DR 1527.
  19. Comté de la Marche (Guéret). DR 1527.
  20. Bretagne (Rennes). RF 1532.
  1. Comté du Maine (Le Mans). DR 1584.
    Comté du Perche (Nogent-le-Rotrou) høyrde til Maine-et-Perche i 1789.
  2. Touraine (Tours) 1584
  3. Limousin (Limoges) 1589
  4. Comté de Foix (Foix) 1607
  5. Comté d'Auvergne (Clermont-Ferrand). DR 1457
  6. Béarn (Pau). DR 1620.
  7. Alsace (Strasbourg). RF 1648.
  8. Comté d'Artois (Arras) 1659
  9. Roussillon (Perpignan) 1659
  10. Flandre (Lille) RF 1668.
  11. Franche-Comté (Besançon) RF 1678.
  12. Grand-gouvernement de Lorraine-et-Barrois. DR 1766, ei sameining av Trois-Évêchés (Metz) RF 1648 og Duché de Lorraine og de Bar (Nancy).
  13. Corse (Ajaccio) RF 1768.
  14. Duché de Nivernais (Nevers)
  • Fleire noverande franske område var ikkje del av riket i 1789:
  1. Comtat Venaissin (Carpentras) : Pavestat. 1791. Byen Avignon høyrde til òg paven.
  2. République de Mulhouse : Alliert med dei sveitsiske kantonane. 1798
  3. Duché de Savoie (Chambéry). Tilhøyrde kongeriket Sardinia. 1860
  4. Comté de Nice (Nice). Tilhøyrde kongeriket Sardinia. 1860
  5. Principauté de Montbéliard (Montbéliard) 1793