Brachiosaurus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brachiosaurus

Status i verda: EX Utrydda

Kunstnarleg framstilling av ein Brachiosaurus
Kunstnarleg framstilling av ein Brachiosaurus

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Sauropsida
Orden: Saurischia
Underorden: Sauropoda
Familie: Brachiosauridae
Vitskapleg namn
Brachiosaurus

Brachiosaurus var ein enorm planteetatande dinosaur. Brachiosaurus er klassifisert innan sauropodar og familien brachiosaurane. Brachiosaurus levde i Nordamerika i Juratida, for 145-150 millionar år sidan.

Brachiosaurus var lenge den største kjende dinosauren, men har no vorte passert av fleire andre sauropodar: Ultrasaurus, Supersaurus, Argentinosaurus, Andesaurus og Paralititan. Nære slektningar var m.a. Sauroposeidon, Pelerosaurus og Giraffititan. Brachiosaurus vart skildra vitskapleg i 1903 og høyrer med mellom dei meir kjende dinosaurane.

Skjelett i naturhistorisk museum i Berlin
Bein frå ein Brachiosaurus

Brachiosaurus er rekna å ha vore 25-26 meter lang og 12-14 meter høg. For lenge sidan rekna ein vekta til langt over 100 tonn, noko som ville plassere han i same klassen som blåkvalen. No ligg anslaga vanlegvis mellom 50 og 75 tonn.

Frambeina var, som hos andre brachiosauridar, lenger enn bakbeina, noko som leidde til at dyra minna om gigantiske sjiraffar. Elles var dei svært like andre sauropodar. Brachiosaurus hadde ein lang hals og ein lang hale, sjølv om han, liksom hos andre brachiosauridar var kortare enn hos ein del andre Sauropodfamiliar.

Brachiosaurus var eit utprega flokkdyr, og som andre sauropodar tykkjest brachiosaurus å ha treivst best på store sletter nær sjøar eller andre vassdrag. Til skilnad frå diplodocidar kunne truleg Brachiosaurus og dei andre brachiosauridane ikkje reise seg på bakbeina.

Tidlegare såg ein på Brachiosaurus brancai frå Austafrika som ein av fleire artar innom same slekta. No reknar vi han som ei eiga slekt, kalla Giraffatitan. Verdas størsta nokolunde komplette dinosaurskjelett finst i Berlin og høyrer til eit eksemplar av Giraffatitan.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Brachiosaurus