Bremsnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bremsnes
Geografi
Kommune Averøy
Fylke Møre og Romsdal
Folkemengd[1] 396 (2012)
Folketettleik 671,2 /km²
Areal[1] 0,59 km²
Annan informasjon
Ferdselsårer 64
Postnummer 6530 AVERØY
Preposisjon Bremsnes
Kart
Bremsnes is located in Møre og Romsdal
63°5′8″N 7°39′48″EKoordinatar: 63°5′8″N 7°39′48″E

Bremsnes er ein tettstad i Averøy kommune i Møre og Romsdal fylke. Bremsnes var tidlegare òg ein kommune. Tettstaden har 396 innbyggjarar (2012) og ligg aust på Averøya.

Bremsnes kyrkje frå 1771

Bremsnes kommune[endre | endre wikiteksten]

Bremsnes kommune vart oppretta 1. januar 1897 då Kvernes kommune vart deld i fire (Eide, Kornstad, Kvernes og Bremsnes). Bremsnes hadde ved opprettinga 2917 innbyggjarar. 8. juli 1903 vart ein ubebudd del av Bremsnes overførd til Kvernes kommune. 1. januar 1964 vart Bremsnes kommune oppdeld i samband med kommunesamanslåingar, og opphøyrde som eigen kommune. Største delen av kommunen med 3153 innbyggjarar vart slege saman med Kvernes kommune og det meste av Kornstad til den nye Averøy kommune. Dale krins med 963 innbyggjarar vart slegen saman med Grip og Kristiansund kommunar til den nye Kristiansund kommune. Bolga, Valen og Dale krinsar med 884 innbyggjarar vart slegne saman med det meste av Frei til den nye Frei kommune.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Bremsnes kommune frå 1897 til 1964:

1.1.1897[2] 1910[3] 1.12.1920[4] 1.12.1930[5] 3.12.1946[5] 1.1.1951[6] 1.1.1961[6] 1.1.1964[2]
2917 3830 4426 4454 5210 5266 5204 5000

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.
  2. 2,0 2,1 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  3. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010
  4. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  5. 5,0 5,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  6. 6,0 6,1 Folkemengd i Bremsnes/Averøy 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
Spire Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.