Brenta
| Brenta | ||
|
|
||
| Utspring | Innsjøane Levico og Caldonazzo | |
| - Høgd | 450 moh | |
| Munning | Adriahavet | |
| Land i nedslagsfelt | Italia | |
| Lengd | 174 km | |
| Middelvassføring | Bassano del Grappa 60-90 m³/s; Barzizza 93 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 2 300 km² | |
Brenta er ei elv som renn frå provinsen Trento i Italia til Adriahavet, like sør for Venezialagunen i Veneto.
I romartida vart ho kalla Medoacus og nær Padua delte ho seg i to greiner, Medoacus Maior (Store Medoacus) og Medoacus Minor (Litle Medoacus). Elva endra leie ein gong tidleg i mellomalderen og leie gjennom Padua vart overtatt av Bacchiglione.
Brenta er 174 km lang og vart først kanalisert på 1500-talet då ein lang kanal vart bygd frå landsbyen Stra til Adriahavet og gjekk utanom Venezialagunen. Ein annan kanal, ofte kalla Riviera del Brenta vart bygd for å gå direkte til Venezia og Padua (som var ein slags reservehovudstad for Republikken Venezia. Brenta var derfor ei svært viktig transportåre og det vart etter kvart bygd store villaer langs elva. Berre tre av desse er i dag tilgjengeleg for ålmenta: Villa Foscari, Villa Widmann - Foscari og Villa Pisani. Det venetianske aristokratiet brukte å segle på kanalen i båtar kalla Burchiello. Varer vart transportert på tradisjonelle prammar kalla Burci.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Brenta River frå Engelsk Wikipedia .