Bronsealdergravrøysane i Sammallahdenmäki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sammallahdenmäki.

Bronsealdergravrøysane i Sammallahdenmäki er nokre gravrøysar frå bronsealderen. Røysane ligg ved landsbyen Kivikylä i kommunen Lappi i Västra Finlands län i Finland. På grunn av sin verdi som eit arkeologisk kulturminne vart røysane teke med på UNESCO si liste over verdsarv i 1999.

Området i Sammallahdenmäki vert utgjort av totalt trettitre gravrøysar frå bronsealderen (1500 f.Kr.-500 f.Kr.). På den tida låg området ved kysten. Gravene er laga i tre ulike mønster. Det finst låge og runde små røysar, store røysar forma som ein høystakk og runde ringforma. Ein del av gravene er firkanta og vert kalla ”kyrkgolvet” (kyrkjegolvet). Firkanta steinrøysar er ikkje kjende frå andre delar av Finland. Forma er uvanleg i heile området til den skandinaviske bronsealderkulturen. Ifylgje ei segn på folkemunne tevla risar med nokre kristne om kven som kunne byggja ei kyrkje snøggast. Dei kristne vann tevlinga, og den firkanta røysa er grunnmuren til den kyrkja som risane bygde.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]