Johan Nordahl Brun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Johan Nordahl Brun

Johan Nordahl Brun (21. mars 174526. juli 1816) var ein norsk prest, filsof og diktar.

Brun vart fødd i i Trondheim. Som student i København var han ein av frontfigurane i Det Norske Selskab. Han var prest frå 1774 og vart biskop i Bergen i 1803.

Brun var ein av dei viktigaste norske salmediktarane på den tida og skreiv mellom anna påskesalmen «Jesus lever, Graven brast». Han er også mannen bak Noregs fyrste (uoffisielle) nasjonalsong, «For Norge, Kiempers Fødeland», og «Udsigter fra Ulriken», bysong til Bergen.

Han har fått gater kalla opp etter seg i fleire norske byar, mellom anna i Bergen, Oslo, Drammen, Lillestrøm og Kongsberg.

Familie, utdanning og tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Johan var son av Svend Busch Brun (1703-1784) frå Røros. Busch Brun var kjøpmann i Trondheim, før han slo seg ned som bonde, på garden Høyem på Byneset. Mette Catharine Nordahl, Johans mor, var dotter av løytnant-vaktmeister Jon (eller Johan) Nordahl, som var bondeson frå garden Linge i NorddalSunnmøre. Jon Nordahl var i følgje ætteboka fødd i 1657 som Jon Kuntsson Linge,[1] då han reiste ut tok han etternamnet Nordahl etter prestegjeldet han kom frå.[2] Saman med Anna Catharina Svendsdtr. Busch fekk Jon Nordahl dottera Mette Catharina (1721-1791), dei hadde då eit lite sjølveigarbruk under garden Lingås like ved Linge. Ætteboka skildrar Johan Nordahl Bruns mor slik (uten kjelde): «Datteren Mette Catharina har vel ogsaa hat litt av utfærdslysten i sig, siden hun ikke kunde slaa sig til ro i de smaa forhold hjemme. Men hvad vi ellers vet om hende, vidner om en stille, arbeidssom, religiøst anlagt kvinne.» Mette Catharina gifta seg i 1744 med søskenbarnet Svend Busch Brun. I følgje ætteboka var hennar to eldre brør Johan og Svend fadderar for Johan Nordahl Brun.[3]

Johan Nordahl Brun vitja Norddal prestegjeld i 1799 og skreiv då i visitasprotokollen:[4]

«Mig tjente lignelsen om de fem kloke jomfruer til utgangspunkt. Emne den kristne forutseenhet, rosverdigere jo betimeligere den viser sig, og jo senere desto mere nødvendig. De unge om første artikkel og især om det guddommelig forsyn. Hvilket gav leilighet til å nevne mitt navn Nordahl og Johan Nordahl, hvis dattersønn jeg er; han var nemlig født her, i trange kår, og reiste ut som ganske ung. Dengang var det langt over utvandrernes forventning at hans barnebarn et hundreår og mere enn det efter skulde vende tilbake hit for å visitere kirken i biskopens sted, og jeg priste det guddommelig forsyn sigende med David: Hvo er jeg, Herre? og hva der mitt huus, at du haver ført mid hidindtil?»

Johan Nordahl Brun, hadde først bestemd seg på å bli bonde, men ombestemte seg som tolvåring og vart då innskriven som underoffiser i ”Nordenfjelske Skiløyperkorps.” Foreldra avgjorde snart at sonen skulle få studere og han blei nokre år undervist av halvbroren sin, Johannes Brun, som seinare vart sokneprest i Fjeldberg. Av læraren sin fekk hann innføring i Trondheim Latinskoles Mesterlektie. Etter tre år vart han sendt til Universitetet i København, der han tok ex. Phil i 1764. Nordahl Brun vendte så tilbake til Trondheim, og var huslærar hos kammerråd Meinke i tre år, fram til han i 1767 reiste tilbake til den danske hovudstaden. Her tok han i oktober same år teologisk embetseksamen med svært dårlege karakterar. 2. september 1773 gifta han seg med Ingeborg Lind. Saman fekk dei åtte born.

Dottera Mette Brun (1774-1844) gifta seg med forretningsmann og eidsvollsmann Jens Rolfsen. Jens og Mette fekk sonen Rasmus (1803-1867) som gifta seg kusina Jannike (1809-1893).[5] Rasmus og Jannike fekk sonen Johan Nordahl Brun Rolfsen.

Yrkesliv[endre | endre wikiteksten]

Johan Nordahl Brun vendte så attende til Trondheim, der han brukte tre år som informator og preikar. I 1769 vart han medlem av Det Kongelige norske Videnskabers Selskab, og debuterte året etter offentleg som diktar. Mellom dei fyrste verka hans var eit lykkeynskingsdikt til biskop Gunnerus. Då Gunnerus i 1771 vart kalla til København av Struensee, følgde Brun med som amanuensis. Her skreiv han sørgjespelet Zarine, og Einar Thambeskjælver. I København var Johan Nordahl Brun ein av frontfigurane som 30. april 1774 stifta Det Norske Selskab.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Johan Nordahl Brun vart i 1810, riddar av Danneborg, og to år seinare kommandør av same orden. Nordstjerneordenen vart han medlem av i 1815, og året etter vart han også oppgradert til kommandør.

Diktaren[endre | endre wikiteksten]

Brun er sett på som en av de viktigaste norske salmediktarane på sin tid, og skreiv blant anna Noregs fyrste (uoffisielle) nasjonalsong, For Norge, Kjempers Fødeland, og, Utsikter frå Uldriken, Bergens bysong.

Salmar[endre | endre wikiteksten]

  • «Jesus lever, graven brast» er hans mest kjente salme, en påskesalme
  • «Ånd over ånder, kom ned fra det høye», pinsesalme

Skodespel[endre | endre wikiteksten]

  • Einer Tambeskielver, 1772
  • Zarine, 1772
  • Toldbetienten, 1783
  • Væveriet, 1783
  • Republikken paa Øen,1793
  • Officieren, 1802

Dikt og salmar[endre | endre wikiteksten]

  • Evangeliske Sange , 1786
  • Mindre Digte, 1791
  • Jonathan. Et Digt i ti Sange, 1796
  • Udsikter fra Ulriken

Sakprosa[endre | endre wikiteksten]

  • Hellige taler i Anledning af Ungdommens Confirmation, 1782
  • Fornuftig kierlighed til fædrelandet, 1788
  • Tanker om Norges Odels-Ret, 1788
  • Hellige taler, 2 bd., 1797-1798
  • Anhang til hellige taler, 1805
  • Tolv hellige Taler, 1806

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tafjord, Leonhard og Terje Linge (1997): Ættebok for Norddal. 2. utgåve. Valldal: Norddal kommune.
  2. Lorentzen, A. og M.N. Valdal (2003): ..... og barnet skal heite? Årbok for Norddal 2003. Norddal mållag.
  3. Tafjord, Leonhard og Terje Linge (1997): Ættebok for Norddal. 2. utgåve. Valldal: Norddal kommune, bind 1, s.418.
  4. Brun, Johan Nordahl: Visitas-journal 1794-1812. Avskrift. Digitalarkivet 2003, s.26.
  5. Gunnar A. Skadberg (2011): FAMILIEN ROLFSEN I BERGEN. Bergensposten årgang 14, nr 2 (juni 2011)
Wikisource Johan Nordahl BrunWikikilden (frie originaltekstar)