Bruvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bruvik
Bruvik (til venstre) sett frå toppen av Brøknipa. I bakgrunnen til venstre ligg bygda Vaksdal. Foto: Frode H. Korneliussen
Bruvik (til venstre) sett frå toppen av Brøknipa. I bakgrunnen til venstre ligg bygda Vaksdal.
Foto: Frode H. Korneliussen
Geografi
Kommune Osterøy
Fylke Hordaland
Annan informasjon


Postnummer 5285 BRUVIK
Innbyggjarnamn bruviking
Kart
Bruvik is located in Hordaland
60°28′49″N 5°40′49″EKoordinatar: 60°28′49″N 5°40′49″E

Bruvik er ei bygd i Osterøy kommune i Hordaland fylke. Bygda ligg på sørkysten av Osterøy. Bruvik var senter for ein eigen kommune frå 1870 til 1964.

Bruvik kommune 1870 - 1964[endre | endre wikiteksten]

Bruvik var opphavleg ein del av Haus (Arna) formannskapsdistrikt.

Haus vart delt i to og Bruvik skilt ut som eigen kommune 1. januar 1870.

1. januar 1964 skifta Bruvik kommune namn til Vaksdal kommune og fekk Bergsdalen og Eksingadalen frå Evanger og Modalen kommunar innlemma i seg.

Samstundes vart sjølve Bruvikbygda fråsundra, og danna den nye Osterøy kommune, saman med dei delane av Haus, Hosanger og Hamre som låg på Osterøya.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Bruvik kommune frå 1920 til 1964:

1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1964[3]
4091 4668 5152 5572 5796 5673

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 3,2 Folkemengd i Bruvik 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå