Bu Xiangzhi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bu Xiangzhi under Mtel Masters i Sofia 2008

Bu Xiangzhi[1] (fødd 10. desember 1985) i Qingdao er ein kinesisk stormeister i sjakk, og eit tidlegare sjakk-vidunderbarn. I 1999 kvalifiserte han seg for stormeister-tittelen i ein alder av berre 13 år 10 månader og 13 dagar. Han vart dermed den til då yngste stormeisteren i sjakk i verda. Han vart den 10. kinesiske sjakkspelaren som klarte stormeister-tittelen. I april 2008 vart Bu og Ni Hua den andre og tredje kinesiske sjakkspelaren som klarte å kome over 2700 i FIDE-rating, etter Wang Yue.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Eit eldre søskenbarn lærte Bu å spele sjakk då han var seks år. Bestefaren hans var ein sterk xiangqi-spelar. Bu vart meir interessert i spelet då Xie Jun frå Kina vann Verdsmeisterskapen i sjakk for kvinner i 1991.[2] Han begynte å ta sjakk alvorleg då han var ni år, og hadde trenar frå då. Han hadde rask framgang, og i 1997 vann han ei nasjonal turnering. I 1998, då han var 12 år, vann han ein kinesisk meisterskap for skuleelevar, og same året vann han verdsmeisterskapen i sjakk for ungdom, klassa for under 14 år.

Yngste stormeister i verda[endre | endre wikiteksten]

Ein sponsoravtale med eit firma i heimbyen Qingdao gjorde det mogleg for Bu og trenaren Ji Yunqi å reise til Europa for å ta del i fleire internasjonale sjakkturneringar. Hausten 1999 klarte han på berre to månader dei nødvendige tre innteikningane i stormeistertittelen. Han vann turneringa 21–29. september i Paks, kategori 10, med 6 av 9 moglege og deretter 3–13. oktober vann han Kluger Memorial Budapest First Saturday, kategori 7, med 8,5 av 11 moglege. Han fekk så delt førsteplass 18–23. oktober i Qingdao Daily Cup, med 6 av 8 moglege.[3] Han var som nemnt tidlegare berre 13 år 10 månader og 13 dagar gammal då han sikra seg den tredje og avgjerande stormeisternorma, og blei dermed den yngste stormeisteren i sjakk til då. Han var den yngste stormeisteren i sjakk fram til juli 2002, då Sergej Karjakin vart stormeister berre 12 år og 7 månader gammal.

Seinare karriere[endre | endre wikiteksten]

Bu Xiangzhi under turneringa i blindsjakk i Bilbao i 2007
Bu Xiangzhi (til venstre) mot Levon Aronian under Mtel Masters 2008 i Sofia

Bu har vore ein aktiv deltakar i sjakkturneringar rundt om i verda, og gjort mange gode prestasjonar.

I november 2004 vann han den kinesiske meisterskapen i sjakk i Lanzhou med 9 av 11 moglege.[4]

I oktober 2007 vann han ei stor turnering i blindsjakk i Bilbao med 1,5 poeng margin, framom svært sterke motstandarar som Veselin Topalov, Magnus Carlsen, Pentala Harikrishna, Judit Polgár og Sergej Karjakin.[5]

Lagkampar for Kina[endre | endre wikiteksten]

Bu har sidan 2001 vore med på det kinesiske landslaget i sjakk. Både i VM for landslag i 2005 i Beersheba,[6] og i det 37. sjakk-OL i 2006 i Torino spelte han på første bord for Kina, med svært gode resultat. Kina vart nummer to i begge turneringane, og Bu fekk sølvmedalje for nest beste resultat på første bord. I sjakk-OL vann han fire parti, og spelte åtte remis, mot toppspelarar som Vladimir Kramnik, Viswanathan Anand og Levon Aronian.

Minneverdige parti[endre | endre wikiteksten]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]