Burgos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Burgos
Ciudad de Burgos.jpg
Flagget til Burgos Byvåpenet til Burgos
Flagget til Burgos Byvåpenet til Burgos


Plassering
Burgos is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Castilla y León
Provins Burgos
Grunnlagd 884
Borgarmeister Juan Carlos Aparicio
Geografi
Flatevidd
 - By

107,08 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

177 879
  1 661,2 /km²
Koordinatar 42°21′″N 3°45′″WKoordinatar: 42°21′″N 3°45′″W
Høgd over havet 856 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 09001 - 09007
Telefon-retningsnummer 947
Nettstad: www.aytoburgos.es

Burgos er ein by nord i Spania, på kanten av det sentrale platået i landet. Han har om lag 175 000 innbyggjarar og er provinshovudstad i provinsen Burgos i den autonome regionen Castilla y León. Burgoslovene eller Leyes de Burgos vart kunngjort her i 1512.

History[endre | endre wikiteksten]

Burgos-borga frå 884

Det er funne spor etter tidlege menneske rundt Burgos frå så tidleg som 800 000 år sidan. Då romarane tok over det som i dag er provinsen Burgos låg det ein keltiberisk by her. I Romarriket høyrte området til Hispania Citerior («Næraste Spania») og så til Hispania Tarraconensis. På 400-talet dreiv vestgotarane tilbake suebane, før arabarane erobra nesten heile Castilla på 700-talet. Dette var berre for ein kort periode, og dei sette lite preg på området samanlikna med områda lenger sør. Alfonso III den store, konge av León erobra området tilbake på midten av 800-talet og bygde fleire borger her for å forsvare kristendomen. Regionen vart derfor kalla Castilla (latinsk castella), altså «landet med borgene».

Burgos vart grunnlagd i år 884 som ein utpost langs den kristne grensa,[1] då Diego Rodríguez «Porcelos», greven av Castilla, styrte området med ordre om å auke den kristne folkesetnaden. Han samla derfor innbyggjarane på den omliggande landsbygda i denne forskansa landsbyen, som vestgotarane kalla Burgos på grunn av dei kraftige bymurane.[2] Grevskapet (condado) Burgos var underlagt kongane av Léon og vart styrt av grevar. Grevskapet vart gradvis utvida og ein av desse grevane, Fernán González, gjorde seg sjølvstendig. Dette vart seinare Kongedømet Castilla, og var stundom samla i lag med Navarra, stundom i lag med Leon. Under regjeringstida til St. Ferdinand III (om lag 1200–1252), vart Leon og Castilla slått saman, men dei vart framleis kalla Kongedømet Leon og Kongedømet Castilla fram til 1800-talet.

På 1000-talet vart byen sete for ein katolsk biskop og hovudstad i Kongedømet Castilla. Burgos var ein viktig stoppestad for pilegrimar på veg til Santiago de Compostela. Jakobsvegen gjekk gjennom byen. Han var òg eit handelssenter mellom Biscayabukta og områda lenger sør, og dermed kom mange utanlandske handelsmenn til byen. Dei vart ein del av oligarkiet i byen og stengde ute andre utlendingar.[3] På 1200- og 1300-talet var Burgos ofte hovudstad for kongane av León og Castile og fleire av kongane var gravlagde her.

I 1574 gjorde pave Gregorius XIII biskopen i byen til erkebiskop, etter ønske frå kong Filip II.

Burgos var åstad for mange krigar: med maurarane, kampane mellom León og Navarra og mellom Castilla og Aragón. I den spanske sjølvstendekrigen mot Frankrike var Burgos åstad for eit slag, og igjen på 1800-talet under borgarkrigen då. Under den spanske borgarkrigen i 1930-åra var Burgos base for nasjonalistregjeringa til general Franco.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Teofilo F. Ruiz, "The Transformation of the Castilian Municipalities: The Case of Burgos 1248–1350" Past and Present 77 (November 1977, s. 3–32), s. 5.
  2. Wright, Joseph, 1892, A Primer of the Gothic Språk, glossary & section 182.
  3. Ruiz 1977:10.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Burgos