Qinghai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Qinghai
provins
Offisielt namn: 青海, Qīnghǎi
Land  Kina
Areal 696 700 km²
Folketal 5 923 957 (2020)[1]
Kart
Qinghai
35° N 96° E
Qinghai i Kina.
Qinghai i Kina.
Qinghai i Kina.
Wikimedia Commons: Qinghai

Qinghai (kinesisk skrift 青海, pinyin Qīnghǎi) er ein provins i Folkerepublikken Kina. Han har fått namnet sitt etter den store Qinghaisjøen (Koko Nor). Provinsen grensar til Gansu i nord-aust, Xinjiang i nord-vest, Sichuan i sør-aust og Tibet i sør-vest. Qinghai dekker eit flatemål på 721 000 km². Folketalet vart i 2009 berekna til 5,57 millionar. Xining er hovudstad i provinsen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Hoh Xil er rekna som verdsarv av UNESCO.
Tuo Tuo-elva.

Qinghai ligg på den nordaustlege delen av det tibetanske platået. I gjennomsnitt ligg landskapet i Qinghai over 3 000 meter over havnivå. Fjellkjeder som Tanggula Shan og Kunlun Shan set preg på provinsen.

Tanggula Shan.

Qaidam-bekkenet ligg i det nordvestlege Qinghai. Bekkenet ligg mellom 2 600 og 3 300 meter over havet. Om lag ein tredel er av området er ørken, som hyser rike mineralførekomstar. Qinghaisjøen (Koko Nor) er den største saltvassinnsjøen i Kina, og den nest største i verda.

Huang He har sine kjelder i den sørlege delen av provinsen, medan Chang Jiang og Mekong har sin kjelder i den sørvestlege delen. Det nasjonale naturreservatet Sanjiangyuan, dekker det området av Qinghai der dei tre elvane Huang He, Chang Jiang og Mekong (Lancang Jiang) har sine kjelder. Naturreservatet vart oppretta i 2003 for å verne om kjeldene til dei tre elvane. Reservatet består av 18 underområde.

I flatemål er Qinghai den største provinsen i Kina. Tek ein dei autonome regionane med, er Xinjiang den største landeininga i Kina.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Middeltemperaturen for året er mellom −5 og 8 °C. Januartemperaturen varierer frå −18 til −7 °C og julitemperaturen varierer frå 15 til 21 °C. Qinghai kan i perioden frå februar til april vere utsett for kraftige vindar, så vel som sandstormar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Delar av området som i dag er Qinghai kom for om lag 2000 år sidan under Han-dynastiet sin kontroll. Store delar av regionen låg likevel utanfor sjølve Kina, og var lenge kjent under mongolske namnet Kokonur. I området møttest folk av tibetansk, mongolsk, hankinesisk og tyrkisk opphav.

Tang-dynastiet og seinare kinesiske dynasti låg stendig i strid med tibetanske stammer.[2] Dei nordlege og austlege delane av Qinghai vart kontrollert av Ming-dynastiet i sine tidlege år, seinare var dei prega av oppstandar mot sentralstyring. Frå seint i Ming-dynastiet si tid til 1724 var ein stor del av dagens Qinghai kontrollert av khoshut-mongolar. Då vart regionen erobra av Qing-dynastiet sin hær.[3]

Etter det stortibetanske riket gjekk under, eit rike som sameina Tibet under ein tsenpo (btsan po), ein keisarlik herskar, vart det ikkje seinare danna noko tibetansk rike som omfatta heile det tibetanske høglandet. Særleg det austlege Tibet vart splitta opp i små og mellomstore rike og område, som samstundes hadde band til den seinare Dalai Lama si regjering i Lhasa.

Chiang Kai-shek, leiar av Republikken Kina (høgre), i møte med dei muslimske generalane Ma Bufang (andre frå venstre), og Ma Buqing (første frå venstre) i Xining i Qinghai i august 1942.

Sidan ca. 1727 vart Kokunor-territoriet, som omfatta det nordlege Kham og størstedelen av Amdo, styrt frå byen Xining. Denne by låg fram til tidleg på 1900-talet under provinsen Gansu.

1781-84 gjorde hui-muslimane opprør mot den kinesiske sentralregjeringa. I 1807 gjorde dei tibetanske stammene opprør. Ein oppstand, Dungan-revolten (1895-96) braut ut i Qinghai.

Etter Xinhairevolusjonen herska muslimsk-kinesiske huiguvernørar og krigsherrar over storparten av regionen fram til 1928. Gjennom Nordekspedisjonen fekk då nasjonalistane kontroll over Kokunor, som same året, 1928, vart omdanna til provinsen Qinghai. Fram til den kinesiske borgarkrigen enda i 1949, var Qinghai base for den muslimske krigsherren Ma Bufang. Tida 1950-58 føregjekk den kinesisk-tibetanske krig i Qinghai, samstundes med ein Kuomintangleia islamsk oppstand.

I 1993 vart eit muslimsk opprør slått ned av dei kommunistiske styresmaktene.[4]

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Eit lite fleirtal, 54,5 %, av innbyggarane i Qinghai er han-kinesarar. Dei andre folkegruppene er tibetanarar 20,87 %, huifolk 16 %, tufolk 4 %, salarfolk og mongolar.

Administrasjonseiningar[endre | endre wikiteksten]

Qinghai er delt i 8 einingar på prefekturnivå (Eitt byprefektur, eitt prefektur og seks autonome prefektur)

Kart # Namn Hanzi Hanyu Pinyin Administrasjonssete Type
1 Haixi (For mongolane og tibetanarane) 海西蒙古族藏族自治州 Hǎixī Měnggǔzú Zàngzú Zìzhìzhōu Delingha Autonomt prefektur
2 Haibei (For tibetanarane) 海北藏族自治州 Hǎiběi Zàngzú Zìzhìzhōu Haiyan Autonomt prefektur
3 Xining 西宁市 Xīníng Shì Chengzhong Byprefektur
4 Haidong 海东地区 Hǎidōng Dìqū Ping'an Prefektur
5 Hainan (For tibetanarane) 海南藏族自治州 Hǎinán Zàngzú Zìzhìzhōu Gonghe Autonomt prefektur
6 Huangnan (For tibetanarane) 黄南藏族自治州 Huángnán Zàngzú Zìzhìzhōu Tongren Autonomt prefektur
7 Yushu (For tibetanarane) 玉树藏族自治州 Yùshù Zàngzú Zìzhìzhōu Yushu Autonomt prefektur
8 Golog (For tibetanarane) 果洛藏族自治州 Guǒluò Zàngzú Zìzhìzhōu Maqên Autonomt prefektur

Dei åtte einingane på prefekturnivå er delt i 43 einingar på fylkesnivå (4 distrikt, to byfylke, 30 fylke og 7 autonome fylke). Desse er i sin tur delt i til saman 429 einingar på kommunenivå (115 bykommunar, 253 landkommunar, 30 etniske kommunar og 31 subdistrikt).

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Rapsåkrar i Qinghai.

Økonomien til Qinghai er mellom dei minste i Kina. Bruttonasjonalprodukt for 2009 utgjorde 0,3 % av heile landets økonomi.

Landbruk er ei hovudnæring, der husdyrhaldet er særleg viktig. Store buskapar med sauer, geiter og jakar vert gjætt over vide beitemarker. Avl av storfe, gris og hest vert drive i noko mindre skala. Jordbruket er konsentrert aust i provinsen langs elvane Huang Shui og Huang He. Viktigaste jordbruksproduktet er kveite, framom bygg, poteter og raps.

Tungindustrien omfattar jarn-og stålproduksjon, eit av Kinas største aluminiumsverk ligg i nærleiken av hovudstaden Xining. Annan industri tilverkar ull- og hudprodukt, matvarer og kjemikaliar. I Qaidambekkenet finst rike mineralressursar med mellom anna store førekomstar av salt. Reservane av høvesvis sylvin, magnesitt, litium, jod og svovel i provinsen er alle dei største i Kina. Ved Lenghu vinn ein ut olje og gass, noko som har gitt viktige bidrag til økonomien i provinsen. Eit av Kinas største vasskraftverk ligg ved Longyangkløfta langs Huang He.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://tjj.qinghai.gov.cn.http.80.3521307776.ipv6.bozhou.gov.cn/tjData/surveyBulletin/202107/t20210701_73825.html.
  2. daud lenke, Purdue - Tibetan history Arkivert 2007-08-21 ved Wayback Machine..
  3. The Times Atlas of World History. (Maplewood, New Jersey: Hammond, 1989) p. 175
  4. Prof. Jeremy Black (utg.): DK Atlas der Weltgeschichte, s. 275. Starnberg 2006

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]