Cíesøyane

Koordinatar: 42°13′24″N 8°54′14″W / 42.22333°N 8.90389°W / 42.22333; -8.90389
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øyane i Vigo-området.

Cíesøyane er ei øygruppe på kysten av Pontevedra i Galicia, ved munningen av Ría de Vigo i Spania. Dei høyrer til soknet San Francisco de Afora i kommunen Vigo. Øyane vart erklært eit naturreservat i 1980 og er ein del av Marítimo-Terrestre das Illas Atlánticas de Galicia nasjonalpark, oppretta i 2002.

Øygruppa[endre | endre wikiteksten]

Cíesøyane består av tre øyar, Monteagudo, do Faro og San Martiño.

Nordkanalen ligg mellom Monteagudo og Morrazohalvøya, medan Freu da Porta-sundet ligg mellom San Martiño og Santouloneset. Do Faro er landfast med Monteagudo med ei 1200 meter lang sandtunge kalla Rodasstranda aust på øya. Ved flo sjø ligg sandbanken under vatn. Det høgaste punktet på øyane er Alto das Cíes (197 moh) på Monteagudo.

Øyane oppstod på slutten av tertiærtida, då delar av kysten sokk, og skapte estuara. Alle tre øyane er toppar av kystfjell som no ligg under havoverflata.

Øyane er fjellkledde med grove, nesten vertikale klipper på vestsida og mange grotter (furnas) forma av erosjon frå vind og sjø. Austsida er mindre bratt og dekt av skog og buskar med strender og sanddyner ut mot Atlanterhavet.

Naturreservatet[endre | endre wikiteksten]

Området har ein verdifull natur og på grunn av menneskeleg påverknad på naturen her, vart området eit naturreservat i 1980. Vernenivået varierte fram til 2000 då styresmaktene i Galicia søkte om få området gjort om til nasjonalpark hos den spanske regjeringa. Den endelege avtalen vart signert i juni 2002 og øyane vart ein del av nasjonalparken.

Sidan 1992 har det vore ulovleg med undervassfiske på øyane. Somme tradisjonelle aktivitetar, inkludert tradisjonelt fiske, er likevel lov så lenge det ikkje råkar miljøet og bevarerer naturressursane.

Sidan 1988 har øyane òg hatt status som ZEPA (Zona de Especial Protección para las Aves, som er spansk for Spesielt verneområde for fuglar) og dei er ein del av nettverket Natura 2000.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Rodasstranda (praia das Rodas) vart av avisa The Guardian erklært den flottaste stranda i verda[1].

Om sommaren går det båtar frå Monteagudo til hamnene i Vigo, Baiona og Cangas. Det finst eit campingområde, men ein må først ha løyve frå Vigo. Her finst òg ein supermarknad, eit turistsenter og ein restaurant.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Top 10 beaches of the world, Gavin McOwan, The Guardian, 16. februar 2007.

42°13′24″N 8°54′14″W / 42.22333°N 8.90389°W / 42.22333; -8.90389