Vigo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vigo
Vigo sett frå Monte do Castro
Vigo sett frå Monte do Castro
Flagget til Vigo
Flagget til Vigo
Kallenamn
«A Cidade Olívica («Olivenbyen»)»
Plassering
Vigo is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Galicia
Provins Pontevedra
Grunnlagd 1400-talet
Borgarmeister Abel Caballero
Geografi
Flatevidd
 - By

109,1 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

295 703
  2 710,4 /km²
Koordinatar 42°13′″N 8°43′″WKoordinatar: 42°13′″N 8°43′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer 362--
Telefon-retningsnummer +34 986
Nettstad: hoxe.vigo.org

Vigo er den største byen i Galicia i Spania, og ligg i provinsen Pontevedra.

Han har opp mot 300 000 innbyggjarar og eit storbyområde på kring 470 000 innbyggjarar, som er det fjortande største i Spania. Vigo er den største byen i Spania som ikkje er provinshovudstad.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Byområdet til Vigo er bygd over eit åsfort (castro) og ein romersk busetnad. Ein meiner at namnet Vigo kjem frå det latinske ordet Vicus

Historie[endre | endre wikiteksten]

I mellomalderen var den vesle landsbyen Vigo ein del av området til dei omliggande byane, særleg Tui og han vart råka av fleire åtak frå vikingar. Innbyggjartalet var derimot så lågt at Vigo ikkje vart rekna som ein verkeleg landsby før rundt 1400-talet, då dei første nedskrivne kjeldene nemnde staden.

På 1500- og 1600-talet vart byen angripe fleire gonger. I 1585 og 1589 plyndra Francis Drake byen og okkuperte han ei kort stund. Mange av bygningane vart då brend ned. Fleire tiår seinare prøvde ein tyrkisk flåte å angripe byen. Som følgje av dette vart det bygd bymurar i 1656 under regjeringstida til Filip IV av Spania. Dei er framleis delvis bevarte.

I løpet av denne tida, og trass i alle åtaka, utvikla byen Vigo seg ved hjelp av handel og fekk mange privilegia av kongane av Spania.

Slaget i Vigobukta i 1702

I 1702 fann slaget ved Vigobukta stad og i 1719 vart han okkupert i ti dagar av ein britisk styrke sidan ein spansk flåte hadde reist ut frå Vigo i eit forsøk på å invadere Skottland for å støtte jakobittane.

I 1808 annekterte ein fransk arme Spania til Frankrike under Napoleon, men Vigo vart ikkje erobra før januar 1809. Vigo var òg den første byen i Galica som vart frigjort frå franskmennene under den spanske sjølvstendekrigen.

Byen voks raskt på 1800- og 1900-talet. Dette førte til vedvarande endring i byplanlegginga og Vigo er derfor mindre strukturert enn mange andre byar i Galicia.

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Fleire tyske ubåtar skal ha vorte søkkte nær hamna i Vigo: U-523 den 25. august 1943 (17 døde og 37 overlevande) og U-506, søkt 12. juli 1943 (48 døde og seks overlevande).

Klima[endre | endre wikiteksten]

Vigo har eit maritimt klima (Köppen Cfb). Den gjennomsnittlege årstemperaturen er 15 °C.[1] I motsetnad til mange andre galiciske byar har Vigo høge sommartemperaturar og milde vintrar. Dette kjem av ei verna plassering, omgjeve av innlandsfjell og øyane Illas Cíes i bukta ut mot havet.[2]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vigo

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.vigo.com/v/geography/
  2. http://www.galiciaguide.com/Vigo-index.html