Cairn Gorm
| Cairn Gorm | |
| Munro | |
|
Cairn Gorm frå Coire an t-Sneachda
|
|
| Land | |
|---|---|
| Topp | Cairngorms |
| - høgd | 1 245 moh |
| - skardhøgd | 145 m |
Cairn Gorm (Cairngorm) (gælisk An Càrn Gorm, tyder «Blå- eller Grønåsen») er eit fjell i Dei skotske høglanda oppfor Strathspey og byen Aviemore. Med ei høgd på 1245 meter over havet er dette det sjette høgaste fjellet i Storbritannia. Det har gjeve namn til heile fjellkjeda, sjølv om desse åsane i røynda heiter Am Monadh Ruadh (Raudåsane) og ikkje Cairngorms. Cairn Gorm er det mest prominente av fjella i Cairngorm sett frå Speyside, men er ikkje det høgare.
Det meste av nordvestsida av fjellet er utvikla med skiløyper i Coire Cas. I tillegg til skitrekk, snøskjermar og skiløyper, finst det ein kabelbane i dalen på denne sida.
Det står ein automatisk vêrstasjon på toppen av fjellet.[1].
Den 21.-22. november 1971 omkom fem elevar frå Ainslie Park High School i Edinburgh og ein instruktør frå Newcastle-under-Lyme i ein snøstorm ved Feith Buidhe på Cairn Gorm.[2]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Cairn Gorm» frå Wikipedia på engelsk, den 4. april 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Cairn Gorm Weather Station». Heriot Watt University. Dept. of Physics. http://www.phy.hw.ac.uk/resrev/weather.htm. Henta 4. april 2011.
- ↑ Aircrew Association: Cairngorm Disaster 1971