Kabelbane
Kabelbane eller funicular er eit transportmiddel der vognene er festa til ein kabel for å føre vognene opp og ned ein bratt skråning. Fløibanen i Bergen er den einaste kabelbana i Skandinavia. Ordet funicular kjem frå det latinske funiculus som tyder «tynt tau».
Historie [endre]
Dei fyrste kabelbanene vart drivne med vasskraft og lét taubåtar i elvar forsere stryk. Dei vart brukte tidleg på 1800-talet. Denne typen kanaltrafikk var på høgda i 1830-åra i USA. I Noreg har ein ikkje hatt noko slikt transportmiddel. Det næraste ein kjem, er varianten Kjerraten i Åsa.
Ei av dei mest kjende kabelbanene nokon gong var Mount Lowe Railway i det sørlege California. Det var ei bane som tok passasjarene 1 050 meter opp til snøfjellet Mount Lowe. Ho vart bygd rundt 1900 og var driven av Pacific Electric Railway. Bana vart nedlagt i 1938, då ein brann øydela fasilitetane for skituristane.
Kabelbana til toppen av Vesuv inspirerte til songen Funiculì Funiculà av Luigi Denza (med tekst av Peppino Turco). Denne bana vart totalskadd under utbrotet Vesuv hadde i 1944 og er aldri vorten restaurert og sett i drift igjen.