California Girls

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«California Girls»
Singel av The Beach Boys
frå albumet Summer Days (And Summer Nights!!)
B-side «Let Him Run Wild»
Utgjeve 12. juli 1965
Innspelt instrument: 6. april 1965; Western Studios
vokal: 4. juni 1965; Columbia Records Studio
Sjanger Sunshine pop, skiffle
Lengd 2:38
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Brian Wilson/Mike Love
Produsent Brian Wilson
The Beach Boys-kronologi
«Help Me, Rhonda»
(1965)
«California Girls» «The Little Girl I Once Knew»
(1965)

«California Girls» er ein song skriven av Brian Wilson og Mike Love og spelt inn av The Beach Boys i 1965. Songen vart gjeven ut som singel og nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100 i USA. Songen vart òg gjeven ut på albumet Summer Days (And Summer Nights!!).

Songen er ein av dei 500 songane som Rock and Roll Hall of Fame meiner var med på å forme rock and roll. Songen vart òg rangert på 71. plass av musikkmagasinet Rolling Stone på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.[1]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Musikken til songen skal ha kome frå den første opplevinga Brian Wilson hadde med LSD.[2] I følgje Brian Wilson sjølv i dokumentaren Beautiful Dreamer, skal han kort tid etter å ha tatt LSD sprunge opp på rommet sitt, gøymd seg under puta og ropt «Eg er redd for mor mi, eg er redd for far min». Ei stund seinare forlet han rommet og til eit piano. Han starta å spele på basstonane H-F#-G#-mønsteret om att og om att, og la etter kvart på akkordane H og A. Innan ein halvtime hadde han laga «well east-coast girls are hip, I really dig the styles they wear»-delen av songen. Dagen etter skreiv han og Mike Love ferdig resten av songen.

«California Girls» var den første av innspelingane til Beach Boys med vokal frå Bruce Johnston, som hadde kome inn i gruppa då Brian Wilson ikkje lenger ville delta på konsertane deira.

The Beatles refererte til songen i «Back in the U.S.S.R.», som vert rekna som ein hyllest til songen.

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

David Lee Roth-utgåve[endre | endre wikiteksten]

«California Girls»
Singel av David Lee Roth
frå albumet Crazy from the Heat
Utgjeve 1985
Innspelt 1985
Sjanger Pop
Lengd 2:50
Selskap Warner Bros.
David Lee Roth-kronologi
«California Girls» «Just a Gigolo»/«I Ain't Got Nobody»
(!985)

«California Girls» vart spelt inn av vokalisten i Van Halen, David Lee Roth på EPen hans frå 1985, Crazy from the Heat (med korvokal frå Carl Wilson og Christopher Cross). Denne utgåva nådde som originale tredjeplassen i USA.

David Lee Roth fekk lagd ein musikkvideo for utgåva si, regissert av Pete Angelus og David Lee Roth. Roth spelar ein turistguide som syner turistar stranda og dei obligatoriske badedraktmodellane. Ein av desse turistane er Jane Leeves som seinare spelte Daphne Moon i komiserien Frasier. Videoen vart nominert til fleire prisar på MTV.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The RS 500 Greatest Songs of All Time». RollingStone.com. http://www.rollingstone.com/news/story/6595916/california_girls/1. Henta 30. august 2009. 
  2. Boucher, Geoff (12. desember 2007), ‘California Girls’ The Beach Boys, Los Angeles Times, s. F-4, http://articles.latimes.com/2007/aug/12/entertainment/ca-socalsong12, henta 30. august 2009