Help Me, Rhonda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Help Me, Rhonda»
Singel av The Beach Boys
frå albumet Summer Days (and Summer Nights!!)
Utgjeve 5. april 1965
Innspelt 24. februar 1965
Sjanger Pop
Lengd 2:46
Selskap Capitol
Produsent Brian Wilson
The Beach Boys-kronologi
«Do You Wanna Dance?»
(1965)
«Help Me, Rhonda» «California Girls»
(1965)

«Help Me, Rhonda» er ein song skriven av Brian Wilson og Mike Love for det amerikanske popbandet The Beach Boys. Songen var den første singelen og songen (bortsett frå nokre julesongar på The Beach Boys' Christmas album) der Al Jardine syng solovokal. Songen vart først gjeven ut i mars 1965 på albumet The Beach Boys Today! som «Help Me, Ronda». Songen vart spelt inn på nytt og gjeven ut som singel på Capitol Records i april 1965, og denne gongen med namnet i tittelen stava som «Rhonda».

Singen gjekk heilt til topps i USA og vart den andre førsteplassen deira her etter «I Get Around». Han nådde 27. plass i Storbritannia. Songen er ofte å finne på samleplater med the Beach Boys og då er det som regel singelutgåva som er nytta.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Den originale utgåva av songen vart spelt inn i løpet av to dagar i Western Recording Studios i Hollywood den 8. og 19. januar 1965, med Chuck Britz som lydteknikar og Brian Wilson som produsent.

På instrumentsporet spelar Carl Wilson, Bill Pitman og Glen Campbellgitar, Billy Strangeukulele, Ray Pohlmanbassgitar, Leon Russellpiano, Hal Blainetrommer og paukar, Julius Wechterclaves, Billy Lee Rileymunnspel, Steve Douglas og Plas Johnsontenorsaksofon og Jay Miglioribaritonsaksofon. Al Jardine song solovokal, medan Carl, Dennis og Brian Wilson og Mike Love song korvokal.

Songen var opphavleg berre meint for albumet, men då radiostasjonar starta å spele songen, valde Brian Wilson å omarbeide songen og spele han inn på ny. Singelutgåva av songen vart spelt inn i Universal and Radio Recorders i Hollywood den 24. februar 1965, igjen med Chuck Britz som lydteknikar og han sjølv som produsent. Med på songen var dei faste Wrecking Crew-medlemmene som Hal Blaine på trommer og Carol Kaye på bassgitar. Beach Boys-medlemmene spelte òg på songen med Carl Wilson (gitar) og Brian Wilson (akustisk piano og Hammond B-3). Singelutgåva inneheld òg Al Jardine på solovokal med korvokal av Carl, Dennis og Brian Wilson, Mike Love og Bruce Johnston.

Murry Wilson bryt av innspelinga[endre | endre wikiteksten]

Under innspelinga av songen bryt far til Wilson-brørne, Murry, inn og kritiserar dei. Kritikken hans førte til at Brian Wilson ropar og skrik til han, før Murry Wilson forlet studioet og dei held fram innspelinga. Det heile vart fanga på lydband i studio og sirkulerer i dag mellom tilhengjarane deira.[1]

Utgåver[endre | endre wikiteksten]

Den første utgåva av songen finst på albumet The Beach Boys Today! frå 1965. Denne utgåva finst òg på samlealbumet Endless Summer.

Singelutgåva vart først gjeven ut som singel den 5. april 1965 og så på albumet Summer Days (and Summer Nights!!), den 28. juni 1965. Denne utgåva har eit anna arrangement og eit ord er endra i teksten.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Johnny Rivers spelte inn songen i 1975 på hans New Lovers and Old Friends (med Brian Wilson på korvokal). Denne utgåva nådde 22. plass i USA.

Ein seinare versjon vart gjeven ut av Kenny Young and The Eggplants.

Songen vart spelt av Ricky Martin i 2001 på ein hyllestkonsert til Brian Wilson.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. WFMU's Beware of the Blog: I'm A Genius, Too! The Murry Wilson Tapes

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]